Ein personbil og ein buss er involvert i ei møteulykke på E134 i Ullensvang i Vestland.
– Det er opplyst om fire personar i bussen, alle desse hevdar seg uskadd, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannesen i Vest politidistrikt.
Det var tre personar i personbilen. Ein av desse er sendt til Haukeland med luftambulanse, medan dei to andre blir frakta til sjukehus av vanleg ambulanse.
Alle tre var vakne og oppegåande, melde politiet klokka 13.14.

Naudetatane er på staden. Èin person er frakta til Haukeland med luftambulanse.
Foto: Tale Hauso / NRK
110 Vest blei varsla om hendinga klokka 12.54.
– Me fekk ein e-call frå ein av bilane, like etterpå fekk me trippelvarsling, seier vaktleiar Jostein Steinsland-Hauge i 110 Vest.
Han seier det er store materielle skader på både personbil og buss.
– Me har målt temperatur på begge køyretøya, utan store utslag.
Tide stadfestar at det er ein av deira bussar som har vore involvert i ulukka.
– Per no jobbar me med å bistå naudetatane og få oversikt, seier pressekontakt Harald Hella.

NRKs reporter på staden melder at det har begynt å danne seg litt kø på staden. Det er slapseføre og glatt.
Foto: Tale Hauso / NRK
Vegen kan bli stengt
Ulykka har skjedd på E134 ved Grastjørn, sør for Skare i Ullensvang.
Vegtrafikksentralen Vest melder at vegen kan bli stengd i periodar.
– Vegen er ikkje stengt, men det er fare for stenging, seier trafikkoperatør Jørgen Bødtker.
Han fortel at det er snø- og isdekke på vegen.
Òg Johannesen i Vest politidistrikt melder om glatt veg, men han vil ikkje seie noko om det er det som har ført til ulykka.
E134 er stengt ved Korlevoll, litt sør for Grastjørn, på grunn av berging av eit vogntog.
Publisert
Oppdatert