– Eg forstår ikkje korleis det gjekk, seier David Njå.
I natt vart han vekka av ein som banka på vindauget og sa at det brann på Lyefjell like ovanfor garden.
Han og to andre tok beina fatt og forsøkte å hindre brannen i å spreie seg.
– På veg ned til garden er det ein skog i vegen. Hadde brannen nådd skogen kunne det blitt et helsike av ein annan verda, seier Njå.
Gardseigaren er overtydd om at han opplevde et mirakel.
– Det kunne gått skikkeleg ille, men av ein eller annan grunn klarte vi å hindre brannen frå å spreie seg, seier han.
Torsdag er to skogbrannhelikopter flytta til Vestlandet for å vere i beredskap. Dei er no i Ålesund og på Voss.
Fekk kontroll i dag tidleg
Ved 8-tida i dag meldte brannvesenet at dei hadde kontroll på delar av brannen.
– Vi håpar at vi er ferdige og har kontroll før det mørknar, sa brannmeister Harald Dirdal i 10-tida i dag.
Dirdal fortel at brannen heldigvis ikkje har tatt tak i noko skog.
– Det er stort sett dødt gras og slikt.

Brannvesenet seier no at dei har delvis kontroll på brannen.
Foto: Tom Edvindsen / NRK
Krevjande sløkkearbeid
Ved midnatt blei det meldt om brann i terrenget i området ved Lyefjell på Jæren. Kraftig vind og tørt terreng har gjort sløkkearbeidet krevjande.
Brannvesenet sende ut seks brannbilar med mannskap for å få bukt med flammane.
Lyefjell ligg i Time kommune, i nærleiken av Bryne.
Brannvesenet har sagt at det er vanskeleg å fastslå kor stort område som er råka.
Politiet har likevel meldt at det er snakk om eit område på fleire hundre kvadratmeter.

Vanna i nærleiken av fjellet var frose, så brannvesenet måtte ty til løvblåsare for å sløkkje brannen.
Foto: Tom Edvindsen / NRK
Ikkje fare for spreiing til hus
Brannvesenet meldte tidleg at det ikkje var fare for spreiing til hus. Det blei heller ikkje sett i verk evakuering av nærliggande hus.
– Ut frå meldingane vi har fått inn har det ikkje vore fare for spreiing til hus. Vi har vore heldig med vindretninga, sa vakthavande brannsjef, Ståle Fjellberg, rundt klokka 06 i dag.

Det har vore vanskeleg å anslå kor stort område som blei råka.
Foto: Tom Edvindsen / NRK
Sjølv om bustadhus i nærleiken blei rekna som trygge, sa Fjellberg at det kunne oppstå ein del røyk.
– Då må ein lukkedører og vindauge, og skru av ventilasjonen slik at ein ikkje får røyk inn i huset.
Vil ikkje innføre totalforbod mot brenning
Det er no gult varsel for skogbrannfare i store delar av Rogaland. Den siste tida har brannvesenet tatt seg av fleire brannar i terrenget i fylket.
Torsdag er to skogbrannhelikopter flytta til Vestlandet for å vere i beredskap. Dei er no i Ålesund og på Voss.
Sist i går oppstod det ein større terrengbrann i Tysvær. I helga var det terrengbrannar både på Karmøy og på Hana.
Rogaland brann og redning vil likevel ikkje innføre eit totalforbod mot brenning.

Det er lokal gras- og lyngbrannfare i snøfrie område i Rogaland inntil det kjem nedbør av betydning.
Foto: Meterologene
– Vi ønsker ikkje å gå inn med eit totalforbod no, men vi vil understreke at risikoen er svært høg, seier brannsjef Tom Meyer i Rogaland brann og redning.
Han minner om at den som tenner eld, alltid har det fulle ansvaret. No er det svært tørt i terrenget, og ein eventuell brann vil spreie seg svært raskt.
Det er likevel venta at faren vil avta noko dei næraste dagane. Meyer peiker på at det er ventar både nedbør og mindre vind framover.
Publisert
Oppdatert