Dei siste åra har raffineriet på Mongstad vore etterforska av Økokrim.
I desember fekk Equinor ei rekordstor bot på 720 millionar kroner, mellom anna på grunn av eit stort gassutslepp i 2021.
Men berre ein månad etter at bota vart kjent, hadde Equinor nok et ulovlig utslipp.
Miljødirektoratet fryktar at Equinor ikkje har god nok kontroll, viser brev som NRK har fått innsyn i.

Miljødirektoratet kritiserer Equinor for gjentatte «uhellsutslepp» ved Mongstad og peikar på systemsvikt og manglande vedlikehald.
Foto: Marit Hommedal / NTB
Kraftig kritikk
Etter gjentatte utslepp ved raffineriet på Mongstad er Miljødirektoratet «bekymra for om Equinor har tilstrekkeleg kontroll på drifta av anlegget», skriv dei i et brev 30. januar.
Nokre dagar seinare får Equinor enda skarpare beskjed.
Da gjer Miljødirektoratet det klart at dei ikkje ser på hendingane som isolerte uhell, men som symptom.
Heilt konkret viser tilsynsmyndigheita til «enda ei hending» 18. januar:
Eit gassolje-utslepp på 850 liter.
«Det aktuelle ulovlige utslippet er ytterligere en hendelse i en rekke hendelser hvor Equinors manglende vedlikehold og mangelfulle rutiner fører til utslepp ved anlegget. Dette finner vi kritikkverdig», skriv direktoratet.
750 liter skal vere samla opp igjen etter utsleppet.
Miljødirektoratet: – Vi må vere tydelege
Andre utslepp i 2020 og 2024 har bidratt til det anstrengde forholdet mellom direktoratet og oljegiganten
Direktoratet legg til at fleire uhell «kunne vore unngått dersom tilstrekkeleg vedlikehald hadde blitt utført av Equinor».

Miljødirektoratet bruker uvanleg sterke ord i eit brev til Equinor. I brevet koplar dei fleire «uhellsutslepp» direkte til «manglande vedlikehald» og «mangelfulle rutinar».
Foto: Håvard Nyhus / NRK
Den siste brevvekslinga kjem på toppen av eit straffegebyr som blei varsla av Miljødirektoratet i oktober.
Seksjonsleiar i Miljødirektoratet, Harald Sørby, seier til NRK at det er nødvendig å ta hardt i for at Equinor skal innsjå alvoret.
– Vi må vere tydelege i tilbakemeldingane våre, slik at folk forstår kva vi meiner.
Han legg til:
– Hendingane ved Mongstad føyer seg inn i ei rekke. Og når desse gjentar seg med jamne mellomrom, så tenker vi at det må ligge noko under.

Seksjonsleiar i Miljødirektoratet, Harald Sørby, seier til NRK at det er nødvendig å ta hardt i for at Equinor skal innsjå alvoret.
Foto: Allan Klo/NRK
Equinor: – Kjenner oss ikkje igjen
Ellen Maria Skjelsbæk i Equinor seier til NRK at selskapet «ikkje kjenner seg igjen i dei generelle beskrivingane» som Miljødirektoratet gir til vege i brevet.
– Vi jobbar systematisk kvar dag for å unngå hendingar og uhellsutslepp, seier ho.
– Og dersom dei likevel førekjem, tar vi det svært alvorleg. Då er det viktig å sørge for læring.
Ho viser til at Mongstad kvart år bruker rundt 1,5 millionar arbeidstimar på vedlikehald.
– Samanlikna med europeisk raffineringsindustri har vi utført meir vedlikehald enn dei fleste tilsvarande anlegg.

Den siste brevvekslinga kjem på toppen av eit straffegebyr som blei varsla av Miljødirektoratet i oktober.
Foto: Rodrigo Freitas / NTB
Førelegg på 720 millionar kroner frå Økokrim
Oljeselskapet vil ikkje betale bota på 720 millionar kroner som dei fekk av Økokrim i desember. Dei har varsla at dei vil ta saka til retten (sjå uttale under).
I desember blei Equinor også politimeld av Havindustritilsynet (Havtil) etter ei hending der to Mongstad-arbeidarar blei eksponerte for eit kreftframkallande stoff.
Ifølge Havtil gjekk hendinga «inn i eit større bilde» med «manglar og svakheiter» ved raffineriet. Equinor har tidlegare sagt at dei samarbeider med politiet og at dei ser alvorleg på hendinga.
For utslippet januar i år fekk Equinor ei bot på 600.000. Equinor har klaga inn dette og gebyret er ikkje endeleg vedteke.
Konstruksjonsfeil frå 1988 er aldri retta opp
Årsakene til feilen som Equinor fekk bot på 720 millionar kroner for, stammar heilt tilbake til 1988, då anlegget vart bygd.
Det går fram i ei granskingsrapport som Bergens Tidende omtalte først. NRK også fått innsyn i rapporten.
Den viser at 50 personar var i nærleiken av gasskya, og at minst fire personar kunne ha døydd. Rapporten peker på desse årsakene:
- Anlegget på Mongstad har ein designfeil frå byggjeprosessen i 1988.
- Ein tank som tek imot væske frå det sentrale anlegget, er dimensjonert for langt lågare trykk enn det anlegget pumpar ut.
- Feilen blei oppdaga i 1991, men blei aldri retta opp.
- Ein periode med fokus på uventa høge kostnader gjorde det «krevjande» å ta opp problemet.
- Truleg har det vore fleire liknande utslepp grunna denne feilen.
Publisert