– Bienvenue, velkommen, welcome … Eirik Horneland, skriv den franske storklubben Saint-Étienne på Instagram.
Klubben stadfestar med dette at Eirik Horneland (49) går frå jobben som Brann-trenar og blir hovudtrenar for Saint-Étienne. Horneland har signert kontrakt til 2027.
Den franske storavisa L’Equipe skreiv i går at Saint-Étienne var einig med Horneland om ein avtale som gjer han til den nye hovudtrenaren for klubben.
Dette skjer kort tid etter at Horneland fortalde at han gav seg i Brann og forklarte at han søkte nye utfordringar.
Brann-assistenttrenar, Hassan El Fakiri, blir også med på flyttelasset til Frankrike.
– Det er viktige brikker som forsvinn, seier fotballekspert i NRK, Carl-Erik Torp.
Tar med seg El Fakiri
Ifølge Bergensavisen ville Horneland sin assistenttrenar og toppspelarutviklar, Hassan El Fakiri (48), «bli med på lasset» for å jobbe med Horneland.
No stadfestar Brann dei to tilsettingane i ei pressemelding.
– Eg reiser ut for å bli ein betre trenar, og håpar at eg ein dag kan komme tilbake og gjere ein endå betre jobb for Brann, seier El Fakiri.
El Fakiri har spelt for Brann i to periodar. Først halve 2000-sesongen, då han blei selt til franske Monaco, før han kom tilbake i 2007 og blei i Brann ut 2014-sesongen.
Han kom tilbake til Brann som trenar for klubben sitt G16-lag frå 2018. Før 2022-sesongen blei han toppspelarutviklar og ein del av teamet rundt A-laget.
– No har eg vore i klubben i nesten 15 år, både som spelar og som trenar. Det har vore ein barndomsdraum som har gått i oppfylling og eg vil takke klubben, supporterane, byen og alle folka i klubben. Eg håper dette er eit «på gjensyn», og ikkje «adjø», seier El Fakiri.
– Litt krise
– Det er litt krise, seier fotballekspert i NRK, Carl-Erik Torp når han får vite at både Horneland og El Fakiri går til Saint-Étienne.
Han seier Horneland og El Fakiri er to viktige kontinuitets-bærar.
– Eg trur mange i og rundt klubben er leie seg for at dei forsvinn. Ikkje berre fordi at dei har bidratt til at klubben har tatt store sportslege steg, men dei er veldig flotte folk.
Torp seier det er problematisk at endå ei viktig brikke i trenarteamet til Brann forsvinn.
– Det er problematisk. Då må ein erstatte endå fleire folk.
Han seier trenarvalet no er kanskje det viktigaste valet Brann har måtte ta på 10–20 år.
– Det handlar om framtida til klubben, og å halde fram i same sporet. Dei var jo så fint på veg, og har gjort så mykje bra dei siste åra, seier Torp.
Tredje sist
I starten av veka meldte L’Equipe at Horneland var favoritt til å ta over trenarjobben i Saint-Étienne.
Klubben sparka Olivier Dal’Oglio sist helg etter ei rekke svake resultat.
Saint-Étienne ligg tredje sist i den franske eliteserien, Ligue 1.
Neste seriekamp er heime mot Reims, den 4. januar.
Publisert
Oppdatert