Slik gjekk det med Equinor i 2025 – NRK Rogaland – Lokale nyheter, TV og radio

NRK
NRK

Equinor sitt overskot for fjerde kvartal i 2025 var på 6,2 milliardar amerikanske dollar eller over 59 milliardar norske kroner.

Det kjem fram i tala som vart lagt fram onsdag morgon.

– Med nye felt i produksjon og god drift, leverer vi rekordhøg produksjon og konkurransedyktig avkastning i 2025, seier konsernsjef Anders Opedal til Equinor sin eigen nettstad.

Anders Opedal, konsernsjef Equinor

Konsernsjef i Equinor, Anders Opedal.

Foto: Erik Waage / NRK

Også overfor NRK seier Opedal seg nøgd med tala.

– Det skuldast veldig godt arbeid av alle tilsette, nye felt i drift, mange nye brønnar på eksisterande felt. Det var eit veldig godt år i 2025, seier konsernsjefen.

Nedgang frå 2024

Dei nye tala viser ein nedgang i forhold til i 2024. I same periode var tala då på 7,9 milliardar amerikanske dollar eller rundt 76 milliardar norske kroner.

I 2024 tente Equinor Equinor 335,2 milliardar kroner, litt mindre enn i 2023.

Likevel har grafen aldri vore så høg som i 2022, då Equinor leverte eit resultat på rundt 800 milliardar.

Grafen under viser resultata frå Equinor dei siste åra, oppgitt i dollar.


Greenpeace fresar: – Skamlaust

Ikkje alle er like nøgde med dei gode økonomiske tala som Equinor leverer i dag.

Blant dei er organisasjonen Greenpeace og klima- og energirådgjevar Stine Wilhelmsen.

Stine Wilhelmsen, talsperson Greenpeace Norge

Stine Wilhelmsen er klima- og energirådgjevar i

Foto: Tom Edvindsen / NRK

– Fjoråret slo alle varmerekordar. Både her heime og rundt om i verda ser vi ein forsmak på lidinga og øydeleggingane klimakrisa vil føre til.

– Det er skamlaust at Equinor i dag feirar milliardoverskot frå olje og gass, mens menneske over heile verda blir ramma av konsekvensane.

Kommentator: – Små usikkerheiter i tida framover

Hilde Øvrebekk er kommentator i Stavanger Aftenblad.

Ho seier tala er litt betre enn det som var venta på førehand.

– Det er rekordhøg produksjon i fjor. Det reknar dei med at vil halde seg, i alle fall ei stund, seier Øvrebekk.

Hilde Øvrebekk

Equinor har grunn til å vere fornøgde, meiner Aftenbladets kommentator.

Foto: Anders Haualand

Samstundes peiker ho på at det har vore uro rundt Melkøya-prosjektet i nord, og havvindprosjektet Empire Wind i USA.

– Det er små usikkerheiter som ligg i tida framover, seier Øvrebekk, og legg til at det vil få følger om desse prosjekta blir stansa.

Venta nedgang

Fleire analytikarar, som Equinor henta inn viste til at dei venta ein nedgang i fjerde kvartal samanlikna med same periode i 2024.

I Stavanger venta også sjeføkonom for Sparebank 1 Sør-Noreg, Kyrre M. Knudsen at resultatet blei noko lågare.

– Men det er framleis ei påminning om at dei tener veldig mykje pengar, og at mykje av dette er med på å støtte og styrke norsk økonomi, seier Knudsen til NRK.

Kyrre M. Knudsen

Kyrre M. Knudsen er sjeføkonom i Sparebank 1 Sør. Noreg trur på førehand at resultata vil bli lågare.

Foto: Ole Andreas Bø

Knudsen er spent på aktivitetsplanen til Equinor framover, og om ein skal halde stabil aktivitet, eller om han blir mindre framover.

– Eg trur at Equinor siktar mot å halde aktiviteten stabil. Men samstundes ser vi òg at det er ein del store prosjekt som no går mot slutten, noko som kan tale for at det blir noko lågare aktivitet i nokre av segmenta innanfor den norske oljebransjen, seier sjeføkonomen.






Del denne artikkelen