Det aller finaste er å sitte i stolen og sjå utover innseglinga til Haugesund, synest Åse Kambe.
– Eg kan sitte i vindauget og filosofere. Heilt stille. I fleire timar. Det er veldig deilig å kjede seg. Eg trur fleire hadde hatt godt av det.

Heilt aust på Bakarøy i Haugesund har Åse Kambe den beste utsikta til byen og alle øyene rundt. Her et ho frukost med ektemannen Magne kvar dag. Så kan ho sjå utover på alle båtane, verftet, fuglane og vêret i fleire timar.
Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK
I ei korg ved sida av ligg ei bok og eit handskrive sitat på linjert papir.
71-åringen har alltid likt å lese bøker med sitat som ho kan ta med seg vidare.
Eit par har ho skrive ned og lagt i korga. Så kan ho plukke det opp når det trengst.
Ho les frå lappen:
– Kor mykje vondt har vi godt av?

Åse har aldri takka nei til noko. Ho kallar seg eit ja takk-menneske.
– Eg kan ikkje gjere noko litt. Det eg gjer, gjer eg mykje. Det finst ikkje noko mellomting.
Ho var alltid den første på fest og den siste som gjekk heim.
Livsnytar, sosial og vidfaren.
Ja takk fungerte i 61 år.
Så stansa hjarta.
Heldigvis for Åse hamna ho på eit sjukehus som var med i ein studie om hjartestans.
Så blei det mørkt og mjukt
August 2015 var på hell, og dei skulle eigentleg til hytta og legge bark i blomsterbeda. Men Åse hadde kjent seg uvel nokre dagar.
– Eg trur eg blir heime, sa Åse til ektemannen Magne.
Yngstesonen blei med på den 30 minuttar lange køyreturen til sommarplassen dei hadde ved fjorden.
Heime kjente Åse seg brått skikkeleg dårleg og ringte ektemannen.
– Å! Magne, eg trur eg har fått hjarteinfarkt.
– Men kjære deg, du må ikkje ringe meg. Du må ringe 113.
– Men kan du ikkje komme heim?
– Eg kan ikkje gjere noko med det. Du MÅ ringe 113!
Så ringte ho.
– Eg trur eg har hjarteinfarkt.
– Oi sann, kva er namnet ditt?
– Åse Kambe.
– Adresse?
– Fødselsnummer?
– Nei, nå døyr eg.
Det var som om alt forsvann frå hovud, armar og bein. Mobilen datt ut av handa og seglde bortover parketten.
Ho låg på golvet og kjente seg varm. Så blei det mørkt og mjukt.
– Det var grufullt. Men det var ikkje vondt.
Magne og sonen heiv seg i bilen. Blinka med varsellysa for å komme seg raskt heim.
Samstundes rykka ambulanse og politi ut.
Åse budde i eit leilegheitskompleks. Politiet hadde med rambukk for å slå inn dørene.
Men ambulansen køyrte til feil inngang.
Til alt hell kom ein nabo køyrande i båt. Han såg oppbodet av politi og ambulansar.
Naboen hadde hovudnøkkel og viste veg til riktig inngang.
Fire forsøk trong dei med defibrillator for å få hjarte til Åse i gang.
Det hadde stoppa å slå i 20 minuttar.
Ho var umedviten og blei flogen med helikopter til Stavanger universitetssjukehus, SUS.

Den 28. august 2015 klokka 14.03 tok helikopteret av frå ein kai i nærleiken av heimen til Åse Kambe og frakta henne til Stavanger.
Foto: Privat
Overleving hang saman med kor du blei lagt inn
På sjukehuset takka familien ja til at Åse kunne bli med i ein europeisk hjartestansstudie. SUS var einaste sjukehus som deltok frå Noreg.
Studien skulle undersøke om pasientar hadde betre sjanse for å overleve om dei blei kjølt ned til 33 grader i 48 timar i staden for 24 timar, slik praksis var.
Eldar Søreide var seksjonsoverlege på intensivavdelinga då Åse blei lagt inn.
Og Stavanger universitetssjukehus har historisk vore ein god plass å hamne om ein har hatt hjartestans.
For å forstå kor stor endring som har skjedd på dette feltet må vi ha litt historietime.
– For 25 år sidan var det stor forskjell på overleving avhengig av kor du var i Noreg, forklarer Søreide.
På slutten av 90-talet hadde pasientar med hjartestans dobbelt så høg overleving i Stavanger som i Oslo, viste ei studie.
Skilnaden i praksis var at ein i Stavanger i større grad behandla pasientane meir aktivt på intensiven.
Altså gav dei meir tid til å komme seg.

Eldar Søreide er i dag dekan på Universitetet i Stavanger. Han er professor i akuttmedisin og medisinsk simulering. Frå 1990–2022 var han tilsett på SUS.
Foto: Øystein Otterdal / NRK
Samtidig kom dei første studiane som viste at nedkjøling var viktig. Og då byrja ein med dette både i Stavanger og i Oslo.
Fleire overlevde, særleg i Oslo, og ein trudde det var sjølve nedkjølinga som gav resultat.
Studien Åse var med i viste seg at det ikkje var tilfelle, men han blei likevel viktig.
Det tredje døgnet tinte dei opp Åse. Det er slik ho beskriv det sjølv.
– Eg trur ikkje familien min trudde eg kom til å overleve. Då eg opna augo og dei hadde fått litt kontakt, byrja dei å søke etter sjukeheimsplass.

Familien budde på sjukehushotellet i Stavanger i tre veker.
Bilete er teke den 31. august. Tre dagar etter at Åse blei lagt inn på sjukehuset i Stavanger.
Foto: Privat
Ho hugsar ingenting. Ikkje før ho vakna i ambulansen på ferja på veg til Haugesund tre veker seinare.
Fire veker etter hjartestansen fekk ho reise heim til leilegheita.
Livet skulle stablast tilbake på beina.
Og dei små tinga blei ekstra fine.
«Gjenoppstandelsesfest»
På veg til hytta den første påsken etter hjartestansen køyrte dei forbi eit jorde med lam.
Då byrja Åse å gråte.
– Kvifor gret du, spurte Magne.
– Eg har fått alt dette på kjøpet. Dette skulle eg eigentleg ikkje vore med på.
Ho bestemte seg for å markere 1-årsdagen for at ho hadde stått opp att, om ho framleis var i livet.
I august 2016 inviterte ho familie og vener til hytta. Ho kalla det «gjenoppstandelsesfest» i invitasjonen. Og bad gjestene ta med grillmat og badetøy.
Festen har blitt ein årviss tradisjon. På 10-årsdagen slo ho til med live musikk.
-
Ti år etter at Åse Kambe fekk hjartestans feira ho med live musikk og gode vener.
Foto: Privat
-
Foto: Privat -
Foto: Privat -
Åse i lag med ektemannen Magne.
Foto: Privat
Det har blitt viktig å feire livet når ein har fått ein ny sjanse.
Men også bruke erfaringa på ein god måte. Som då tante Jenny var sjuk.
Tante Jenny
Åse var ofte på besøk. Men under det eine besøket var tante Jenny så lei seg.
– Eg er redd for å døy, sa tante Jenny.
– Kva er du mest redd for. Å forlate verda eller å døy?
– Å døy.
– Det skal du ikkje vere redd for. Det var varmt og godt og mjukt. Neste gong eg døyr, kjem eg ikkje til å vere redd i det heile tatt, sa Åse.
Så lo dei og gret litt.
Tante Jenny døydde nokre dagar seinare.
Røyken er borte og vin smakar eddik
Det er over 10 år sidan hjarta til Åse slutta å slå.
I dag er ho oppteken av at ein må seie det ein har på hjarte når ein ennå er her.
Ho skulle ønske folk stressa mindre. At dei stoppa opp og såg alle dei fine tinga rundt seg.
Ho set pris på dei første løvetennene som er oppe og nikkar om våren og gler seg over at grågåsa kjem flygande i v-formasjon.

På denne terrassen tok ho seg gjerne ein røyk før hjartestansen. Då ho kom heim knakk ho alle sigarettane og kasta dei i sjøen.
Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK
Medan Åse ser på innseglinga til Haugesund er sjukehuset i Stavanger med på ein ny studie.
Philipp Seidel er forskar og overlege på intensivavdelinga.
Studien heiter Stepcare og dei forskar på kva for ein del av intensivbehandlinga som er viktigast.
– Det er ein av dei største studiane innanfor behandling etter hjartestans som ikkje berre ser på temperatur, forklarer Seidel og held fram:
– La oss seie det viser seg at det ikkje er nødvendig å kjøle pasientar ned i det heile tatt. Då kan behandlinga bli mykje enklare.

Philipp Seidel er overlege på intensivavdelinga på SUS som er med i ei stor studie om intensivbehandling av pasientar som har hatt hjartestans. 3.500 pasientar er med i studien. 60 av desse på SUS.
Foto: Erik Waage / NRK
Studien Åse var med i blei avslutta i 2017.
Den og fleire hundre andre studiar som er gjort, har ført til at sjukehus i heile Europa i november i fjor fekk nye retningslinjer når det gjeld å behandle bevisstlause pasientar etter hjartestans.
Blant anna viste studien Åse var med på at det ikkje var nedkjølinga som utgjorde skilnaden, men at pasienten blei behandla aktivt lenger på intensivavdelinga før ein gav opp.
– Då fekk fleire pasientar moglegheit til å vakne opp og overleve, seier Eldar Søreide.
Det betyr at skilnadene frå sjukehus til sjukehus ikkje er slik dei var.
Altså, behandlar ein på same måte som SUS har gjort i årevis.
– Om du får hjartestans i Stavanger eller Berlin er behandlinga i etterkant ganske lik. Det har gjort at overlevinga dei siste åra har økt, seier Seidel.
I dag er Eldar Søreide dekan på helsevitskapleg fakultet på Universitetet i Stavanger.
Han har vore i gamet i 40 år.
– I 1990 overlevde 5 av 100 hjartestanspasientar med sjokkbar rytme i vår region. Då eg slutta på sjukehuset, overlevde 50 av 100.
Fordi behandlinga har blitt betre og ikkje minst at folk flest får opplæring i hjarte- og lungeredning.
– Så historisk sett er dette ei enorm suksesshistorie.

Det er ein litt ny versjon av Åse Kambe i dag. Litt rolegare, men mykje meir takksam.
Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK
Åse er glad familien takka ja til å vere med på studien.
– Ingen må seie nei takk til å vere med på forsking. Det er faktisk litt kjekt å tenke på at ein har vore med på å bidra til lærdom.
Ho kan ikkje seie ja takk til alt lenger.
– Nokre dagar tar eg ikkje telefonen, og eg går ikkje ut.
Røyken er borte. Vin smakar eddik, og på fest er ho ikkje lenger den første som kjem og den siste som går.
Det går ikkje like fort, men det går.
– Eg kan ikkje køyre kroppen i 70 km/t, men eg kjem meg fram i 20 og 30 også.
Så tar ho fram lappen frå korga og les det siste handskrivne sitatet på det linjerte papiret:
– Vi må godta vår smerte, forandre på det vi kan, og berre le av resten.

Du kan høyre historia til Åse Kambe i podkasten Øyeblikket her:
Hei!
Har du tankar om saka du nettopp las, eller tips til andre saker eg burde lage? Send meg gjerne ein epost!