Fikk kjeft for billig gang- og sykkelsti. Nå tar Rogaland fylkes­kommune inspirasjon av løsningen – NRK Rogaland – Lokale nyheter, TV og radio

NRK
NRK

– Det gjekk heilt fint inntil det blei slått stort opp i aviser, og dei i Oslo fann ut kva som hadde skjedd. Då blei det sjau.

Håkon Undheim minnest godt rabalderet han starta for fire år sidan.

På Undheim hadde dei venta i 30 år på gang- og sykkelsti, og nå ville dei ikkje venta lenger.

Fire mannfolk møtte opp i «uteståvå» til Håkon, med ein plan: Dei skulle gjera jobben sjølve, på dugnad.

Olav Taksdal (v) og Håkon Undheim i "uteståvå" på Undheim

Olav Taksdal (v) og Håkon Undheim i «uteståvå» på Undheim

Foto: NRK

– Me brukte vel ein time på å bestemma oss, fortel Olav Taksdal, som er bonde og har gitt løyve til at turstien kan gå på jordet sitt.

Nokre månader seinare stod stien klar. Til glede for bygdefolket, men ikkje for alle dei som bestemte.

I ettertid fekk initiativtakarane kraftig kritikk for manglande søknad, for at tryggleiken for brukarane ikkje var god nok og for at stien var vanskeleg å halde ved like.

Men dei hadde støtte hos ordførar og politikarar i kommunen, og etter nokre utbetringar og forhandlingar har stormen lagt seg.

Fleire gjer som Rogaland

– Me har nok blitt inspirert av det som skjedde på Undheim, vedgår Lasse Anfinsen Fredheim. Han er leiar i Samferdsleutvalet i Rogaland.

Leiar i Samferdsleutvalet i Rogaland fylkeskommune for partiet Høgre. Bildet er tatt i fylkestingssalen i Stavanger

Høgre sin fremste fylkespolitikar på samferdsel i Rogaland, Lasse Anfinsen Fredheim

Foto: NRK

Rogaland fylkeskommune vil undersøkje om det er råd å byggje billegare enn dagens standard.

Derfor har dei starta eit pilotprosjekt der målet er å få ned kostnadane med å bygge gang- og sykkelstiar. Spesielt i område der innbyggjartalet er ganske lågt.

Strekninga som er vald ut er på Finnøy i Stavanger.

Både Vestland og Innlandet fylke har tidlegare undersøkt det same. Dei har kome med innspel til Rogaland, og skal etter kvart få presentert resultata av pilotprosjektet. Rogaland har sett av femten millionar kroner på budsjettet fram til 2027.

– Kanskje kan vegen vera smalare enn nåverande standard? Kanskje skal grunnarbeidet gjerast enklare, undrar Anfinsen Fredheim.

Trafikkfarleg på Finnøy

– Dei fleste foreldra lar ikkje ungane sine få lov å gå eller sykle opp hit sjølv, fortel Bendik Heggelund, leiar i Finnøy Idrettslag.

Tungtransport på veien som går til idrettsanlegget Leikvoll på Finnøy i Stavanger. Leiar i idrettslaget, Bendik Heggelund står langs vegen og blir forbikjørt av eit vogntog

Tungtransport pregar vegstrekninga forbi fotballbanen, seier leiar i Finnøy I.L, Bendik Heggelund.

Foto: NRK

På Finnøy i Stavanger ligg fotballbanen Leikvoll eit par kilometer frå øya sitt sentrum. På den siste kilometeren er det 60 kilometer fartsgrense og smal veg.

Kvar ettermiddag i vekedagane nærmar det seg kaos, når foreldra køyrer ungane til og frå fotballtrening.

– Vegen er uoversiktleg. I tillegg er det industri i området som nyttar vegen forbi idrettsanlegget, seier Heggelund.

Heggelund står på vegen, der ein personbil køyrer forbi

Det er 60 kilometer fartsgrense og smal veg ved Leikvoll idrettsplass

Foto: NRK

Likevel hadde han slått seg til ro med situasjonen, og rekna med at det blei for dyrt å bygge ein gang- og sykkelsti.

Undheim-modellen

Turvegen på Undheim, som er det offisielle namnet, er 2.400 meter lang. Rekninga kom på 2.8 millionar kroner inklusive utelysa. Det var rekordbilleg.

Håkon Undheim (v) og Olav Taksdal står på gang- og sykkelstien på Undheim i Time kommune

Håkon Undheim og Olav Taksdal: to av dei som står bak «Undheim-modellen».

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Prisen på ein meter med ny gang- og sykkelsti, ifølge Statens vegvesen, varierer mellom 10.500 og 20.000 kroner. Då er ikkje lysanlegg inkludert.

Alt er betre enn i dag

Bendik Heggelund, leiar Finnøy I.L Portrettbildet

Bendik Heggelund, leiar Finnøy I.L

Foto: NRK

– Eg vil tru at spesielt foreldra ser fram til at dei ikkje lengre må stille opp med bilkøyring for å få ungane på trening, seier Bendik Heggelund.

Han er skråsikker på det blir ein merkedag i bydelen, den dagen pilotstien til Leikvoll står ferdig.

–Sjølv om den sikkert blir både smalare og meir svingete enn standarden i dag, seier Heggelund.




Del denne artikkelen
Gi en kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

indian milf porn tube pimpmovs.info teachers sex video مو قع سكس porn-planet.org تعلم السكس rang rasiya movie sexyindianporno.com pornmms locanto calicut eroteenies.info sunny leone nude fuck bidesiya megeno.mobi funny xvideo
نياكه مصرى gokkoya.com مكتبه السكس junglegstrings porndor.org xxxdf sexsy freebigassporn.org افلام لحس الكس سكس عمان myvippy.com مص شفيف xnxxmumbai xshaker.net bipifota
pron moviea stripvidz.com desi hot xvideo افلام سكس رمنسي x-arab.com سكس امهات وصبي أجمل طياز pornochip.org مواقع سكس جماعي sexy bp hindi video videoxsearch.mobi xnxx kannada sex www sxe vidoes com swingersporntrends.com www. xvideos. com