Frå usikker handballspelar til «Noregs tøffaste homo» – Rogaland

NRK
NRK

Jo Haukeland Liadal sit på tribunen i Haraldshallen i Haugesund og kikar ut over hallen han har brukt store delar av sine barne- og ungdomsår i.

– Det er veldig rart å vere tilbake her. Hallen er heilt lik som før, men eg er ein heilt annan person i dag enn den eg var då eg spelte her. I dag er eg stolt over å vere homofil, seier han.

Jo Haukeland Liadal synes det er rart å vere tilbake i handballhallen der han brukte mange år på å skjule kven han eigentleg var.

Jo Haukeland Liadal sit i Haraldshallen i Haugesund og tenkjer tilbake på ungdomsåra i hallen.

Foto: Emma Bjelland Ingebrigtsen / NRK

I dag spelar haugesundaren handball i 2. divisjon for Vålerenga.

Men vegen til dit han er i dag har ikkje vore like lett.

Gjennom oppveksten sakna Liadal nokon å sjå opp til og nokon å relatere seg til – spesielt innanfor idretten.

– Eg hugsar eg kunne søke «Homo + elitespelar» på Google, utan at det dukka opp noko. Det gjorde at eg stilte meg sjølv spørsmål som «er det eigentleg mogleg å vere homofil samtidig som ein spelar på landslaget?»

Machokultur i garderoben

Liadal fortel om ei ungdomstid prega av skam, identitetsforvirring og eit sakn etter å vere ein av «gutta».

Machokulturen i handballmiljøet gjorde det vanskelegare å skulle fortelje lagkameratane at han var homofil.

– Det er ein machokultur innan sport generelt. Det er ganske dryge ting som kan bli sagt i garderoben, seier Liadal.

Han fortel om ein episode der ein trenar skal ha sagt «Er du jævla homo eller?» til ein på laget då han stod føre spegelen i garderoben og ordna håret sitt før ein kamp.

Liadal fortel at machokulturen i handballmiljøet gjorde det vanskelegare å skulle fortelje lagkameratane at han var homofil.

Machokulturen i handballmiljøet gjorde det vanskelegare å fortelje lagkameratane at han var homofil.

Foto: Emma Bjelland Ingebrigtsen / NRK

«Noregs tøffaste homo»

Tidlegare i vår kunne vi sjå 22-åringen på TV-skjermen i TV-programmet «Norges tøffeste» på NRK.

Liadal fortel at han gjennom programmet ville vise at ein kan vere tøff og delta i tøffe konkurransar – samstundes som ein er homofil.

Han ville vere det førebiletet han sjølv sakna då han var yngre.

Sjølv om han ikkje stakk av med tittelen «Noregs tøffaste», meiner han at ingen kan ta frå han tittelen «Noregs tøffaste homo».

Jo fra Norges tøffeste står i en tank med iskaldt vann

Då Jo Haukeland Liadal var med i årets sesong av «Norges tøffeste», ville han vere førebiletet han sjølv sakna som yngre.

Foto: Erlend Lånke SOlbu

Trur mange fell frå idretten

Nasjonal tryggleiksundersøking gjennomført i 2022 viser at langt fleire skeive opplever hatkriminalitet og hatefulle ytringar enn heterofile.

Heile 22 prosent av LHB-personane (homofile, lesbiske og bifile) i undersøkinga rapporterte at dei hadde vore utsett for minst ei valdshending i 2022 – meir enn det dobbelte som blant heterofile.

Liadal trur mange unge fell ifrå idretten fordi det kan vere vanskeleg å stå i negative haldningar og hatkommentarar som blir slengt ut på banen.

Handballbanen var lenge ein fristad for Jo.

Jo Haukeland Liadal trur mange fell ifrå idretten på grunn av negative haldningar til skeive.

Foto: Emma Bjelland Ingebrigtsen / NRK

Han fortel at han får meldingar frå unge som kjenner seg igjen i hans historie.

– Folk fortel at dei kanskje ikkje hadde slutta på fotball eller handball om dei hadde hatt nokon å relatere seg til.

Forsking på skeive sine erfaringar med idrett

Ifølge SSB blir 7 prosent av befolkninga mellom 18–79 år regna som LHB+ eller skeive. Likevel har det vore lite kunnskap og forsking rundt skeive sine erfaringar i idretten.

Mari Torvik Heian er seniorforskar og sosiolog ved Telemarksforsking.

Mari Torvik Heian er forskar og prosjektleiar for Telemarksforsking sitt forskingsprosjekt om skeive sine erfaringar med deltaking i breiddeidretten.

Foto: Even Lundefaret / Telemarksforsking

– Trass økt aksept og mangfald opplever skeive ungdommar betydeleg meir utanforskap, mobbing og hatefulle ytringar enn andre ungdommar, seier seniorforskar og sosiolog Mari Torvik Heian.

Heian er prosjektleiar for eit nytt pågåande forskingsprosjekt av Telemarksforsking om skeive sine erfaringar med deltaking i idretten.

Ho meiner forskingsprosjektet skal styrke kunnskapsgrunnlaget på eit felt det er lite forska på, både i Noreg og i internasjonal samanheng.

Håpar på endring

Liadal meiner det framleis er ein veg å gå i forhold til aksept for skeive i idretten.

I eliteseriekampar ser me at det blir ropt «jævla homo» etter spelarar. I Frankrike ser me ein Monaco-spelar som nektar å gå med LGBTQ+ støtte på drakta si. Det er mange dårlege haldningar i samfunnet, og det må vi jobbe med kvar dag, seier Liadal.

– Kva tenkjer du om at det no skal forskast på skeive sine erfaringar med breiddeidretten?

– Det er veldig bra. Det er eit problem at ikkje så mange tør å vere opne homofile i idretten. Eg håpar at dette kan vere med på å skape ei endring, seier Liadal.

Jo Haukeland Liadal

Jo Haukeland Liadal håpar på ei endring rundt haldningane til skeive i idretten.

Foto: Emma Bjelland Ingebrigtsen / NRK

Del denne artikkelen