– Vil forlenge oljealderen – også i Noreg – NRK Rogaland – Lokale nyheter, TV og radio

NRK
NRK

– Trump sender veldig sterke signal med planane for USAs energipolitikk. Det er eit av dei områda der han direkte kan påverke evna økonomien har til å vekse. Billig energi er bra for den amerikanske økonomien, seier sjeføkonom i SpareBank 1 Sør-Norge, Kyrre M. Knudsen.

Knudsen meiner dette betyr at USA kjem til å produsere meir olje. Og da kjem oljeprisen til å gå ned, og Noreg tene mindre på oljeeksport.

Kyrre M. Knudsen

Sjeføkonom i SpareBank 1 Sør-Norge, Kyrre M. Knudsen, trur oljeprodusentar i verda nå vil jobbe etter «Drill, baby, drill». Da kan oljeprisen gå ned.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Samstundes som selskap i Noreg vil produsere så mykje som mogleg.

– Dette vil sette tonane for verdas oljeindustri, trur Knudsen.

Når den viktigaste nasjonen i verda set så tydeleg retning for meir oljeaktivitet, trur han også oljeavhengnaden i verda vil vare lenger.

– Men dette vil forlenge oljealderen, også i Noreg, meiner Knudsen.

Trump vil ha USA ut av Parisavtalen

Viss USA på motsett side hadde starta ei grønare linje, kunne omstillinga til ei verd med mindre fossil energi gått raskare.

– I staden vil ein jobbe under premissen «Drill, baby, drill», slår han fast.

Klima- og berekraft ser han derimot bort frå. FN er informert om USA sin intensjon om å forlate Parisavtalen frå 2015, ein avtale som søkjer å redusere utsleppa av klimagassar.

Også i sin første presidentperiode trekte Trump USA frå klimaavtalen. Dette vart reversert av Joe Biden, men er nå altså gjort om igjen.

Var med på innsettinga

Ketil Solvik-Olsen var som ein av få nordmenn med på innsettinga at den nye presidenten i USA. Den tidlegare Frp-politikaren peikar på at billig energi er ein føresetnad for det republikanske partiet:

– Å ha tilgang på mykje og billig energi, ser både Trump og det republikanske partiet som er ein grunnleggande føresetnad for å kunne bygge eit velferdssamfunn. Også eit industrisamfunn, som han er opptatt av i kampen mot Kina, seier Solvik-Olsen.

Ketil Solvik-Olsen, Marius Nilsen og Ola Borten Moe i kø for å sjå Trump si innsetting

Her er Ketil Solvik-Olsen (til venstre) saman med Marius Nilsen og Ola Borten Moe i kø for å sjå Trump si innsetting. Solvik-Olsen var samferdselsminister i Solberg-regjeringa frå 2013 til 2018. Han har vore nestleiar i Framstegspartiet og stortingsrepresentant for Rogaland.

Foto: Anders Tvegård / NRK

Å trekke USA frå Parisavtalen er kontroversielt i mange land i verda, men ikkje i USA, seier han, som sjølv budde i USA inntil nyleg.

– I forhold til amerikanaren som er opptatt av at USA skal vere ein sterk industrinasjon, så blir jo dette nærast jubla over, seier han.

Skattepolitikk og renter

Sjeføkonom Knudsen trur Trump sin skattepolitikk vil skape meir press på den amerikanske økonomien.

– Alle tiltaka han set i gang, vil gi auka prispress i USA. Det blir interessant å sjå korleis dette slår ut for den norske økonomien.

Knudsen merka seg også at Trump ikkje sa noko om rentene.

– Hadde Trump hatt nokre gode poeng om renta, hadde han komme med dei. At han ikkje sa noko, kan indirekte bety at han har tenkt at her må marknaden få jobbe sjølv, meiner Knudsen.

Om Trump hadde nemnt renta, kunne han skremt investorane, og rentene kunne stige mykje, trur Knudsen.

– USA har så mykje gjeld og er avhengige av at investorane pøser pengar inn i gjeldsmaskineriet.




Del denne artikkelen
Gi en kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

indian milf porn tube pimpmovs.info teachers sex video مو قع سكس porn-planet.org تعلم السكس rang rasiya movie sexyindianporno.com pornmms locanto calicut eroteenies.info sunny leone nude fuck bidesiya megeno.mobi funny xvideo
نياكه مصرى gokkoya.com مكتبه السكس junglegstrings porndor.org xxxdf sexsy freebigassporn.org افلام لحس الكس سكس عمان myvippy.com مص شفيف xnxxmumbai xshaker.net bipifota
pron moviea stripvidz.com desi hot xvideo افلام سكس رمنسي x-arab.com سكس امهات وصبي أجمل طياز pornochip.org مواقع سكس جماعي sexy bp hindi video videoxsearch.mobi xnxx kannada sex www sxe vidoes com swingersporntrends.com www. xvideos. com