– Per no er det ikkje brot. Vi snakkar saman og får sjå kor lenge vi kan halde på før vi må ta andre grep, seier stavangerordførar Tormod Losnedal (H) til NRK på veg ut av gruppeleiarmøte med samarbeidspartia i dag.
Per no?
– Vi må lande eit eller anna. Og så er det ulike parti med ulike krav. Nokon må jenke seg litt, seier Losnedal.
Politikarane i Stavanger står no midt i ein krevjande budsjettforhandling, der kommunedirektøren foreslår eit kutt på 250 millionar kroner.
Høgre har saman med Venstre, KrF, Framstegspartiet, Pensjonistpartiet, og den nå uavhengige representanten Sissel Knutsen Hegdal, knappast mogleg fleirtal i bystyret i Stavanger.
Dei sit no med 34 mot 33 representantar.
Men samarbeidet er skjørt.
Førre veke skreiv Stavanger Aftenblad at det gjekk mot brot for samarbeidspartia. NRK fekk også stadfesta desse opplysningane frå ei kjelde internt i Høgre.
I dag er det bystyremøte. I forkant var det møte mellom gruppeleiarane i det borgarlege samarbeidet.
Ikkje samde om eigedomsskatt
Ifølge kjelder NRK har snakka med er det først og fremst stor usemje knytt til fjerning av eigedomsskatten som er årsaka til den dårlege stemninga.
Det har også vore usemje rundt verv heldt av den avgåtte Stavanger-ordføraren Sissel Knutsen Hegdal.
Dette blei avklart i dag, og den tidlegare ordføraren har varsla at ho vil trekke seg frå verv i tre interkommunale selskap.
Ordførar Tormod Losnedal stadfestar i dag at eigedomsskatt er noko samarbeidspartia diskuterer.
– Det er ei av dei tinga vi diskuterer. Ein kan ikkje utelukke nokon ting. Min jobb er at vi har eit budsjett. Det avgrensa kor lenge vi kan dra dette ut, seier han til NRK.
– Ingenting er over før det over
Gruppeleiar i Frp, Leif Arne Moi Nilsen, heldt korta tett mot brystet på veg ut av gruppeleiarmøte i dag.
– Det er forhandlingar i morgon, seier han.
– Vi skal forhandle til vi får eit resultat eller ikkje. Enten så blir det eit resultat, eller ikkje, held han fram.
Er eigedomsskatt viktig for dykk?
– Eigedomsskatt er viktig, seier Moi Nilsen.
Kristoffer Sivertsen, som forhandlar fram budsjettet for Frp, seier til NRK at han trur på eit borgarleg samarbeid i Stavanger framover.
– Vi held fram med forhandlingane slik vi har lagt opp løpet, og reknar med vi får på plass eit godt borgarleg budsjett, seier han til NRK.
Kritikk frå sentrum
– Det er forferdeleg trist at vi har hamna i ein slik situasjon at byen overfor omverda ser ut som han ikkje har politisk styring i det heile tatt, seier Birger Wikre Hetland til NRK.
Han er gruppeleiar for Senterpartiet i Stavanger bystyre.
Hetland meiner sentrum no må samle seg for å snarast mogleg og finne ei ny løysing saman med raud side.
Frir du no til KRF og Venstre?
– Eg frir til KrF og Venstre til ei kvar tid, seier Hetland.
– Med ein god kopp kaffi så fiksar vi det. Dette er ein invitasjon, held han fram.
Kven har skulda?
– Eg oppfattar at her er det Høgre aleine som har heile skulda, og viser seg totalt styringsudyktige for Stavanger kommune.
Knapp månad til budsjettet skal bli vedtatt
Samarbeidspartia er avhengige av Sissel Knutsen Hegdal si stemme for å få gjennom budsjettet.
Ho har meldt seg ut av Høgre, men har tidlegare varsla at ho vil fortsette å samarbeide med samarbeidspartia.
Det er ein knapp månad til politikarane skal vedta budsjettet for 2025. Dette skjer den 16. desember.
Forhandlingane mellom fleirtalspartia skal halda fram tysdag kl. 14.
Ifølge Leif Arne Moi Nilsen i Frp skal dei ha på plass ei skisse over budsjettet innan fredag.
Publisert