Universitetsdirektør i Stavanger meiner ein bør ta vekk lærarutdanninga – NRK Rogaland – Lokale nyheter, TV og radio

NRK
NRK

– Rekrutteringa til læraryrket er ekstremt dårleg, og nå må vi tenke heilt nytt. Vi treng ikkje ei eiga lærarutdanning som er forankra i pedagogikk, meiner Egil Kristensen.

Han er fakultetsdirektør ved Handelshøyskolen på Universitetet i Stavanger (UiS).

Kristensen peikar på at det er ein internasjonal trend at stadig færre søker seg til læraryrket.

Læraren: – Ulik pedagogikk til ulike elevar

– Vi har prøvd mjuke måtar å nærme oss rekrutteringsproblemet på, som for eksempel å prøve å snakke fram læraryrket, men det hjelper ikkje. Alle ser jo det, fastslår fakultetsdirektøren.

Kaja Østerbø og førsteklassingar ved Vaulen skole i Stavanger

Kaja Østerbø med elevar som starta på Vaulen skole i haust. Ho kunne tenkt seg meir praksis, men ho vil behalde lærarutdanninga.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

På Vaulen skole i Stavanger tar dei ikkje imot forslaget med opne armar. Stine Lindø og Kaja Østerbø har begge tatt lærarutdanning, og dei meiner utdanninga var nødvendig.

– Det er forskjell på å fenge seksåringar og 16 -åringar. Det er forskjellig pedagogikk knytt til det, seier Lindø.

Østerbø ville endra fleire ting med utdanninga, men ho kan ikkje fjernast heilt, meiner læraren.

– Vi har snakka ein del om at det burde vore ein annan type praksis, eller meir praksis, seier ho.

Stine Lindø ved Vaulen skole i Stavanger

Stine Lindø meiner pedagogikken ligg til grunn for å undervise.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

– Menneskekunnskap

Egil Kristensen ved UiS trur at ved å legge ned lærarutdanninga, kan ein opne skolen for folk som har studert alle slags fag. Bra for kjønnsbalansen og fagsamansetninga, meiner han.

Han ser for seg at lærarar i framtida kan hoppe mellom skolen og andre yrke, slik som i arbeidslivet elles.

– På denne måten får vi lærarar med ulike typar erfaringar, og som ikkje så lett brenner seg ut.

Egil Kristensen, fakultetsdirektør ved Handelshøyskolen på UiS.

Egil Kristensen ser for seg eit mindre team med pedagogar på skolane som kan inngå i ei ressursgruppe for å støtte lærarar utan pedagogisk utdanning, ikkje minst dei som skal jobbe med dei yngste elevane.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Han meiner vi må bort frå tanken om at læraryrket er eit kall.

– Den tilnærminga er vanskeleg å svelge for unge, som ønsker mykje større fleksibilitet enn før.

Han trur ikkje det kjem til å bli vanskeleg å handtere elevar med tunge utfordringar, sjølv om ein ikkje har pedagogisk utdanning.

– Det ein treng av lærarar, er menneskekunnskap. Nokre lærarar er flinkare til dette enn andre. Og da handlar det ikkje om ein har pedagogisk utdanning eller ikkje.

– Mange tilgjengelege for læraryrket

Kristensen peikar på at fleire i dag er innom skolesektoren ein kort periode, utan at dei har høve til å få fast jobb.

– Mange av desse er veldig flinke, og dei trivst godt, men dei må slutte etter ei stund fordi dei ikkje har pedagogisk bakgrunn. Det er trist.

Direktøren trur ikkje utspelet blir tatt godt imot på alle lærarrom.

Gunn Reidun Tednes-Aaserød, rektor ved Vaulen skole i Stavanger

Gunn Reidun Tednes-Aaserød er rektor ved Vaulen skole i Stavanger. Ho støttar fakultetsdirektøren, men berre delvis.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

– Men poenget mitt er ikkje å kritisere dagens lærarstand. Eg foreslår derimot noko som kan løyse rekrutteringsutfordringane til læraryrket, seier han.

Eller som han skriv i ein kronikk i Stavanger Aftenblad: Legg ned lærarutdanninga.

Sjefen til dei to lærarane på Vaulen, Gunn Reidun Tednes-Aaserød, seier ho «hevar augebrynet og set kaffien litt i halsen».

– Men at lærarutdanninga er moden for ein god revisjon, det følger eg.

Hø støttar også læraren sin som vil ha meir praksis.

– Vi diskuterer ganske ofte rundt lunsjbordet i personalrommet at det hadde vore lurt å ha eit turnusår som nyutdanna lærer. For oss som jobbar på 1. til 7. trinn, var ikkje masterutdanning det smartaste grepet.

– Skakande mangel på forståing

Truls Johansen Hagland er leiar av Utdanningsforbundet i Stavanger. Han er provosert over utspelet.

– Han viser ein skakande mangel på forståing av kva er ein lærar er.

– Kvifor er pedagogikk viktig i skolen?

– Ein må hugse at læraren er den som har kunnskapen om faga, elevane, om barns utvikling, og korleis det sosiale spelet i gruppa er. Pedagogikk handlar om å kunne behandle ei gruppe med barn, sjå kvar enkelt, og sjå samspelet mellom dei.

Truls Johansen Hagland, leder av Utdanningsforbundet Stavanger.

Truls Johansen Hagland, leiar av Utdanningsforbundet i Stavanger, peikar på at det innan lærarutdanningane også skjer mykje forsking som er viktig for å vidareutvikle yrket.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Vil ein person med lærarutdanning alltid vere betre kvalifisert enn andre til å jobbe i skolen?

– Nokon vil alltid vere godt eigna ut frå personlege kvalifikasjonar. Men på gruppenivå er det viktig å ha lærarar som har gått gjennom dagens utdanningsløp med praksis og tett kontakt med skolen, avsluttar forbundsleiaren.




Del denne artikkelen
Gi en kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

indian milf porn tube pimpmovs.info teachers sex video مو قع سكس porn-planet.org تعلم السكس rang rasiya movie sexyindianporno.com pornmms locanto calicut eroteenies.info sunny leone nude fuck bidesiya megeno.mobi funny xvideo
نياكه مصرى gokkoya.com مكتبه السكس junglegstrings porndor.org xxxdf sexsy freebigassporn.org افلام لحس الكس سكس عمان myvippy.com مص شفيف xnxxmumbai xshaker.net bipifota
pron moviea stripvidz.com desi hot xvideo افلام سكس رمنسي x-arab.com سكس امهات وصبي أجمل طياز pornochip.org مواقع سكس جماعي sexy bp hindi video videoxsearch.mobi xnxx kannada sex www sxe vidoes com swingersporntrends.com www. xvideos. com