Bryne FK er klare for Eliteserien, men det kostar mange millionar å oppgradere anlegget – NRK Rogaland – Lokale nyheter, TV og radio

NRK
NRK

– Eg storma ikkje banen. Det har eg ikkje føter til, smiler 91 år gamle Reidar Thu.

I 70 år har han heia på Bryne. I helga blei det nesten for mykje.

– Det var veldig anstrengande for det var så spennande og betydde så mykje. Eg hadde opprør innvendig, seier han.

Men opprykket har sin pris. For Eliteseriespel krev ein annan standard.

Reidar B. Thy på Bryne stadion

Reidar B. Thu har heia på Bryne i 70 år. Cupmeisterskapet i 1987 og opprykket sist laurdag er store hendingar i løpet av dei åra.

Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK

Dagleg leiar Hans Øyvind Sagen peiker mot garderoben, opp på tribunen, og ut på grasmatta.

– Vi treng fleire sitteplassar, kameraplattformer til blant anna VAR-kamera og oppgradering av garderobeanlegget.

I første omgang kostar oppgraderingane mellom 3 og 6 millionar kroner, men dei har også langsiktige kostnader knytt til banedekket. Det kan ende på pluss minus 15 millionar kroner.

Alt etter kva dei finn når dei byrjar å grave.

Ingen bekymring

Bryne FK må uansett gjere store endringar.

– Nå er det lisenskrav til at vi skal ha undervarme i banedekket. Då må vi sannsynlegvis skifte ut heile vatningsanlegget og sjå på grasmatta, seier Sagen.

Utan at det ser ut til å skape bekymring.

– Vi har ein god dialog med Fotballforbundet. Det kan hende vi får utsetjing på eit år, til 2026.

Dagleg leiar i Bryne FK, Hans Øyvind Sagen

Rundt 300 fleire sitteplassar er eit av krava Bryne må innfri i Eliteserien, fortel dagleg leiar Hans Øyvind Sagen.

Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK

– Har Bryne pengane til alt dette?

– Vi har pengar til å tenke ei trinnvis oppgradering. Vi har søkt litt spelemidlar og får tilskot frå kommunen til garderobane. Ein ting er å løyve pengar, men du får ikkje pengane før prosjekta er ferdige. Dermed må vi ha ei finansiering, og den delen må vi jobbe med. Då er det enten lånefinansiering eller andre måtar, seier han.

Fryktar spøkelsesstadion

– Det er fort gjort å gi veldig mykje gass i rein lykkerus, men det gjeld å tenke langsiktig.

Det seier Tor Geir Kvinen, førsteamanuensis ved Handelshøyskolen ved Universitetet i Agder, og ekspert på fotballøkonomi.

Han meiner det er tøft for ein klubb å rykke opp til øvste divisjon. Det blir stilt ei rekke krav til anlegg som kan koste dyrt.

Tor Geir Kvinen

Ekspert på fotballøkonomi, Tor Geir Kvinen, råder Bryne til å tenke langsiktig.

Foto: Privat

– Fotballforbundet stiller absolutte krav til mellom anna flaumbelysning, vatning, undervarme og garderobe, som ikkje genererer særleg med inntekter. Det som gir mest auke i inntekter er billettsal og sponsorinntekter.

Rådet er likevel ikkje å bygge ut store tribunefasilitetar.

– Mitt råd er å ikkje bygge for stort. Det er betre med ein utseld stadion enn å kunne fylle opp den eine gongen, som eg antar vil vere lokaloppgjeret mot Viking. Det er frykteleg dyrt med tomme seter.

Opprykk betyr ein auke i antal tilskodarar, men Kvinen tviler på at Bryne nokon gong vil bli ein skikkeleg toppklubb når det gjeld tal på tilskodarar.

– I verste fall står du igjen med ein spøkelsesarena, seier han, og meiner det er betre med rift om plassane enn mykje ledig kapasitet på stadion. Bryne bør lære av klubbar som har lukkast, og sist men ikkje minst, dei stadionprosjekta som har mislukkast.

Det ligg mykje læring i å dele kunnskap mellom klubbar.

– Vi får male litt på toalettet

Inge Brigt Aarbakke har gjennom verksemda Aarbakke AS sponsa Bryne FK i ei årrekke. Han trur det vil gå fint med Bryne i Eliteserien, men:

– Vi skal bygge på det vi har og ikkje rykke ned med gjeld, seier han.

Dei tilsette på Aarbakke møtte på jobb i Bryne-drakt og gullskjerf den første arbeidsdagen etter at opprykket var eit faktum. Det er tradisjon å markere med Bryne-drakt når laget har vunne kampar.

Ein av dei som var kledt i raudt og kvitt på jobb var Henning Lende. Han er ikkje bekymra for kva opprykket krev av kostbare oppgraderingar.

– Eg trur mykje er godt nok. Vi får male litt på toalettet, så går det nok bra, seier han.




Del denne artikkelen
Gi en kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

indian milf porn tube pimpmovs.info teachers sex video مو قع سكس porn-planet.org تعلم السكس rang rasiya movie sexyindianporno.com pornmms locanto calicut eroteenies.info sunny leone nude fuck bidesiya megeno.mobi funny xvideo
نياكه مصرى gokkoya.com مكتبه السكس junglegstrings porndor.org xxxdf sexsy freebigassporn.org افلام لحس الكس سكس عمان myvippy.com مص شفيف xnxxmumbai xshaker.net bipifota
pron moviea stripvidz.com desi hot xvideo افلام سكس رمنسي x-arab.com سكس امهات وصبي أجمل طياز pornochip.org مواقع سكس جماعي sexy bp hindi video videoxsearch.mobi xnxx kannada sex www sxe vidoes com swingersporntrends.com www. xvideos. com