– Det hadde vore ryddig å vente til det låg ein endeleg dom som avklarer om han skal utvisast. Vi meiner dette ikkje var nødvendig, seier advokatfullmektig Per Westvang.

Advokatfullmektig Per Westvang.
Foto: Wiersholm AS / Wiersholm AS
Han representerer Liban Wako Sora som klokka 6 torsdag morgon blei henta av politiet og sendt til utlendingsinternatet Trandum.
– Han er svært bekymra for korleis barna tar det, seier Westvang.
Torsdag bestemte Oslo tingrett at Sora skal sitte fire veker på Trandum.
– Politiet meiner det er fare for at han vil unndra seg og ikkje medverke til å reise ut av Noreg, seier Westvang og legg til:
– Liban er naturlegvis redd for kva som vil skje vidare.
Dei vurderer nå om dei skal anke avgjersla.
Politiet: – Nødvendig å pågripe Sora
Seksjonsleiar for ID-avklaring i Politiets utlendingseining (PU), Håvard Johnsen Bekk, seier til NRK at pågripinga av Sora ikkje er meint å påverke domstolen si behandling eller utfall av saka.
– Den rettslege prosessen vil bli respektert fullt ut. Det var likevel nødvendig å pågripe Sora nå, for å få avklart identiteten hans. Dette skjer innanfor Utlendingslovas rammer og i samsvar med politiet sitt mandat, seier han.
Sonen vakna av banking
Heime på Karmøy sit kone og fire mindreårige barn.
– Dei er naturlegvis veldig lei seg og skuffa, og lurer på korleis dei skal få kvardagen til å gå opp, seier Westvang om korleis dei reagerte på nyheitene om internering i fire veker.
Sonen, 15 år gamle Noodir, vakna av bankinga på døra då faren blei henta av politiet.
– Dei berre kom utan forvarsel og sa dei skulle ta med pappa til ein plass som heiter Trandum og sjekke identiteten hans. Eg sa ha det og så fekk eg gitt han ein klem, seier han.
– Kvifor blei det bestemt å hente Liban då barna var heime og ikkje på dagtid?
– I oppdrag kor barn er involvert, blir det gjort både barnefaglege og politioperative vurderingar. Barnefaglege prinsipp er innarbeida i all operativ aktivitet som PU gjennomfører, svarar Bekk.
Kona Batula Jarsso fortel at politiet prøvde å sette handjern på Liban, men at han nekta fordi han ikkje ville skremme barna.

Noodir, Ramadahn og mor Batula har sove i lag etter at far blei henta av politiet
Foto: Hedda Solbakken / NRK
På spørsmål om kvifor politiet såg det naudsynt å bruke handjarn, svarar Bekk følgande:
– I alle oppdrag blir det gjort politioperative vurderingar. I dette oppdraget blei vedkommande ikkje påsett handjarn etter ei vurdering gjort av politiet på staden.
Liban har tidlegare blitt utvist frå Noreg, men saka hans står i rettssystemet etter at Norsk organisasjon for flyktninger og asylsøkere, NOAS, stemna Utlendingsnemnda for retten for to år sidan.
Våren 2024 slo Oslo tingrett fast at utvisingsvedtaket var ugyldig, men i mai 2024 anka UNE, og saka har nyleg blitt behandla i Lagmannsretten.
Dommen er venta neste veke.
– Vi vil påpeike at Liban oppheld seg lovleg i Noreg fram til det kjem ein dom frå Lagmannsretten. Vi reagerer sterkt på denne pågripinga, seier seniorrådgjevar i NOAS, Jon Ole Martinsen.
Meiner fleire etiopiarar har blitt pågripne
Westvang meiner det er uheldig å internere medan ein ventar på ein dom.
– Dette viser dårleg skjønn frå politiet. Internering er noko av det mest dramatiske og inngripande styresmakter kan gjere mot eit menneske, seier han.
PU viser til at dei må få avklart identiteten til Sora.
– Når identiteten er avklart kan ein innhente reisedokument frå riktig land før returen kan skje. I dette arbeidet kan internering vere naudsynt jamfør Utlendingslova, seier Bekk.

Jon Ole Martinsen er seniorrådgjevar i NOAS og har blant anna Etiopia som fagområde.
Foto: NRK
Ifølge Martinsen i NOAS har fleire etiopiarar blitt pågripne i heimane sine den siste tida.
– Det synest å vere ein koordinert aksjon i fleire byar. Etter vår erfaring tilseier ein slik aksjon at det er venta ein etiopisk delegasjon som skal avklare identiteten til etiopiarane.
Til denne påstanden svarar Bekk at dei ikkje ønsker å kommentere av politioperative omsyn.
Trur det er pappa kvar gong nokon kjem
Etter at Liban Sora blei henta, har familien sove i lag på madrassar i stova.
Ingen av ungane ville sove på romma sine og Ramadahn på 5 år trur det er pappa som kjem kvar gong han høyrer lydar ved døra, fortel mor.
Onsdag ringte Sora heim.
– Han snakka roleg og sa eg skulle prøve så godt eg kunne og passe på at barna gjekk på skulen, fortel Batula Jarsso.

Noodir og Ramadahn dagen etter at pappa Liban Saro blei henta av politiet.
Foto: Hedda Solbakken / NRK
Publisert
Oppdatert