– Vi er bekymra over desse tala, seier Einar Ove Standal.
Han er seniorrådgjevar i Utdanningsforbundet.
I 2015 blei det innført kompetansekrav for fast tilsette lærarar i norsk, matte og engelsk.
Det betyr at dersom ein skal undervise i desse faga må ein ha minst 30 studiepoeng på barnetrinnet og 60 på ungdomstrinnet.
Men ti år seinare manglar framleis 19 prosent av norsklærarar på ungdomstrinnet fagkompetansen som krevst, viser tal frå Utdanningsdirektoratet.
På barnetrinnet har 32 prosent av engelsklærarane mindre enn 30 studiepoeng i engelsk.
– Alle barn og unge skal ha rett til undervisning av lærarutdanna lærarar. Det er viktig for å sikre likeverdig opplæring for alle, seier Standal.
– Du må ha overskot
Hilde Kråkenes underviser i engelsk på 9. trinn på Lundehaugen ungdomsskule i Sandnes. Dette skuleåret tar ho 30 studiepoeng ekstra i engelsk for å få 60.
– Det er nyttig, og eg kan jo alltids bli ein betre engelsklærar, seier ho som har jobba som lærar i 16 år.
Fiona Ek (til venstre) og Caroline Lindland synest Kråkenes er ein flink engelsklærar. – Det er ganske imponerande at ho klarer å vere ein så god lærar samtidig som ho studerer, seier Ek.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK
Kråkenes har tidlegare tatt vidareutdanning i norsk og trur det er fleire grunnar til at ein del lærarar framleis ikkje når kompetansekrava.
– Det er krevjande å jobbe 60 prosent og studere 50. Når du jobbar som lærar er kvardagen ganske travel i utgangspunktet. Du må ha overskot. For uansett korleis du gjer det blir det meir enn 100 prosent, seier ho.
Då Kråkenes tok norsk var ho gravid småbarnsmor og lova seg sjølv at ho aldri skulle studere utanom jobb igjen.
Hilde Kråkenes meiner du bør ha litt overskot om du skal i gang med vidareutdanning.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK
Ho trur også det er mange som vil studere, men som ikkje får innvilga søknaden sin.
– Kommunane har fag dei prioriterer og Utdanningsdirektoratet har sine prioriteringar. Det er mange hos oss som har søkt, men ikkje fått, seier ho.
Vil bruke 2,8 milliardar kroner
Etter at kompetansekravet blei innført i 2014, blei det også innført eit unntak frå kravet for dei som blei tilsette før 2014. Dette skule gjelde fram til 1. august i år, men regjeringa har bestemt at unntaket blir permanent.
Tal frå Utdanningsdirektoratet for skuleåret 23/24, viser at unntaket då gjaldt for om lag halvparten av ungdomsskulelærarane som underviste i norsk, matte og engelsk utan å nå kravet.
NRK har bede kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun kommentere kvifor det framleis er ein stor andel lærarar som ikkje har den fagkompetansen som krevst.
Ho har takka nei til intervju.
-
Sindre Lysø (Ap)
- Statssekretær Kunnskapsdepartementet.
Men statssekretær Sindre Lysø (Ap), skriv i ein e-post til NRK at regjeringa prioriterer kompetanseheving og at dei i 2025 vil bruke nærare 2,8 milliardar kroner på etter- og vidareutdanning i barnehage og skule.
Utdanningsforbundet meiner det er her eit av problema ligg.
Meiner det skaper etterslep
Regjeringa har bestemt at midlane som til nå har gått til vidareutdanning for lærarar, heretter skal fordelast på alle tilsette i barnehage og skule, seier Standal i Utdanningsforbundet.
– Dette vil, slik vi ser det, føre til eit ytterlegare etterslep i målet om at alle lærarar skal ha kompetanse i faga dei underviser i.
Til dette svarer Lysø at dei styrkar heile laget rundt barn og unge og at det vil gi rom for at fleire lærarar og andre grupper av tilsette i barnehage og skule kan delta i vidareutdanning.
– Det er viktig for den enkelte, for barna og eleven og for å støtte opp om lærarane sin arbeidsdag, seier han.
Publisert