Det fortel sjåførens forsvarar Hege Veland til NRK i dag.
Forsvararen fortel at dei to er gamle kollegaar, men at dei ikkje har hatt kontakt dei siste åra.
Det var derfor uventa når den nå avdøde 40-åringen kom på døra natt til laurdag.
40-åringen skal ha fortalt han at han hadde med seg eit våpen.
Mannen i 50-åra valde derfor å bli med i bilen av omsyn til familien som var heime, fortel Veland.
– Han opplevde det som ein trusselsituasjon, seier Veland.
Etter kvart skal dei to ha reist tilbake til heimen til sjåføren i 50-åra, som då skal ha varsla sonen om å ringe politiet.
Dei to skal deretter ha reist ut igjen, før dei blei stoppa av politiet. Det var då skotvekslinga oppstod.
Eining med politiet sin versjon
Veland fortel også til NRK at mannen i 50-åra, som kom uskadd frå hendinga, er eining med politiet si forklaring om at det var 40-åringen som først skaut mot politiet.
Mannen som er sikta for medverking til drap og medverking til drapsforsøk.
Han blei lauslaten etter avhøyr med politiet og Spesialeininga laurdag. Han nektar for at han på nokon måte er skyldig i hendinga.
Publisert
Oppdatert