Det var venta kraftige vindkast på opptil 35 m/s på Vestlandet mot helga.
Det gule farevarselet kan bli oppgradert til oransje nivå, og skal treffe frå fredag ettermiddag og skalere opp natt til laurdag.
Få oversikt her:
Stormen er ein bombesyklon, altså ein storm som forsterkar seg svært raskt. Dette skjer når lufttrykket fell med minst 24 millibar i laupet av 24 timar, noko som ofte skjer på middels eller høge breiddegrader.
I tillegg er det sendt ut eit farevarsel for kraftig snøfokk i fjellområda i Sør-Noreg frå fredag ettermiddag til laurdag ettermiddag.
Påverkar trafikken i Vestland
På grunn av mykje vind er ferjesambandet Arsvågen-Mortavika E39 innstilt. Det blir gjort ei ny vurdering i laurdag ettermiddag.
Ferjesambandet Fv541 Langevåg-Buavåg i Sveio er innstilt, med ny vurdering i morgon tidleg.
Det er kolonnekøyring ved riksveg 7 ved Hardangervidda, og ein må rekne med 2–3 timar venting både frå aust og vest.
Det er innført kolonnekøyring over E134 Haukelifjell. Dette gjeld E134 Liamyrane bom i Ullensvang til E134 Haukelitunnelen i Ullensvang.
Rv. 13 Vikafjellet er stengt, med ny vurdering laurdag klokka 11.00.
Også FV609 mellom Førde og Askvoll er stengt preventivt.
Fjellovergangen Fv50 Aurland-Hol blir stengt klokka 22.00, med kolonne fram til då.
Tidlegare fredag var det straumbrot i Bergen, og over 1500 var utan straum. Det gjekk også eit mindre steinras i Alver, og ras har det også gått i Granvin i Voss herad. På Askøy har eit gjerde blåst ut i gangvegen.
Råkar Rogaland
I Rogaland har Haugaland Kraft førebudd seg på straumbrot.
Ferjerute 1130 Arsvågen – Mortavika er innstilt frå 18.00 til laurdag føremiddag.
Også ferja mellom Utsira og Haugesund er innstilt ut dagen. Det same er ferja mellom Mekjarvik og Kvitsøy.
Eit steinras ved Hunnedalsvegen, mellom Giljajuvtunnelen og Byrkjedal, sperra vegen, men denne er no open.
Heggdalsveien i Eigersund har blitt stengt grunna tre over vegbanen.
På Austlandet har det også vore uvêr.
Trefte dei britiske øyane
Det meteorologiske instituttet i Storbritannia sende fredag ut eit raudt farevarsel om uvêret.
Når «Éowyn» treffer Noreg, har bombesyklonen passert dei britiske øyane, og Storbritannia og Irland har blitt ramma hardt. Fleire millionar menneske fekk beskjed om å halde seg heime.
Fly vart kansellerte og fleire enn 200 skular stengde i Nord-Irland, Skottland, England og Wales.
Det har blitt registrert vindkast på 50 meter per sekund utanfor Galway, på den irske vestkysten. Orkan styrke gjeld frå 32,6 meter per sekund.
I Irland har fleire enn 700.000 husstandar vore utan straum, i Nord-Irland nær 100.000.
Publisert
Oppdatert