– Veldig gøy, og litt uventa, eigentleg, seier Mia Risa Gomez til NRK.
Den norske 19-åringen oppnådde si største bragd under EM i kunstløp. 161,71 poeng heldt til 12. plass – det beste norske resultatet i EM sidan Sonja Henie var aktiv for snart 90 år sidan.
– Det er ei ære. Eg har ikkje noko sterkt forhold til Sonja Henie sjølv, men ho blir mykje snakka om og mange ser opp til henne. Eg visste kva eg hadde inne og hadde førebudd meg godt, men eg er overraska over at alt klaffa då det gjaldt, seier Gomez.
LEGENDE: Sonja Henie vann gull i tre OL, ti VM-gull og seks EM-gull. Det siste kom i 1936.
Foto: SCANPIX
Ber media vakne
Sjølv om EM-resultatet til Gomez er Noregs beste prestasjon sidan Sonja Henie, har det fått avgrensa medieomtale.
Det fekk tidlegare kunstløpar og «Mesternes mester»-profil Camilla Gjersem til å gå ut i sosiale medium: «Journalistvenner, vakne opp!».
Ho svarer raskt då NRK ringer:
– Det er bra du ringer, for dette må de skrive om!
– Mia er ein veldig spennande utøvar, og dette er eit historisk resultat, seier Gjersem til NRK.
TIDLEGARE KUNSTLØPAR: Camilla Gjersem.
Foto: Alice ASplund
– Ho har det som krevst
Ho lèt seg imponere av kva den norske 19-åringen får til på isen.
– Som kunstløpar treng du å vere god på veldig mykje. Mia klarer å sy saman det tekniske, med tanke på trippelhopp og høg vanskegrad på piruettar. I tillegg går ho fint på skøyter og er ein elegant utøvar. Når du koplar det med gode mentale ferdigheiter, blir det ein veldig fin totalpakke, seier Gjersem.
– Ho har det som trengst for å kome langt. Og så handlar det om å få det ut i konkurranse. Og med prestasjonen i EM har ho vist at ho kan få til det, seier ho.
NYTT HÅP: Mia Risa Gómez satsar mot OL i 2026 og 2030.
Foto: AFP
Første OL-deltakar på 12 år?
Tvillingsøster hennar, Anne Line, var første norsk kunstløpar i OL på 50 år då ho deltok i Sotsji i 2014. No er det håp om ny norsk deltaking i den gjævaste kunstløp-konkurransen.
– Målet er å kvalifisere meg til OL i 2026, og denne meisterskapen gav meg sjølvtillit og trua på at eg kan få til det, seier Gomez sjølv.
Nålauget til OL er trongt, og det er tøff konkurransen om plassane. Berre 30 kvinner får delta.
– Å kome til OL er eit hårete mål. Ho må sjølvsagt gjere jobben og prestere under konkurransane, men eg har trua på at ho kan få det til, seier Gjersem.
Første moglegheit til å kvalifisere seg er i Boston i mars, der dei 24 beste utøvarane får ein billett til OL. Dei siste seks plassane blir delte ut i Oberstdorf seinare i år.
– Skjønte fort at det ikke hadde så mye med toppidrett å gjøre
01:02
Publisert
Oppdatert