– Eg synest det er fint. Sjølv om det er av plast, ser det fancy ut.
Reklamen frå Stavanger kommune dukka tilfeldigvis opp da Kim Elin Olsen bladde på sosiale medium under bryllaupsplanlegginga.
Servise av sukkerrøyr til leige, laga for å kunne bli brukt hundrevis av gonger.
Bra for både miljø og lommebok
– Vi har spart masse pengar på dette. Det er snakk om tusenlappar i forskjell, seier Olsen.
Alternativet ville vore å leige gjennom eit anna utleigeselskap. Det kunne blitt dyrt med gjestelista på 102 namn.
– Dette er veldig kjekt for miljøet, og veldig kjekt for lommeboka. Vi betaler ein tidel av kva vi ville betalt gjennom eit anna utleigeselskap, seier ho.
Bruda forklarer at ho prøver så godt ho kan å vere miljøbevisst. Ho er kunstnar, og lagar film og musikk som ofte har miljø i fokus.
Nå vil ho etterleve det ho syng om.
Henta inspirasjon frå utlandet
Det var Gabriele Brennhaugen frå klimaavdelinga i Stavanger kommune som først fekk ideen om at kommunen skulle leige ut servise.
I kommunen hadde dei snakka lenge om å gjere det lettare for folk å ta i bruk fleirgongservise, for å redusere bruken av eingongsservise og -emballasje i Stavanger.
Brennhaugen henta inspirasjon frå Tyskland, der dei i fleire år har nytta seg av plastservise til fleirgongsbruk på store festivalar, sportsarrangement og liknande.
– Hovudmålet er at vi skal bruke mindre ressursar. Det kostar veldig mykje energi og materiale å lage ting som berre skal brukast éin gong. Mens dette kan brukast hundrevis av gonger.
Plastserviset er laga av biologisk materiale, nærare bestemt sukkerrøyr, og toler fleire hundre gongers vask og bruk. Leigeprisen er ei krone for ein gaffel, to kroner for ein tallerken og meir for mugger, salatbollar og andre større einingar.
Per i dag har dei 1000 sett av plastserviset, som er nok til like mange menneske.
Ifølge Brennhaugen er det fleire kommunar som gjer ulike tiltak for å minske bruken av eingongsservise, for eksempel gjennom panteordningar. Likevel trur ho Stavanger kan vere første kommune med akkurat denne typen ordning.
Samarbeider med Arbeidstreningssenteret
Nå blir drifta profesjonalisert i samarbeid med Arbeidstreningssenteret i Stavanger.
Arbeidstreningssenteret tilbyr kommunale tiltaksplassar til personar som har behov for hjelp til å komme seg i arbeid.
– Dette gir utvida arbeidsoppgåver i form av kundekontakt og logistikkarbeid. I tillegg gir det veldig god språktrening, seier Sandra Dina Sæland Khorasani, som er jobbkonsulent hos Arbeidstreningssenteret.
Ho blir ikkje overraska dersom interessa for utleigeordninga aukar framover.
– Gjenbruk er veldig i vinden nå, så det trur eg det er veldig store moglegheiter for.
Publisert