Norske ordførarar reagerer sterkt på forslaget om at folk ikkje lenger skal få brev i postkassa, men få dei utlevert på ein hentestad.
No har 140 ordførarar over heile landet signert eit felles høyringsbrev til regjeringa. Åtte av dei er frå Rogaland: Bokn, Bjerkreim, Hjelmeland, Kvitsøy, Tysvær, Sokndal, Suldal og Utsira.
Det er Lokalsamfunnsforeningen som står bak oppropet, og det er sendt inn som svar på høyringa om Postutvalet sin rapport.
Ordførarane i opprøret meiner det er avgjerande å halde oppe postombering minst éin gong i veka i heile landet.
– I staden for å byggje ned det eksisterande distribusjonsnettet, må vi heller utnytte moglegheitene til å tilpasse og utvikle det, heiter det i oppropet.