Fleire stengde vegar og innstilte ferjer på Vestlandet – NRK Vestland

NRK
NRK

Den sterke vinden og det gule farevarselet skaper utfordringar, seier trafikkoperatør Rolf Einar Vågheim til NRK måndag morgon.

Også i lufta er det problem:

På Sola lufthamn i Stavanger står no all flytrafikk.

– Hovudproblemet akkurat no er at vi ikkje klarar å ise av flya på grunn av vinden. Det betyr at ingen fly kan lette frå Sola, seier lufthamndirektør Anette Sigmundstad i Avinor til Stavanger Aftenblad klokka 09.05.

En gruppe reisende står i kø ved innsjekkingsdisken for avganger i en terminal. Det er flere personer i ulik alder og bekledning, som venter på å bli betjent. Lysarmaturer henger fra taket, og det er skjermer som viser informasjon om flyavganger. Omgivelsene ser moderne ut, med en åpen og lys atmosfære.

Flytrafikken på Sola er nede for teljing. Det påverkar dei reisande.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Reisande må følge med på informasjon frå flyselskapa, men det blir nok forseinkingar, seier Sigmundstad.

Meteorologisk institutt sender ut gult farevarsel for is.

kart over gult farevarsel

Den verste kulda har gitt seg, men med mildare vêr kjem andre utfordringar … nemleg glatte vegar. Farevarselet for is gjeld frå no og fram til klokka 11. på onsdag.

Foto: Meteorologisk institutt

Lokalt er det fare for at regn vil fryse til på kald bakke, noko som kan føre til vanskelege køyreforhold.

I høgda og i indre strøk vil nedbøren kome først som sludd og snø.

Den kraftige vinden kombinert med litt snø, fører til betydeleg snøskredfare i Voss og i Hardanger. Det melder varsom.no.

Vinden vil halde fram utover dagen

Det er frå før sendt ut gult farevarsel om sterk vind.

Statsmeteorolog Leonidas Tsopouridis seier den sterke vinden vil halde fram.

– No bles det opp i søraustleg liten storm på kysten, full storm utsette stader i fjellet. I fjellområde i indre strøk er det stader som får over 30 meter i sekundet, seier han.

Mellom anna bles det 28–30 meter i sekundet på Kråkenes og Ytterøyane fyr.

– Og det vil halde fram med å blåse utover dagen, til det roar seg i ettermiddag, seier Tsopouridis.

Men utover kvelden vil vinden ta seg opp att med sterk kuling utsette stader.

Mellom anna blei det på Folgefonna i natt målt orkan i kasta med over 50 m/s, melder Hardanger Folkeblad.

Fjellovergangar råka, bruer i fare for å stenge

Hardangerbrua og Sotrabrua i fare for å stenge på morgonkvisten grunna sterk vind.

veg og bru

Sotrabrua utanfor Bergen står i fare for å stenge måndag morgon grunna sterk vind.

Foto: Webkamera Statens vegvesen

På Hardangerbrua rv. 13 i Ulvik/Eidfjord er det no stiv kuling med sterk kuling i kasta.

Fleire fjellovergangar er råka av vêret.

Rv. 13 Vikafjellet er stengt. Klokka 12.30 blir det opna for kolonnekøyring frå Storhaug 12.30.

Fv. 50 Hol – Aurland var stengt, men no er det kolonnekøyring her. Den går frå Røldal til Seljestad.

Over E134 Haukelifjell er det kolonnekøyring.

Riksveg 7 Hardangervidda ved Hol/Eidfjord: kolonnekøyring.

HARDANGERVIDDA

Slik ser det ut på Hardangervidda måndag ettermiddag. Om du skal over her, må du køyre i kolonne.

Foto: Webkamera Statens vegvesen

Fv. 5723 Lodalen i Nordfjord var ein periode stengd etter at det gjekk eit snøskred over vegen like før Bødalen. Fare for nye skred gjer at vegen også blir stengd mellom klokka 17 måndag og 09 tysdag morgon.

Snøskred stengde fylkesvegen til Lodalen måndag morgon.
Foto: Vestland fylkeskommune

FV. 5623 Bakka, Guddalen: Tre og busker ramla ut i vegen og blokkerte han. Vegen var stengt ein periode, men opna klokka 11.00. Vegen blir stengt att klokka 17.00 i ettermiddag og fram til 09.00 tysdag morgon av preventive grunnar.

Det er også fleire innstilte ferjer på Vestlandet.

Flytrafikken råka

Flytrafikken er også råka av vêret. På Sola står alle fly inntil vidare.

Bergen lufthavn Flesland

På Bergen lufthavn Flesland er fleire fly innstilte.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

På Flesland er to SAS-avgangar frå Bergen til Stavanger innstilt. Det er også fleire fly som er forsinka. Fleire fly til Bergen er også innstilt, mellom anna tre fly frå Stavanger.

Også på Sogndal lufthamn og i Florø er det fleire forseinkingar og kanselleringar, melder Avinor.

Equinor melder om forseinkingar i helikoptertrafikken ut i Nordsjøen grunna utfordrande vêrforhold. Selskapet ber likevel alle passasjerar om å møte opp til vanleg tid.

På grunn av vind og bølgehøgder er dagens turar frå Flesland kansellerte, melder Heliport. Også fleire av turane frå Florø er kansellerte.

Vegtrafikksentralen: – Overraskande

Vinden skal halde på utover dagen, og Vegtrafikksentralen trur det vil kome inn endå fleire meldingar.

Dei ber folk vere ekstra varsame og følge godt med.

– Sjølv om det er plussgrader, kan det framleis vere glatt, minner trafikkoperatør Rolf Einar Vågheim om.

Her kan du sjekke oppdatert status på vegane.

Klokka 11.30 opplyser Leif Helge Fjellro i Vegtrafikksentralen at dei så langt har fått inn lite hendingar.

– Det går overraskande bra på vegane, i alle fall om du ser vekk frå fjellovergangane, seier Fjellro.






Del denne artikkelen