
Sjølv om snøen stort sett har gitt seg i låglandet, er det framleis snøvarsel i nokre område i Rogaland.
Meteorologisk institutt har sendt ut eit farevarsel om snøfokk i fjella i Sør-Noreg.
Varselet gjeld for store delar av fjellområda i Rogaland.
Vegar kan bli stengde, og det kan bli innført kolonnekøyring på kort varsel.
I Sauda har det kome mykje snø i løpet av gårsdagen og natta.
Lars Reidar Fosstveit ved Sauda skisenter seier dei har målt nærmare ein halv meter i løpet av det siste døgnet.
– Det er tett snøvêr og minus ei grad. Sidan i går har kome rundt 40 centimeter, og det snør framleis. Det er ein gledeleg morning, seier Fosstveit. Han held fram:
– Nesten ein halv meter. Eg trudde ikkje det skulle kome så mykje, men det ser veldig bra ut.