Matsvinnet i det såkalla primærleddet i Noreg, altså fram til industri eller sal, gjekk ned 15 prosent frå 2022 til 2023.
Men det var framleis 52.680 tonn.
Dei store tala kjem ikkje frå meg og deg, restauranten eller butikken. Dei handlar alt som skjer frå bonden drar gulrota opp frå jorda til ho er fint pakka inn i plast og kostar 18,90 kroner på butikken nærmast deg.
Seniorrådgivar i Landbruksdirektoratet, Elin Røsnes, er glad for nedgangen.
– Det som utgjer mest, er matsvinn frå grøntsektoren, seier ho.
10 prosent av 500.000 tonn
Ho har sett saman rapporten (ekstern lenke) frå direktoratet som viser at det er meir enn 46.000 tonn svinn i grøntsektoren.
Områda mjølk (2865 tonn), korn (1596 tonn), kjøt (1508 tonn) og egg (330 tonn) ligg ein del bak. Matsikkerheit er bakgrunnen for mykje av svinnet av mjølk, kjøt og egg.
– For både grøntprodukt og kornprodukt varierer matsvinnet ganske mykje frå år til år. Og det heng saman med vekstsesongen. Det påverkar igjen kvalitet og matsvinn., seier ho.
Innanfor grøntsektoren er det også store skilnader. For poteter er det registrert over 300.000 tonn produsert vare og 7 prosent svinn.
Heile grønsektoren hadde nær 500.000 tonn produsert vare i fjor. Samla var det om lag 10 prosent som blei kasta.
For gulrot blei det kasta 13.700 tonn. Det er ein svinnprosent på over 30 i 2023. Tilgangen var litt over 44.000 tonn.
– Poteter og lagringsgrønsaker er dei største varene. Og det er også her det blir mest matsvinn. Og det er ganske naturleg, for det er store volum, og dei skal lagrast over tid for å forsyne marknaden gjennom heile vinteren, forklarer ho.
– Å handtere dei uføreseielege mengdene, er ei utfordring.
– Gulrotsvinn kjem alltid til å vere stort
Utfordringa kan Laurits Stokkeland skrive under på. Saman med sonen dyrkar han gulrøter og løk på Brusand i Rogaland. Han anslår sjølv at han leverer 8 prosent av det norske forbruket.
Det er heilt umogleg å få til null prosent svinn når det kjem til gulrot, seier han.
– Det blir store svinntal fordi ein alltid tar svinn med inn på lager. Alt blir hausta med maskin, og da blir det slik, seier han.
Han stadfester Landbruksdirektoratet sine påpeikingar om store variasjonar frå år til år. Og legg til at det også varierer frå felt til felt på ein gard.
På eitt jorde kan 20 prosent vere svinn, medan svinnprosenten kan vere 100 på eit anna. Og viss svinnprosenten berre var for etande gulrot, som berre såg «rar» ut, vil han tru den var om lag 5 prosent.
– Svinnet på gulrot kjem alltid til å vere stort. Det er fordi ho rotnar på lager, seier han.
Røsnes i Landbruksdirektoratet trur ei matsvinnlov kan føre gode ting med seg.
– Det betyr at det vil bli meir fokus på det. Med ei lov vil ein truleg jobbe for mindre svinn i heile næringskjeda, seier ho.
Publisert