Ein mann i 50-åra er dømd til 90 dagar i fengsel etter ulukka i Stavanger der Wolt-bodet Aemro Habte mista livet. Ei lastekran på bilen mannen køyrde, trefte taket i ein tunnel og falt ned på bilen Habte køyrde.
Han mistar også førarretten i tre år, har Sør-Rogaland tingrett bestemt.
Dessutan må han til saman betale til saman 930.000 kroner i oppreisningserstatning til ektefelle, barn og foreldre til mannen som døydde. Han må også betale kona over 60.000 kroner i erstatning for utgifter.
– I retten forklarte han at krana inni hovudet hans var nede. Bileta viser at dette ikkje er korrekt, står det i dommen.
Gitt dei strenge krava til varsemd knytt til yrkessjåførar har «retten komme til at den tiltalte er sterkt å klandre», står det også.