– Du kan sitte her og nærast sjå at det veks.
Odd Sømme ser ut over Figgjoelva i Rogaland. Her har han vore oppsynsmann i over 20 år. Han har med eigne auge sett vasspesten breie om seg i elva.
Elva er kjent som ei god elv for laksefiske, og er populær blant fiskeglade nordmenn, blant dei vår eigen Kong Harald. Han har vore ein trufast gjest ved elvemunningen ved Jærkysten med flugestonga i handa.
Men nå er livet i elva trua.
Akvarieplante på ville vegar
Vasspest er ein framandart som til nå har spreidd seg til over 100 innsjøar og elvar på Sørvestlandet, Austlandet og i Trøndelag.
I Figgjoelva har vasspesten ført til at det har bygd seg opp eit tjukt lag med mudder i botnen av elva. Mudderet og den tette masseveksten skaper problem for fiskelivet.
– Eg trur ikkje det er ein einaste elvemusling igjen. Dei er drepne av tjukke lag med mudder som ligg overalt, seier Sømme.
Fisk og musling i elva trivst best på stein- og grusbotn, og vil ha problem med formeiring slik elva ser ut nå.
– Det er ikkje ein fisk som gyter her nedst i elva nå lenger.
– Kan vere ein del av løysinga
Sjølv etter gjentatte forsøk for å halde vasspesten unna, er delar av Figgjoelva nesten grodde igjen av den lange grøne planten.
Planten blir jamleg klipt, men veks seg fort lang igjen og er svært vanskeleg å bli kvitt.
Men ein nye metode kan nå gi håp.
Saman med Figgjo elveeigarlag og Søndre og Nordre Sele Laksefiskeri skal Norges Jeger- og Fiskerforbund teste ut metodar for å avgrense skadane som vasspesten medfører. Med seg på laget er også forskar ved Norce LFI, Ulrich Pulg.
Nå skal dei prøve å spyle vekk mudderlaget i elva ved hjelp av ein kraftig vasspylar.
– Det er ein skånsam metode med utspyling. Der ein verkeleg kan ta omsyn til lokale forhold, elvemuslingar, gyteplassar og så vidare, seier Pulg.
Han meiner spylinga er ein lovande metode for å drive skjøtsel med vasspesten, utan å måtte gjere store terrenginngrep.
Sjølv om ein ikkje kan klare å utrydde vasspesten, meiner likevel Pulg at tiltaket er fornuftig.
– Det er det ein må gjere i sånne situasjonar. Har ein tukla med elva, må ein drive ein slags skjøtsel for å kunne sørge for at både fisk og elvemusling kan leve der, men også for å få flaumvatnet ut av vassdraget. Viss du ikkje gjer det, aukar faren for flaum.
Komme av menneskeleg innblanding
Det er ikkje tilfeldig at vasspesten dukka opp i Figgjo. Pulg meiner årsaka er menneskeleg inngrep i elva.
– Vasspest er eit symptom på ting som er endra i vassdraget.
Store delar av elva er grave ut og kanaliserte for å drenere landbruksareal. Det har resultert i altfor låge vasshastigheiter i det kunstige løpet. I tillegg er det mange næringsstoff frå landbruk og forureining.
Så blei ein framand art innført, vasspesten.
Til saman har dette ført til den eksplosjonsaktige veksten.
Pulg meiner det er to moglegheiter for å skape betre forhold for fisk og musling i Figgjoelven:
– Det første er vedlikehald og skjøtsel. Planten blir fjerna, forhåpentleg utan å skade naturmiljøet elles. Dette blir gjentatt, kanskje kvart år. Det andre er å restaurere elva slik ho var. Forureininga må avgrensast og straumen i vatnet aukast. Det vil redusere veksten av vasspest og med dette også vedlikehaldsbehovet.
Stort invasjonspotensiale
Forskarer her berekna at spreiinga av vasspest berre vil auke på i åra framover.
Klimaendringar med høgare temeraturar fører til lengre vekstsesong og meir tilførsel av næringsstoff til vassdrag. Dette gjev gode veksttilhøve for vasspest.
Artsdatabanken reknar med at vasspest vil spreie seg til nesten heile landet dei neste 50 åra, og tre gonger så mykje areal av elver og vassdrag vil få vasspest. Truleg er det berre Troms og Finmark som slepp unna.
Vasspest vert vurdert til å ha særs høg økologisk risiko, fordi vassplanta har eit stort invasjonspotensial i kombinasjon med store negative økologiske effekter, er vurderinga til forskarane.
–Må gjere noko no
Oppsynsmann Odd Sømme har eit sterkt ønske å få rydda opp i Figgjoelva. Ikkje minst i eit håp om at kong Harald på nytt vil besøke favorittelva i Rogaland.
– Vi får jo høyre med han, om han kan komme tilbake igjen og bruke ei av favorittflugene sine, som han har fått av meg.
Publisert