Haugesund lufthavn fryktar konkurs – NRK Rogaland – Lokale nyheter, TV og radio

NRK
NRK

– Vi er i ei kritisk fase og det har vi for så vidt vore ei tid, seier Martin Laurhammar. Han er styreleiar i Lufthavndrift AS som har drive flyplassen på Karmøy sidan mai 2019.

I eit brev til Avinor datert 12. november, varslar selskapet at dei kan måtte innstille drifta.

Det var Haugesunds Avis som meldte om saka først.

Underskotet for 2024 ligg an til å bli 21 millionar kroner.

Neste år må rullebanen og lysanlegget oppgraderast for mellom 50 og 75 millionar kroner.

Det er pengar Lufthavndrift ikkje har.

Martin Laurhammar

Styreleiar Martin Laurhammar.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

For sjølv om flytrafikken er tilbake til normalen etter tre tøffe pandemi-år, tapte dei mykje pengar i denne perioden.

I tillegg har staten dei siste åra gjort fleire avgiftsgrep som gjer at inntektene er blitt vesentleg lågare enn forventa.

Fryktar verksemder vel vekk Haugesund

At flyplassen er på veg mot konkurs blir ikkje tatt godt imot av dei reisande.

– Det er ikkje bra! Dette er ein flyplass eg brukar veldig mykje, seier Knut Magne Vågen.

Han reiser med fly nesten kvar veke i jobbsamanheng. Mellom Haugesund og Hammerfest.

Flypassasjer Knut Magne Vågen.

Flypassasjer Knut Magne Vågen håpar ikkje flyplassen forsvinn.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Det er store næringslivsaktørar som eig Lufthavndrift. For dei er flyplassen avgjerande for å kunne drive verksemd frå denne regionen.

– At dei vil har hovudkontora sine her utan flyplass, er nok lite sannsynleg i framtida, meiner Laurhammar.

Stille frå Samferdselsministeren

I haust bad han samferdselsminister Jon-Ivar Nygård om eit møte for å gjere greie for situasjonen, men har ikkje fått svar.

NRK sende fleire spørsmål til departementet og ministeren fredag morgon.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) besøker ulykkesstedet der en lokfører omkom da et tog sporet av langs Nordlandsbanen.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg

Fredag ettermiddag skriv senior kommunikasjonsrådgjevar Frøydis Tornøe dette i ein e-post:

– Samferdselsministeren planlegg å møte Lufthavndrift AS og har foreslått eit møtetidspunkt i neste veke. Då møtet ennå ikkje er gjennomført, er det ikkje naturleg å svare på desse spørsmåla nå.

Avinor kan vere ei løysing

For å sikre flyplassen på kort sikt, meiner Laurhammar ei løysing kan vere at Avinor overtar, men at Lufthavndrift driv flyplassen og at dei finn ei ordning i lag.

Avinor skriv i ein e-post til NRK at dei forhalder seg til varselet dei har teke imot frå Lufthavndrift og at dei vil avvente til saka er diskutert med Samferdselsministeren.

– Avinor har heile vegen vore tydelege på at vi ønsker at Lufthavndrift skal lukkast med si satsing. Drifta har fungert bra ved sida av Avinor-systemet, skriv Anders Kirsebom.

Anders Kirsebom, Konstituert direktør flysikring Avinor

Anders Kirsebom i Avinor.

Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen / Avinor

Han er konserndirektør for regionale lufthamner i Avinor. Han legg til at det er Stortinget som kjem fram til korleis lufthamnstrukturen skal vere i Noreg og at Avinor driv dei lufthamnene dei har fått i oppdrag å drive.

– Avinor kan ikkje ta ein avgjerd knytt til den framtidige drifta av Haugesund lufthavn eller modellen denne blir drifta på, seier han.






Del denne artikkelen
Gi en kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *