Ein hypotese er at han er påsett – NRK Rogaland – Lokale nyheter, TV og radio

NRK
NRK

Nødetatane rykte i kveld ut etter melding om brann i gras og terreng like ved ein tursti i området ved Buggeland i Sandnes.

Rett over klokka ni opplyser operasjonsleiar Olaug Bjørnsen om at brannen er sløkt, og at det er sendt opp drone for å få oversikt.

– Brannårsaka er ukjend. Ein hypotese er at han er påsett, forsettleg eller aktlaust. Politiet har avslutta på staden, skriv Bjørnsen.

Det er oppretta sak på forholdet.

Første melding frå politiet var at flammane var nær hus i nærleiken.

Då nødetatane kom til brannstaden rett før klokka 21, opplyste politiet om at ein grusveg fungerte som skilje mot bustadane, og at evakuering førebels ikkje var sett i verk.

Del denne artikkelen