Regjeringa og opposisjonen er ueinige om kor stør støtta til Ukraina bør vere.
I år gir Noreg 27 milliardar kroner i støtte, men i forslaget til statsbudsjett for 2025, var dette kutta til 15. milliardar kroner.
Dette meiner opposisjonen er altfor lite, og har kravd ein auke i støtta. Høgre har foreslått at det blir løyvd 45 milliardar kroner neste år.
Difor møtte regjeringa dei parlamentariske leiarane på Stortinget tysdag, for å drøfte vegen vidare for støtta.
Etter møtet sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at regjeringa forslår å doble forslaget til minst 30 milliardar kroner.
– Det er ein meir alvorleg situasjon i Ukraina. Og vi ønsker at Noreg skal vere tydeleg og leiande i støtta til den motstandskampen Ukraina har.
Vil ha ei avgjerd torsdag
I tillegg til å støtte Ukraina militært, ønsker regjeringa også at pengane skal bli brukt til å sikre og bygge opp elektrisk kapasitet og kraftforsyning i Ukraina.
Partia på Stortinget skal no drøfte forslaget i partigruppene.
Sjølv reiser Støre til Stockholm for å møte statsministrane i dei nordiske og baltiske landa. Også den polske statsministeren skal delta.
– Støtte til Ukraina blir eitt av tema på dette møtet, seier Støre.
Og så har regjeringa avtalt eit nytt møte med partia på Stortinget for å konkludere om den norske støtta torsdag ettermiddag.
Høgre ønsker meir pengar
I sitt Høgres alternative forslag til budsjett, hadde partiet lagt inn 45 milliardar kroner til Ukraina. Og sjølv om regjeringa no doblar sitt opphavelege forslag, meiner Høgreleiar Erna Solberg det ikkje er nok.
– Vi meiner situasjonen i Ukraina krev enda større innsats enn det regjeringa har lagt på bordet. Vi har sagt at 45 milliardar ville vere den rette summen, slik det er i dag. Vi er også opne for at vi kanskje må bruke meir. Det viktigaste er at det gir effekt i Ukraina.
Ho peikar på to område der ho meiner det trengst meir pengar i Ukraina. Det gjeld energisektoren som har vore eit mål i bombinga, og som er viktig for å få Ukraina til å fungere, og så meiner ho det er viktig å bygge opp Ukrainas kapasitet til å produsere ammunisjon og våpensystem sjølve.
– Vi ser særleg på droneområdet at dei ligg langt framme med stor kunnskap. Vi meiner dette er viktig å støtte opp under.
Rom for meir
Også Venstre meiner det er rom for å gi langt meir pengar til Ukraina enn det som regjeringa har lagt opp til.
– Vi kan auke støtta med 89 milliardar og framleis vere innanfor handlingsregelen. Vi veit at behovet til Ukraina er enormt, og at det er viktig for vår tryggleik at Ukraina vinn denne krigen, seier Venstre-leiar Guri Melby.
Ho får støtte frå Rasmus Hansson i MDG, som også meiner ein auke ikkje vil sette norsk økonomi i fare.
– Vi har forslått å auke med 65 milliardar kroner, slik at den totale summen per år kjem opp i 80–90 milliardar kroner. Når vi kan, bør vi også gjere det.
Det er også enkelte internt i Arbeidarpartiet som meiner det er rom for å gi meir pengar til Ukraina. Gruppeleiar i Stavanger Ap, Dag Mossige, har tidlegare meint at summen for neste år burde vore 90 milliardar kroner.
– Den beste måten vi kan trygge oljefondet på er å investere oljepengar i Ukraina. Fell Ukraina står vi overfor eit potensielt enormt verdifall i oljefondet, seier han tysdag.
Meiner det er viktig med kontroll
Framstegspartiet meiner også at det er viktig å halde fram med støtta til Ukraina, men dei har ikkje talfesta kor mykje pengar dei meiner det er behov for, slik fleire av dei andre partia har gjort.
– Vi skal diskutere dette i stortingsgruppa vår, og tek med oss det utgangspunktet regjeringa har gjeve oss, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug.
Men ho åtvarar mot at dette utviklar seg til å bli ein bodkrig, at vi gir pengar ukritisk til det krigsherja landet.
– Ukraina er det nest mest korrupte landet i Europa, etter Russland. Difor er det ekstremt viktig at vi er opptekne av kva pengane skal gå til.
Publisert
Oppdatert