Difor slit kyrkjene med stivfrosen jord – NRK Vestland

NRK
NRK

Sidan 1901 er det berre 14 gonger at det har vore målt enn kaldare januar enn i år.

I snitt var temperaturen 4,4 grader lågare enn «normalt».

Det er ikkje berre ei utfordring for dei levande, men også dei døydde.

Den siste månaden har kyrkjer vore nøydde til å utsette gravferder fordi jorda er stivfrosen.

Gravemaskinene har ganske enkelt ikkje nok «gjennombrotskraft» i tørrfrosten.

«Oppryddinga vil bli utført så fort vi har tilgjengeleg utstyr i orden igjen», opplyser Heim kyrkjelege fellesråd.

Graveren måtte pikke og hakke

På Stord i Vestland går telen éin meter ned i jorda.

Forklaringa er kombinasjonen av lite snø og låge temperaturar. Da går frosten «uhindra» ned i jorda.

Kyrkjeverje i Fitjar, Harald Rydland, seier til avisa Sunnhordland, at dei har éin elektrisk tinematte, men at det «tar forferdeleg lang tid når telen er så djup som no».

Vi hadde ei gravferd i ei tid tilbake. Då sleit graveren vår veldig. Han måtte pikke og hakke.

Til NRK seier han at det fort blir kø ved fleire kistegravferder ettersom tinemattene og metallkoppane treng opp mot 72 timar på å «mørne bakken».

Det er store variasjonar frå jordsmonn til jordsmonn, men tommelfingerregelen er at det tar eitt døgn å tine 30 centimeter.

Vi har berre éin tinematte, og den kan berre vere éin stad om gongen, seier Rydland.

Han legg til, på humoristisk vis, at folk helst bør halde seg friske og ikkje døy no som det er så kaldt.

Ordførar Harald Rydland ved Fantasiens hage av Kjell Pahri-Iversen

Kyrkjeverje Harald Rydland var tidlegare ordførar på Fitjar.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Pårørande blir oppmoda til å velje kremasjon

I Haugesund har kyrkjeverja spurt pårørande om dei kan velje kremasjon framfor kistegravferd.

Vi bikker fort fire–fem dagar på å tine jorda godt nok til at vi kan grave, seier han til Haugesunds Avis.

På Hemne gravplass i Heim kommune gjorde januarkulda at både tine-apparatet og snømåkaren kapitulerte.

Gravplasslova seier at gravlegging som hovudregel skal skje «seinast 10 arbeidsdagar etter dødsfallet».

Lova har likevel ein ventil for «særlege grunnar».

Ekstrem kulde kan vere ein grunn til å fråvike, men det er også ei forventning at gravplassmyndigheitene har utstyr som handterer normal drift, seier Martin Stærk, som er gravplass-direktør i KA.

Gravplassdrift er utsett for klimaendringar

Om avdøde blir kremert, har dei involverte betre tid. Da skal gravlegging skje seinast 6 månader etter dødsfallet.

Seremonien kan derfor gjennomførast som planlagt, mens sjølve urnenedsettinga blir utsett til våren når telen har gått.

Denne situasjonen er ei god påminning om kor vêravhengig gravplassdrift kan bli – og dermed kor utsett denne sektoren er for klimaendringar. Store snøfall, flaum og styrtregn er andre, seier Bjarne Kjeldsen, som jobbar med spørsmål knytt til kyrkje og gravplass i Fagforbundet.

Han legg til:

Ei anna påminning denne historia gir, er at ein høg kremasjonsdel forenklar gravplassdrifta vesentleg.

  • Johannes Sørhaug

    P / NRK

    Johannes Sørhaug, leiar i Norsk foreining for gravplasskultur

    Kostnaden med å ikkje få gjennomført gravferd innan den tid ein ønsker, kan vere store. Samtidig så oppfattar vi at dei fleste har forståing for at det kan vere klimatiske forhold som gjer forholda ressurskrevjande. Det er dei etterlatne som bestemmer gravferdsform, og vi som gravplassforvaltar må ha infrastruktur for vinterdrift. Altså utstyr som fungerer og tinemoglegheiter.

  • Bjarne Kjeldsen, jobbar med yrkespolitiske spørsmål knytte til kyrkje og gravplass i Fagforbundet

    Fagforbundet

    Bjarne Kjeldsen, rådgjevar, Yrkesseksjon kirke, kultur og oppvekst

    For samfunnet kan ein slik situasjon sette press på kjøleromskapasitet og seremonilokale. For etterlatne vil det sikkert vere varierande. Gravferdsseremonien kan ha ein viktig funksjon for handtering av sorg. Det er noko med dramaturgien som kan bidra til å komme vidare. Å gå i ein limbo og vente kan antakeleg kunne opplevast krevjande. Men ved val av kremasjon kan ein jo unngå dette.

  • Martin Stærk, direktør i avdeling for kirkebygg og gravplass i Hovedorganisasjonen KA

    KA

    Martin Stærk, gravplass-direktør i KA

    Det vil variere mellom landsdelar kor mykje og kva slags tineutstyr som trengst, men ein bør ha tilgang på tineutstyr til normal drift på alle gravplassar. Endringar i klima, slik vi ser nå, bør vere ein faktor som ein tar med ved langtidsplanlegging og ha beredskap for.

Kremasjon er no den vanlegaste gravferdsforma

Kremasjon har i norsk samanheng gått frå «teologisk uforsvarleg» til ein praksis av nødvendigheit då kyrkjegardane i Kristiania var overbelasta ved inngangen til 1900-talet.

Hundre år seinare gjer plassmangel, økonomi og miljøomsyn at kremasjon er ønskt politikk.

I 2024 bikka kremasjonsdelen 50 prosent, noko som betyr at kremasjon no er den vanlegaste gravferdsforma i Noreg, sett under eitt.

I gamle dagar blei det brend koks direkte på gravstaden for å tine jorda – centimeter for centimeter. Det kunne ta dagar, og røyken låg tung over kyrkjegardane.

I andre tilfelle blei kistene plasserte i «likstuer» eller kalde uthus i påvente av vårløysinga.




Del denne artikkelen