Olje- og gassleverandørar får stadig større oppdrag for forsvaret – NRK Rogaland – Lokale nyheter, TV og radio

NRK
NRK

– Forsvaret har kome som ei kule, og det har blitt kjempestort.

Dagleg leiar Gabriel Høyland i Haaland Industri på Vigrestad på Jæren, tenkjer seg ikkje mykje om når han fortel kva Forsvaret betyr.

I det svære produksjonslokalet er det rett nok ikkje lett å sjå at dei leverer mykje dit.

Det ligg stål- og aluminiumsplater stabla på golvet. I reolane langs veggene er det røyr og kablar av forskjellig form og storleik.

Mann styrer ein liten truck og lastar kassar frå ein reol

40 prosent av produksjonen hos Haaland Industri går nå til det norske forsvaret

Foto: Ingvald Nordmark / Nrk

Du må kikka nøye etter for å oppdaga at det her og der er stabla delar og produkt med mørkegrøn farge.

Men då er beskjeden klar frå dagleg leiar:

– Dei får du ikkje ta bilde av!

Kraftig auke i sal til Forsvaret

I 2025 selde Haaland Industri varer for 100 millionar kroner til Forsvaret. Det utgjorde 40 prosent av omsetninga.

Fem år tilbake gjekk mindre enn 10 prosent av salet dit.

– Det er ein vanskeleg bransje å bli kvalifisert i, men når du har klart det blir du godt tatt vare på, seier Høyland.

– Litt slik som å levera til olje- og gassindustrien?

– Me kjenner det veldig igjen, men når det gjeld kvalitet og dokumentasjon så er nok forsvaret endå eit hakk meir kravstort.

Byttet ut oljeriggar med militært skip

På sida av det kjente verftet Rosenberg på Buøy utanfor Stavanger held delar av konsernet GMC til. Det blei stifta i 1973 og har vakse seg stort på olje- og gass-sektoren.

For to år sidan lyste forsvaret ut kontrakt på vedlikehald av transportskipet KNM Maud. Med ein lengde på 183 meter, er Maud det største skipet i det norske forsvaret.

KNM Maud under etterforsyning

KNM Maud etterfyller drivstoff til norske krigsskip ute på havet

Foto: Forsvaret

KNM Maud kan etterfylle andre marinefartøy med drivstoff, ferskvatn, ammunisjon, reservedelar og proviant mens dei er i fart.

I tillegg er skipet eit flytande sjukehus.

GMC vann ein rammeavtale for vedlikehald i 2023, og nå er det ikkje uvanleg å sjå skipet i dokk eller langs kai på Buøy.

– Me har ikkje noko med våpensystema å gjera. Men me gjer reparasjonar og oppgraderingar, fortel konserndirektør Thomas Vang.

Thomas Vang, konsernsjef i GMC, på Buøy i Stavanger, med Rosenberg verft i bakgrunnen

Thomas Vang er konsernsjef i GMC. Dotterselskapet GMC Yard held til på Buøy i Stavanger

Foto: Ingvald Nordmark / Nrk

– Korleis har du opplevd overgangen frå å levere mest til olje- og gassindustrien?

– Den ser me på som heilt saumlaus. Einaste forskjellen er at forsvaret jobbar på ein litt annan måte og at det er fleire aktørar.

GMC får betalt 600 millionar kroner for ein sju års vedlikehaldsavtale på KNM Maud, frå 2024 til 2030.

For dotterselskapet GMC Yard, så utgjer inntektene frå rammeavtalen opp mot 15 -20 prosent av alt dei tente i 2025.

Tidlegare hadde ikkje GMC noko levering til Forsvaret.

Det handlar om store tal

– I 2024 leverte private bedrifter i Noreg produkt til Forsvaret til ein verdi av 11–12 milliardar kroner, seier Torleiv Opland, som er direktør i Forsvars -og sikkerhetsindustriens forening. (FSi).

Torleiv Opland, direktør for FSi, Interesseorganisasjonen for forsvars- og sikkerhetsindustrien

Torleiv Opland, direktør for FSi, Interesseorganisasjonen for forsvars- og sikkerhetsindustrien

Foto: Nrk

Han understrekar at dette er usikre tal, og at dei kan reknast ut på mange måtar, men samstundes stadfestar han at det utan tvil er ei næring i sterk vekst.

– Den er bratt stigande. Frå 2024 til 2025 var det snakk om over 30 prosent vekst, seier Opland.

Næringsforeninga tar tak

– Det er over 50 bedrifter i Rogaland som leverer til konsernet Kongsberg våpenfabrikk, og som sender faktura dit kvar månad, fortel direktør i Næringsforeninga i Stavanger-regionen, Harald Minge.

Harald Minge, direktør Næringsforeningen i Stavanger-regionen på besøk på Haaland Industrier, Hå kommune

Harald Minge er direktør Næringsforeningen i Stavanger-regionen.

Foto: Ingvald Nordmark / Nrk

Men han meiner at det talet burda ha vore endå høgare. Nå gjennomfører næringsforeninga ei kartlegging blant medlemsbedriftene for å finne ut kor mykje dei tener på å levere til Forsvaret.

I tillegg har dei bestilt ein grundig rapport om potensial og muligheter i framtida.

– Den rapporten kjem truleg til å sjå ganske lys ut, meiner Minge.

Han er overbevist om at mange av leverandørane i fylket, som før hadde olje- og gassbedrifter som sine beste kundar, har kompetansen til å levera til Forsvaret.

Leverer alt dei kan

I hovudsak så er det boksar og kapslingar som Forsvaret pakker inn elektronikk i, som Haaland Industri produserer.

Kassar og stål-plater, lagra i produksjonslokalet til Haaland Industrier på Vigrestad på Jæren

Stålplater, lagra i produksjonshallen til Haaland Industri

Foto: Ingvald Nordmark / Nrk

Men det kan også vere metall-rammeverk, som Forsvaret monterer utstyr på.

– Og hadde me hatt større kapasitet så hadde me levert meir, seier Høyland.




Del denne artikkelen