På denne skulen har dei valt vekk nettbrett for dei minste – NRK Rogaland – Lokale nyheter, TV og radio

NRK
NRK

– Vi lærer meir utan iPad. Vi kan heller bruke tankane våre, seier Eline.

6-åringen går i 1. klasse på Åkra skule på Karmøy.

Kvar morgon startar dei med leik før dei finn plassen sin i klasserommet.

Så tar dei fram bøker.

– Eg tenker at elevane har eit betre utbytte av å jobbe i bøker. Særleg i 1. klasse. Og eg er gjerne ennå meir bevisst på å variere undervisninga nå, seier kontaktlærar Tomine Kjøllmoen.

Skoleelev leiter etter bokstaver på et bord med mange bokstaver.

Anna og Theo set saman ord med god hjelp frå kontaktlærar Tomine Kjøllmoen. Kvar veke lærer dei ein ny bokstav.

Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

Tidlegare har elevane på skulen fått nettbrett i det dei starta på skulen.

Dette skuleåret skulle eigentleg nettbretta bytast ut fordi dei byrja å bli utdaterte, men slik blei det ikkje.

– Vi fekk anledning til å vere ein pilotskule der 1.–4. klasse har kjøpt inn bøker i staden for nye nettbrett, seier Torbjørn Kjellesvik-Kristiansen.

Som einaste skule i Karmøy har dei nå kutta ut nettbrettet heilt for dei yngste.

Men også dei nyaste tala frå Utdanningsdirektoratet viser ein nedgang i bruken av digitale einingar i 1. klasse.

Mindre skjermbruk i heile landet

Dette skuleåret har sju av ti 1.-klassingar eigen digital eining.

Det er den lågaste dekninga sidan skulane byrja å rapportere dei inn til Udir.

Sist skuleår hadde 81 prosent av skulestartarane eigne nettbrett eller PC-ar.


– Eg trur mange har sett på elevresultata over ein lengre periode etter innføringa av iPad at det går utover konsentrasjonen og at lese- og skrivedugleikane går ned. Skjermen har kanskje tatt litt for stor plass enn det som gjerne var tenkt, seier han.

Mann med mørkt hår og jakke står ute i snøen.

Rektor Torbjørn Kjellesvik-Kristiansen seier mange ønskte å endre korleis skulen brukte nettbrett i undervisninga. Dette skuleåret har dei innført meir bøker. Nettbrettet er mindre i bruk.

Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun heiar på endringa.

– Det er fantastiske nyheiter. Eg heiar på alle som bidreg til at barn bruker mindre tid på skjerm og meir tid i fysiske bøker, seier ho.

Ekstra viktig å lese på skulen

– Eg trur dette både er eit uttrykk for at ein er blitt meir obs på viktigheita av å ha bøker å lese i, også er det eit uttrykk for dårlegare økonomi, seier Kjersti Lundetræ.

Mykje tyder på at det har blitt brukt mindre tid på lesing i skulen dei siste åra og at elevane les mindre på fritida, seier ho.

– Då blir det ekstra viktig å ha god tid til å lese på skulen.

Men digitale hjelpemiddel skal ikkje ut av klasseromma.

– Eg tenker det er ein fordel å ha nokre klassesett slik at læraren kan bruke digitale verktøy når dei treng det, seier ho.

Får ikkje ta med iPaden heim

På Åkra skule ligg dei gamle nettbretta i ein kasse på biblioteket. Tilgjengelege for 2.–4. klasse om dei trengst. Men aldri med heim i sekken som før.

Skulesjef i Karmøy kommune, Bjørn Nøttum, presiserer at dette ikkje dreier seg om ein pendel der ein går tilbake til slik det var før, men at Åkra skule har eit særleg fokus på papirbaserte læremiddel i sitt utviklingsarbeid.

– Dei vil kunne gjere seg viktige erfaringar som kan delast med dei andre skulane i kommunen, seier han.

En kasse med Ipader

Nettbretta ligg til lading på biblioteket og blir brukte til dømes om dei større elevane skal søke etter informasjon på nett eller svare på undersøkingar som må skje digitalt.

Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

4.-klassingane Filip og Tyra saknar ikkje nettbrettet.

– Når vi skriv, lærer vi betre på papir. Det sender signal til hjernen, forklarer Tyra.

Filip syntest det er rart å ikkje ha iPad lenger.

– Nå bruker vi han nesten aldri, også ligg han på skulen. Då eg hadde han med meg heim brukte eg han til å spele, seier han.

Skoleelev smiler til kamera og holder blyant i håndenSkoleelev smiler til kamera. Sitter i klasserommet.

Tyra og Filip har hatt eigen ipad på skulen i tre år, men nå er nettbretta lagt i ei kasse på biblioteket og får aldri bli med heim.

Marthe Synnøve Johannessen/NRK

Vil endre læreplanen for dei minste

Kunnskapsministeren ønsker seg også endring i læreplanverket for 1.–4. klasse når det gjeld bruken av digitale einingar.

Det er foreslått at denne setninga skal inn: «For elevar på 1.–4. trinn skal bruken av digitale einingar vere særskilt varsam, og ikkje dominere undervisninga.»

I august blei forslaget sendt ut på høyring.

– Kva betyr særskilt varsam?

– Det betyr at det må vere grunngitt reint pedagogisk at lærarane er sikre på at det faktisk fremmer læring betre enn å bruke fysiske bøker, praktisk utstyr eller uteleik, seier Kari Nessa Nordtun.

1.-klassinger leser bøker på skolen.

Eline likar å lese bøker om dyr. Kristoffer er glad i å lære om dinosaurar.

Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

På Åkra skule har 1.-klassingane gått på skulen i 90 dagar.

Heilt fritt for nettbrett.

Endringa var oppe i elevråd og foreldreutval før dei bestemte seg. Og rektor er glad dei ferske skuleungane ikkje har nettbrett på skulen.

– Dei minste er ikkje utvikla nok til å avgrense seg sjølv, seier Torbjørn Kjellesvik-Kristiansen.

Hei!

Har du tankar om saka du nettopp las, eller tips til andre saker eg burde lage? Send meg gjerne ein epost! 




Del denne artikkelen