Det kjem fram i kvartalsrapporten som blir lagd fram onsdag morgon, saman med strategioppdateringa til selskapet for dei neste åra.
– I 2024 leverte vi solide finansielle resultat og høg produksjon gjennom sterk drift, seier konsernsjef Anders Opedal i ei børsmelding.
Det samla justerte driftsresultatet i 2024 var 29,8 milliardar dollar, eller 335,2 milliardar kroner etter dagens kurs.
I 2023 tente Equinor rundt 400 milliardar kroner. Dei har likevel aldri tent så mykje pengar som dei gjorde i 2022, da dei tente rundt 800 milliardar.
Konsernsjef i Equinor, Anders Opedal. Ifølge børsmeldinga seier han at dei at produksjonen på Johan Sverdrup-feltet i 2025 vil halde seg nær same nivå som dei siste to åra. – Dette viser korleis vi arbeider systematisk for å forbetre produksjonen vår, seier han.
Foto: Thomas Fure / NTB
I første kvartal i 2024 tene Equinor nær 83 milliardar kroner. Svimlande summar, men lågare enn tida før. I andre kvartal var resultatet om lag det same.
I tredje kvartal i 2024 tente Equinor 75 milliardar kroner. Det var litt mindre enn venta, mellom anna fordi gassprisane såg ut til å vere meir normaliserte. I åra før var dei spesielt høge, og det har truleg prega alle kvartalsresultata i fjor.
Publisert
Oppdatert