Parkeringshuset Bølgå i Haugesund sentrum er stengt på ubestemd tid. Årsaka er at det er høyrt uforklarlege drønn inne i parkeringshuset.
– Det kan vere ei naturleg forklaring, men det er to observasjonar på ulike tidspunkt, seier styreleiar i Haugesund Parkering, Ole Ben Pedersen.
Parkeringshuset blei stengt laurdag kveld. Også fleire sentrumskvartal var stengde. Vegane blei opna igjen, og dei som hadde bilar i huset fekk hente bilane på dagtid sundag.
Ifølge Haugesunds Avis skal det også ha blitt gjort observasjonar av at golvet har vore i rørsle.
Kommunen og spesialistar er i gang med å undersøke parkeringshuset. Frykta er at det er svikt i konstruksjonen. Ifølge Pedersen skal det bli gjort fleire undersøkingar i dag.
Parkeringshuset vil vere stengt fram til undersøkingane er ferdige.