Miljødirektoratet meldar Equinor etter oljeutslepp på nyttårsaftan – NRK Trøndelag – Lokale nyheter, TV og radio

– Me meiner det tok for lang før Equinor oppdaga utsleppet frå Njord-plattforma på nyttårsaftan og at oppfølginga av forureininga til Norskehavet vart avslutta for tidleg.

Det seier direktør Hilde Singsaas i Miljødirektoratet i ei pressemelding torsdag morgon.

Mengda olje som er sloppen ut – 75 kubikkmeter – tilsvarer om lag det du får plass til om du fyller opp ein gjennomsnittleg norsk stue.

Miljødirektoratet skriv at dei avdekte fire avvik hos Equinor:

  1. Equinor Njord hadde eit større oljeutslepp 31. desember 2024.
  2. Equinors beredskapsrespons etter utsleppet var mangelfull.
  3. Beredskapsplanen for oljevern var ikkje tilpassa rett oljetype.
  4. Det har vore overskridingar av oljekonsentrasjon i produsert vatn som vart sleppt til sjøen.

Oljeklumper i fjæra på Frøya

Biletet er frå Humlingsværet, nord på Frøya, nært inntil Vassholmen naturreservat der den største kolonien med storskarv i Trøndelag hekkar. Etter utsleppet blei det funnet olje, i form av klumpar av varierande størrelse.

Foto: Sivert Holberg / Statens Naturoppsyn

Avslutta for tidleg

Direktoratet meiner manglande internkommunikasjon var grunnen til at responsen vart avslutta for tidleg.

Dei vil òg melda saka til politiet.

Tidlegare har òg Greenpeace og Naturvernforbundet meldt selskapet for hendinga. Det har òg Kystverket gjort.

Equinor har frist til 30. juni med å senda ei skriftleg tilbakemelding på korleis dei har følgt opp saka.

Kart over oljeutslepp

Kartet viser der oljen nådde land.

Foto: NOFO/Miljødirektoratet

Viktige område for fugleliv

Miljødirektoratet har tidlegare fortalt at dei er bekymra for kva konsekvensar oljesølet kan få.

Ivar Myklebust, avdelingsleiar i Miljødirektoratet, har sagt til NRK at mange av områda langs kysten av Trøndelag og Helgeland er område med store naturverdiar.

Oljeklumpane har blitt funne i fleire område som er viktige hekke-område for sjøfuglar, forklarte Myklebust.

– Forureininga frå Njord-plattforma gir stor fare for at sjøfugl som kjem til områda for å hekke, kan bli skada av olja.

Vil ta ansvar

NRK har tidligera i mars snakka med Equinor, som seier at dei syns saka er alvorlig.

– Equinor tar hendinga på største alvor og jobbar systematisk for å handtere situasjonen og minimere miljøpåverknaden frå det utilsikta utsleppet.

– No som hendinga har skjedd, tar vi ansvar og ryddar opp, det er vår viktigaste prioritet, sa pressetalsperson for Equinor, Gisle Ledel Johannessen.






Del denne artikkelen
Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *