Regjeringa doblar antal studieplassar på etterutdanning i praktiske og estetiske fag – NRK Rogaland – Lokale nyheter, TV og radio

NRK
NRK

– Eg lærer å vere meir kreativ og gjere meir fysiske ting med hendene. Det får eg ikkje gjort i mange andre fag, seier Sofie Skår Ellingsen.

15-åringen går i 10B på Stangeland ungdomsskule i Kopervik på Karmøy.

I hendene har ho garn og heklenål. Og snart ei ferdig handveske.

Venninna Lina Olsen-Sund har laga eit fat i leire som skal brennast og glaserast.

  • Sofie Ellingsen Skår hekler en clutch

    Sofie Skår Ellingsen er godt i gong med clutch-veska. Mamma er til god hjelp då lærar Vidar ikkje heilt meistrar heklekunsten ennå.

  • Skoletime i kunst og håndverk, keramikk, leire

    Vidar Jacobsen Stueland viser korleis Lina Maria Larsen skal lage hank til koppen.

  • Keramikk-fat

    Lina Olsen-Sund har laga fleire fat med skrift på.

Og han som har det overordna ansvaret heiter Vidar Jacobsen Stueland.

– Kunst og handverk er det kjekkaste faget som finst. Det og musikk! Her kan du snakke og le. Du får eit heilt anna og godt forhold til elevane, seier han.

Men ein treng ikkje fagkompetanse for å undervise i praktiske og estetiske fag i barneskulen. På ungdomstrinnet er kravet minst 30 studiepoeng.

Det er kanskje difor ein rapport frå Statistiske sentralbyrå, SSB, viser at rundt halvparten av alle lærarar som underviser i desse faga har null studiepoeng i dei.

Men det vil regjeringa gjere noko med.

Meiner skulen er for teoretisk

– Norsk skule har over for lang tid blitt altfor stillesittande og altfor teoretisk, meiner kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

Difor vil regjeringa løfte kompetansen og legg opp til at minst 1000 lærarar kan få tilbod om etterutdanning i praktiske og estetiske fag i år.

Det er 400 fleire enn i fjor.

Kari Nessa Nordtun, kunnskapsminister (Ap)

Kunnskapsministeren ønsker seg fleire lærarar med fagkompetanse i praktiske og estetiske fag.

Foto: Marte Skodje / NRK

– Kompetansen i desse faga har ikkje blitt satsa nok på. Vi treng ein meir praktisk skulekvardag, seier ho.

Rektor på Gosen skule i Stavanger, Anne Marthe Nygård Basso, er svært positiv.

– Særleg innanfor musikk har det vore få som har tatt etterutdanning. Og ikkje minst i kunst- og handverksfaget som er eit veldig viktig fag i skulen, seier ho.

Anne Marthe Nygård Basso, rektor ved Gosen skole

Gosen-rektoren trur etterutdanning for lærarar som allereie er i yrket bidrar til at dei ikkje sluttar.

Foto: Marte Skodje / NRK

Hadde null studiepoeng

Vidar Jacobsen Stueland var ein av dei med null studiepoeng i kunst og handverk då han byrja å undervise i faget.

– Det var kjempeskummelt. Eg hadde berre sett keramikk på fjernsyn, seier han.

Læraren tar nå etterutdanning i kunst og handverk og meiner det er viktig å få opp andelen som har fagkompetanse i desse faga.

– Det er ganske mange timar som er sett av i timeplanen i løpet av grunnskulen. Då er det svært dumt at ein berre set inn ein lærar som eigentleg ikkje har så mykje kompetanse.

sløydtime på skolen - lærer Vidar Jacobsen Stueland

I 10-klassen til Vidar Jacobsen Stueland får elevane sjølv velje fordjuping i kunst og handverk i vårsemesteret. Difor er det helst gutar på sløydsalen.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Elevane synest også det er viktig at læraren får den kompetansen.

– Då lærer dei seg nye ting som dei kan lære oss å gjere, seier Lina Olsen-Sund.

Hei!

Velkommen til dialog hos NRK. Siden du er pålogget andre NRK-tjenester så slipper du å logge
inn på nytt her, men vi trenger ditt samtykke på våre brukervilkår for dialog på nett




Del denne artikkelen
Gi en kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

indian milf porn tube pimpmovs.info teachers sex video مو قع سكس porn-planet.org تعلم السكس rang rasiya movie sexyindianporno.com pornmms locanto calicut eroteenies.info sunny leone nude fuck bidesiya megeno.mobi funny xvideo
نياكه مصرى gokkoya.com مكتبه السكس junglegstrings porndor.org xxxdf sexsy freebigassporn.org افلام لحس الكس سكس عمان myvippy.com مص شفيف xnxxmumbai xshaker.net bipifota
pron moviea stripvidz.com desi hot xvideo افلام سكس رمنسي x-arab.com سكس امهات وصبي أجمل طياز pornochip.org مواقع سكس جماعي sexy bp hindi video videoxsearch.mobi xnxx kannada sex www sxe vidoes com swingersporntrends.com www. xvideos. com