– Det spørst jo på økonomien. Om ein må gi noko ein allereie har, så køyr på. Jula er jo dyr, seier Ida Helgeland.
Ho er straks i mål med årets julehandel.
Ingen av gåvene ho skal gi i år er såkalla regifts eller gjenbruksgåver.
Men kva om ei av gåvene frå henne blir ei regift?
– Viss du veit at ei gåve du har gitt blir gitt vidare til nokon andre, så kan det stikke litt, seier ho.
Kvinner er mest positive
Ei undersøking utført av Norstat for NRK viser at seks av ti meiner det er greitt å få ei regifta gåve og å gi bort ei gåve dei har fått av nokon andre.
1006 personar har svart på undersøkinga.
Blant dei mellom 30 og 39 år svarar heile 77 prosent at regifting er innafor.
Både å få og å gi.
Dei over 80 er skeptiske. Berre ein tredjedel kunne gitt ei gåve vidare. Mens fire av ti hadde blitt glade for ei regift.
Mottakaren eig ikkje gåva
Ofte kan gåver bytast. Men ikkje alltid.
Skal ein berre ha dei i skåpet eller kan nokon andre få glede av dei?
– Ein kan oppleve det som utakksam om ein ikkje set nok pris på gåva ein får, seier Espen Gamlund.
Han er professor i filosofi på Universitetet i Bergen og har skrive boka Takknemlighetens filosofi. Eit heilt kapittel handlar om gåver.
Er det greit å gi gåver vidare?
For ei gåve er ikkje berre ei gåve. Faktisk kan den som gir oppleve eigarskap til gåva, seier Gamlund.
– Du som gåvemottakar har forventningar knytt til kva du skal få, men den som gir gåva har spesielle ønsker og behov knytt til kva dei vil gi deg og forventningar om kva du skal sette pris på, seier han.
Mykje står på spel. I nokre tilfelle relasjonar.
Genseren frå svigermor
– Viss du får ein strikkegenser av svigermor, bør du bruke den inni mellom. Har du den aldri på deg, kan ho mistenke at du kanskje ikkje var spesielt fornøgd med gåva og då kan det oppstå murring i relasjonen, seier han.
Men det finst fleire syn på gåver. For nokon er nytteverdien viktigast.
Og ein genser som berre ligg i skåpet kan kanskje gi glede til nokon andre.
– Men sørg for at personen du fekk den av aldri får vite at du gav den vidare. Og pass på at den som får genseren ikkje er bestevenn med den du fekk han av, råder Gamlund.
Delte syn i familien
I Haugesund er Morten Åsbu og sambuaren Inger Helene Petterson på julehandel.
Dei skal snart lære at dei er ueinige om regifting.
Heilt i tråd med resultata frå undersøkinga som viser at kvinner er meir positive enn menn.
– Har du fått ei gåve må du ta vare på den og vise at du er fornøgd, seier Åsbu.
– Om ho som står ved sida av deg hadde fått ei gåve av deg og gitt den vidare til nokon andre. Korleis hadde du reagert?
– Då hadde ho ikkje fått ei gåve igjen, seier han før sambuaren bryt inn:
– Viss du får ei gåve du ikkje likar og gir den vidare til nokon som verkeleg vil ha den, så er jo det heilt greitt!
Vil ha meir regifting
Ida Thomassen er nestleiar i miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender.
Ho vil gjerne at regifting skal bli meir vanleg.
– Forbruket vårt er ikkje berekraftig og julehandelen er ein del av det enorme problemet. Har du noko liggande heime som du fekk i gåve ein gong, og som du ikkje treng eller som ikkje passar, sørg for at nokon andre kan bruke det, seier ho.
Den perfekte gåva
Kva med ønskeliste? Det kan vel løyse mange gåveproblem?
Ikkje for Gamlund. Han meiner ønskelister er ein uting.
Unntaket er barn.
– Eg som gåvegivar skal få lov til å bestemme kva eg har lyst å gi til ein person. Det skal ikkje vere eit bestillingsverk. Det blir ein utveksling av materielle verdiar som har liten verdi.
Dessutan er det då den perfekte gåva blir til, meiner han.
– Då får mottakaren noko hen ikkje visste at hen ønska seg, og blir rett og slett kjempeglad for at du har klart å tenke på noko du trudde den personen ville ha glede av. Det må verre den perfekte gåva, tenker eg.
Hei!
Velkommen til dialog hos NRK. Siden du er pålogget andre NRK-tjenester så slipper du å logge
inn på nytt her, men vi trenger ditt samtykke på våre brukervilkår for dialog på nett
Publisert