Rogaland KrF går for Jonas Andersen Sayed på topp – NRK Rogaland – Lokale nyheter, TV og radio

NRK
NRK

– Eg kjenner på at ansvaret er stort. Eg legg ikkje skjul på det, seier Sayed frå talarstolen i misjonshallen på Sandnes då det er klart at partiet vil ha han på topp før stortingsvalet neste år.

Jonas Andersen Sayed

Sayed heldt tale etter at det blei klart at det var han som skulle toppe lista i partiet.

Foto: Erik Waage / NRK

Nominasjonskomitéen hadde før nominasjonsmøtet tysdag kveld innstilt Jonas Andersen Sayed og Hadle Rasmus Bjuland på delt førsteplass.

Og det kunne ikkje blitt tettare. For då resultatet av stemmene kom klokka 20 viste det seg at 61 av 120 hadde stemt på Sayed.

Hadle Rasmus Bjuland blir nummer to på lista.

– Det var ekstremt jamt og eg føler meg audmjuk for den tilliten eg har fått, seier Sayed til NRK.

Men det er nå jobben startar, ifølge toppkandidaten.

– Nå handlar det om å vere synleg og få fram KrF sin politikk. Både nasjonale saker som eg ønsker å løfte, men også å vere ein god representant for Rogaland og løfte fram dei sakene som er viktige for fylket.

Blei foreslått først i september

Det har vore litt att og fram i Rogaland KrF dei siste månadane. Først trakk Olaug Bollestad seg som leiar i partiet. Så takk ho nei til attval på Stortinget.

I september foreslo nominasjonskomitéen Sayed på førsteplassen. Dei ønskte seg Bjuland på andreplass, men då takka han nei.

Lista var berre eit forslag, og etter ny høyringsrunde i lokallaga blei det delt førsteplass til dei to på den endelege innstillinga frå nominasjonskomitéen.

Rundare i kantane

Jonas Andersen Sayed er først og fremst kjent som ordførar. Og mange vil kanskje seie at han er litt meir kommunalt orientert og vil vere oppteken av eit breiare saksfelt. Han har gjort eit godt inntrykk og har gode moglegheiter for å markere seg i rikspolitikken, seier politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen.

Tone Sofie Aglen

Politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen.

Foto: Ole Kaland / NRK

På kva måte?

Det er litt tidleg å seie, men vi har sett at han har imponert i rolla som ung ordførar. Han har eit vesen som gjer at han har gjort det bra nasjonalt også når han har vore med i debattar, seier ho.

Aglen trur Sayed vil vere ein breiare profil for KrF og rundare i kantane enn Hadle Rasmus Bjuland som ho beskriv som litt spissare og skarpare i kantane.

Kor viktig er denne førsteplassen?

Det kan høyrast ut som det betyr mest for Rogaland KrF, men KrF lever så farleg om dagen at ein kan risikere at han er ein av to sentrale politikarar for partiet framover. Så dette handlar også om kven KrF skal vere i framtida. Det er også sannsynleg at den KrF nominerer som sin førstekandidat også blir ny nestleiar i partiet, seier Aglen.






Del denne artikkelen
Gi en kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

indian milf porn tube pimpmovs.info teachers sex video مو قع سكس porn-planet.org تعلم السكس rang rasiya movie sexyindianporno.com pornmms locanto calicut eroteenies.info sunny leone nude fuck bidesiya megeno.mobi funny xvideo
نياكه مصرى gokkoya.com مكتبه السكس junglegstrings porndor.org xxxdf sexsy freebigassporn.org افلام لحس الكس سكس عمان myvippy.com مص شفيف xnxxmumbai xshaker.net bipifota
pron moviea stripvidz.com desi hot xvideo افلام سكس رمنسي x-arab.com سكس امهات وصبي أجمل طياز pornochip.org مواقع سكس جماعي sexy bp hindi video videoxsearch.mobi xnxx kannada sex www sxe vidoes com swingersporntrends.com www. xvideos. com