Selskapet blir den største uavhengige olje- og gassprodusenten på britisk sokkel, ifølge Equinor sjølv.
Det nye selskapet skal vere 50 prosent eigd av begge dei to oljegigantane.
– Dette opnar eit nytt kapittel der selskapa framleis vil vere betydelege aktørar i britisk energiindustri, skriv Equinor i ei pressemelding.
Selskapet skal halde til i Aberdeen i Skottland og skal omfatte Equinor sine eigardelar i Mariner, Rosebank og Buzzard, og Shells eigardelar i Shearwater, Penguins, Gannet, Nelson, Pierce, Jackdaw, Victory, Clair og Schiehallion.
Ei rekke leitelisensar skal også inngå i fusjonen.
– Equinor har vore ein påliteleg energipartnar for Storbritannia i over 40 år gjennom å levere olje og gass, utvikle havvindbransjen og framme avkarbonisering. Denne transaksjonen styrkjer Equinors kontantstraum på kort sikt, seier konserndirektør for Leting og produksjon internasjonalt i Equinor, Philippe Mathieu.
Ved å slå saman Equinor og Shell sine eigedelar kjem det nye oljeselskapet til å spele ei avgjerande rolle for å sikre Storbritannias energiforsyning, seier han.
Equinor har om lag 300 tilsette i olje- og gasstillingar i Storbritannia, medan Shell har om lag 1000 tilsette i liknande olje- og gasstillingar.
Publisert
Oppdatert