Ny skatt kan gjera noregsferien dyrare – NRK Rogaland – Lokale nyheter, TV og radio

NRK
NRK

Tenk deg at du skal på noregsferie til Preikestolen og Rogaland.

Ei natt på hotell i Stavanger kostar deg gjerne 1500 kroner.

Men så kjem ein ekstra skatt på 75 kroner på toppen.

Det kan bli ein realitet om regjeringa sitt forslag til turistskatt blir vedtatt.

Julie Tønnesen har turnusfri og nett opplevd Preikestolen i strålande vintersol.

Ho er ikkje begeistra for at turen kunne blitt dyrare om ho hadde overnatta på hotell.

– Eg må jo seia at eg føretrekkjer å gå turar som dette utan å betala ekstra skatt. Det er mykje som er dyrt nok frå før, meiner ho.

Julie Tønnesen på tur til Preikestolen.

Julie Tønnesen vil helst sleppa å betala turistskatt.

Foto: Magnus Stokka / NRK

400 høyringssvar

Det var i november i fjor regjeringa la fram forslaget der dei opnar opp for at turistar må betala skatt i kommunar dei overnattar i.

Dette gjeld både norske og utanlandske turistar.

Skatten kan gi gode inntekter for turistkommunane, medan den fort blir ei kjedeleg ekstrarekning for dei reisande.

Makstaket på skatten skal vera 5 prosent.

Kommunar og andre har hatt høve til å seia si meining om den kontroversielle skatten, og nå på nyåret gjekk høyringsfristen ut.

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har fått inn heile 400 høyringssvar. Som venta er mange av dei kritiske.

Dette er blant innspela departementa har fått:

  • Storleiken på besøksbidrag (turistskatt). Det er lagt opp til at det kan leggast 5 prosent påslag på overnattingar. Mange meiner dette blir ein for høg prosentsats.
  • Fleire ønsker ei meir fleksibel ordning. Mange har sesongbasert turisme, og ønsker derfor berre å ha skatten delar av året.
  • Mange er opptekne av bruken av pengane som kjem inn på skatten. Ønske om å få til ordningar som sikrar at midlane går til reiselivsrelaterte utgifter, ikkje til andre kommunale føremål.

Bør det bli innført turistskatt i Noreg?

– Modellen er feil

Strand kommune i Rogaland er kjent for Preikestolen med nærare 400.000 besøkande i året.

Utfordringa her er at dei fleste turistar er på dagsbesøk og overnattar i nabokommunane.

I sitt svar påpeikar kommunestyret i Strand at lovforslaget ikkje fangar opp dagsbesøkande som ofte påfører lokalsamfunna størst belastning.

«En mer treffsikker modell kan inkludere brukerbetaling ved turmål eller en nasjonal ordning som fordeler midler etter reelle behov. Strand kommune ser positivt på videre utvikling av ordningen», står det i kommunestyret sitt vedtak om turistskatt.

Stiftelsen Preikestolen og Lysefjorden Utvikling jobbar med tilrettelegging og utvikling av reiselivet rundt Preikestolen.

Dei ønsker turistskatt velkommen, men meiner det blir feil når den berre blir lagt til overnatting.

Også dei påpeikar at dei fleste preikestolturistane overnattar i andre kommunar, som Stavanger.

– Stavanger by har mange hotell og kan dra inn mange millionar i turistskatt, men det er ikkje nødvendigvis der toaletta eller anna infrastruktur skal byggast, seier dagleg leiar Helge Kjellevold.

Dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen, Helge Kjellevold.

Helge Kjellevold i Stiftelsen Preikestolen seier ja til turistskatt, men meiner det ikkje bør vera opp til kvar enkelt kommune å krevja den inn.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Frp: – Verste av to verdener

Frp er blant partia som seier tydelegast nei til innføring av turistskatt. Dei meiner skatten vil gjera Noreg til eit mindre attraktivt reisemål.

Dei er ikkje overraska over at mange er kritiske til innretninga.

– Turistnæringa sine utfordringar må løysast, men forslaget til turistskatt kjem som ein rein skatt på hotell- og overnatting, utan at han tek tak i utfordringane knytt til turisme. Med turistskatten får me det verste av to verdener, seier Sivert Bjørnstad (Frp) frå næringskomiteen på Stortinget.

Oppmodar til å finna løysingar saman

Statssekretær Tomas Norvoll (Ap) i næringsdepartementet lovar at dei skal sjå nøye på alle innspel.

– Me går gjennom dette nå og ser kva me kan baka inn i det endelege forslaget som me skal levera til Stortinget.

Kva tenker du om kritikken frå Rogaland om at overnattingskommunar tar inn turistskatt, medan nabokommunen, som har turistmålet, må betala for utgiftene sjølv?

– Eg skjønar at det kan opplevast som urettferdig dersom det blir slik. Men så er mitt inntrykk at reiselivsnæringa er veldig regionalisert, og det er gode moglegheiter til finna løysingar i lag. Me har opna for at ein kan innføra regionale ordningar og dela på pengebruken, seier statssekretæren.

Tomas Norvoll (Ap), statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Statssekretær Tomas Norvoll (Ap) i Nærings- og fiskeridepartementet (NFD).

Foto: regjeringen.no

Han seier det er vurdert mange alternativ, men at det er mest målretta og praktisk å ta inn turistskatt på overnatting.

– Så har me vore veldig opptatt av det må gjelda all overnatting. Me må ikkje komma i ein situasjon kor det kostar ekstra å bu på hotell, medan det ikkje kostar ekstra å bu på Airbnb eller andre private utleigeformer.

Ifølge regjeringa er det eit viktig prinsipp at ordninga er frivillig. Derfor blir det opp til kvar enkelt kommune om dei vil innføra skatten.

Målet er at Stortinget kan behandla saka om turistskatt før sommaren. Dersom dei gir tommel opp, kan skatten bli innført sommaren 2026.




Del denne artikkelen
Gi en kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

indian milf porn tube pimpmovs.info teachers sex video مو قع سكس porn-planet.org تعلم السكس rang rasiya movie sexyindianporno.com pornmms locanto calicut eroteenies.info sunny leone nude fuck bidesiya megeno.mobi funny xvideo
نياكه مصرى gokkoya.com مكتبه السكس junglegstrings porndor.org xxxdf sexsy freebigassporn.org افلام لحس الكس سكس عمان myvippy.com مص شفيف xnxxmumbai xshaker.net bipifota
pron moviea stripvidz.com desi hot xvideo افلام سكس رمنسي x-arab.com سكس امهات وصبي أجمل طياز pornochip.org مواقع سكس جماعي sexy bp hindi video videoxsearch.mobi xnxx kannada sex www sxe vidoes com swingersporntrends.com www. xvideos. com