Nokre cruiseturistar i Stavanger er positive til turistskatt.
Medan andre seier dei mest sannsynleg ikkje kjem tilbake, om dei må betale ekstra.
Som John frå Amerika.
John og Laura frå Virginia i USA er negative til cruiseskatt.
Foto: Jakub Krzysztof Spadlo / NRK
Cruiseturistane frå utlandet treng ikkje betale noko ekstra for å besøke Noreg enno.
Men det må nordmenn og utanlandske turistar gjere, om regjeringa får gjennom forslaget om overnattingsavgift.
Dei siste 15 åra er antal cruiseskip som kjem til oss blitt over det dobbelte.
I fjor kom det i snitt 10 cruiseskip til Noreg kvar einaste dag gjennom heile året, viser tal frå Kystverket.
I 2024 kom rundt 6,5 millionar cruiseturistar til Noreg. Og i år kan tala bli endå høgare.
– Det er heilt spinnvilt og openbert ikkje berekraftig, seier stortingsrepresentant, Mímir Kristjánsson (R).
Mímir Kristjánsson bur sjølv i Stavanger der cruisetrafikken har blitt meir upopulær med åra.
Foto: Truls Alnes Antonsen/NRK
Raudt-politikaren vil setje krav for å få ned cruisetrafikken. Eit av forslaga er å la turistane betale skatt for å kome på besøk. Slik som Island har gjort.
Tapar milliardar i inntekt
Tidlegare i år innførte Island turistskatt på cruiseanløp med umiddelbar verknad.
Like etter kansellerte fleire cruiseskip planlagde turar.
No tapar cruisenæringa på Island nesten 4 milliardar norske kroner, ifølgje det islandske turiststyret og Reykjavík Economics.
– Det seier seg sjølv at stabilitet er avgjerande, og at eventuelle endringar difor må presenterast i god tid og gjennomførast stegvis, seier marknadssjef for cruisehamnene ved Reykjavík, Sigurður Jökull Ólafsson.
Island har turistskatt for dei som besøker øya på land, men har no innført endå dyrare skatt for cruiseturistar.
Foto: Sindre Thoresen Lønnes NRK
– Island har gjort alle feil, seier leiar for Europe Cruises, Jens Christian Skrede.
Og peikar på om Noreg skal gjere det same, må det varslast i forkant. Slik at konsekvensane ikkje vert så store.
– Då bør ein starte med 30 prosent første året og deretter ei gradvis auke gjennom fleire år, seier Skrede.
Ole Michael Bjørndal, Fagdirektør næringspolitikk i NHO, meiner at Noreg likevel burde sjå til Island.
– At Island gjer dette, viser også at det i dag ikkje er noko hinder for å innføre ei avgift på cruise.
Ole Michael Bjørndal er fagdirektør for næringspolitikk i NHO.
Foto: Hallgeir Braastad
Men for cruisenæringa kjem Noreg til å bli mindre populært om skatt for cruiseturistar vert innført.
– Erfaringar frå andre land viser at innføring av nye avgifter kan ha ein negativ innverknad på den framtidige aktiviteten dersom det ikkje gjerast på riktig måte og i samarbeid med næringa, seier Hans Chen Braas, som er nordisk regiondirektør for Cruise Lines International Association.
Forslaget får motstand
Regjeringa har lagt fram eit forslag om å innføre overnattingsavgift.
Som gjeld for blant anna hotell, Airbnb, camping og gjestehamner.
Medan cruiseskipa skal ikkje betale noko ekstra enno.
Høgre er einige med Raudt om at dette er feil prioritering.
Kva synest du om turistskatt?
Stortingsrepresentant, Sveinung Stensland (H) stilte spørsmål til Næringslivsministeren om korleis turistskatten skal bli innført hos cruiseturistar.
Sveinung Stensland (H) stiller spørsmål til regjeringas plan for turistskatt.
Foto: William Jobling / NRK
– Forslaget om overnattingsavgift har fått massiv motstand frå næringa og fleire kommunar. Ein av hovudinnvendingane er at cruise er unntatt avgifta, er noko av det Stensland skriv i spørsmålet.
Næringsminister, Cecilie Myrseth (Ap) svarar. Først turistar på land, så cruiseturistar.
– Overnattingsavgift er første fase av regjeringas prosjekt om besøksbidrag. I fase to vil vi greie ut besøksbidrag frå cruiseverksemd, med mål om å innføre dette.
Men når ei slik ordning for cruiseturistar vil kome, er ikkje avklart.
Næringsminister, Cecilie Myrseth (Ap) påpeikar at ein også må ta tak i utfordringane som antal besøkande medfører. Slik kan reiselivsnæringa utvikle seg på ein berekraftig måte, skriv ho i svaret til Stensland
Foto: William Jobling / NRK
Kristjánsson stiller spørsmål rundt når besøksbidraget for cruiseturistar kjem på plass.
– Slik det er i dag kan dei segle inn på ei flytande klimabombe utan å betale.
Feire reagerer på prioriteringa til regjeringa.
– Eg forstår ingenting av logikken til regjeringa, seier stortingsrepresentant, Alfred Bjørlo (V).
Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant frå Venstre, stiller seg kritisk til prioriteringa i forslaget om turistskatt.
Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK
Bjørlo peikar på at det er feil retning å skattleggje lokale hotell. Han får også støtte frå NHO.
–Om Noreg skal ha turistskatt, så er cruisepassasjerane ein naturleg stad å begynne, seier Bjørndal, Fagdirektør næringspolitikk i NHO.
Utsett nullutslepp-krav
Frå 2026 skulle kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane tre i kraft.
Men dette vart i fjor utsett til 2032 av regjeringa.
Kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane, gjeld blant anna i den populære cruisedestinasjonen, Geiranger.
Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK
Stortingsrepresentanten frå Venstre peikar på at det burde vere sett nasjonale miljøkrav.
– Noreg ligg langt bak når det gjeld å setje strengare krav til cruisenæringa, seier Bjørlo.
I Stavanger har dei stadige cruiseanløpa fått fleire til å reagere.
Foto: Odin Omland
Mímir meiner at politikarane må bli einige om at antal cruiseanløp må ned, ikkje opp.
Etter planen har alle norske cruisedestinasjonar i år krav på å skulle kunne tilby landstraum til cruiseskipa.
Likevel vil landstraumen ikkje kutte dei største utsleppa frå cruiseskipa.
Om lag 10 prosent av det totale utsleppet frå cruise kan kuttast med landstraum, viser seniorforskar og gruppeleiar for Klima og Miljø i Vestlandsforsking, Hans Jakob Walnum til.
– Så det vil hjelpe, men ikkje i forhold til størstedelen av utsleppet, seier Walnum.
Hans Jakob Walnum er seniorforskar og gruppeleiar for Klima og Miljø i Vestlandsforsking, har drive fleire forskingsprosjekt om cruisenæringa.
Foto: Vestlandsforsking
Publisert