– Når det gjeld prisnivået til denne meisterskapen er eg sjeleglad vi ikkje driv med svartebørs og vidaresal med påslag i Noreg.
Det seier Tomas Tuen. Han er mangeåring landslagssupporter, og har så langt fått med seg alle Noreg sine kampar i VM.
Billettane til gruppespelet skaffa han seg gjennom Noregs Fotballforbund (NFF). Sjølv om Tuen er busett i Rogaland, tar han jamleg turen til Oslo for å få med seg Noreg sine landskampar.

Tuen har vore i USA sidan 14. juni.
Foto: Privat
– Eg har fått med meg alle landskampar for herrelandslaget sidan mars 2023, heime som borte. Fotball har blitt ein livsstil, så for min del handlar det om prioriteringar, seier han.
Men sjølv om Tuen fekk tak i billettar til VM, meiner han at billettsystemet til NFF slår urettferdig ut for slike som han.
Poengsystem i gruppespelet
Det finst fleire måtar å skaffe seg billettar til fotball VM på. Den aller billigaste er gjennom NFF.
Tildelinga av billettar til gruppespelet blir styrt av eit poengsystem basert på oppmøte under kvalifiseringskampane i perioden mars 2024 til november 2025.

Medan dei offisielle billettane gjennom NFF er rimelege, må ein ut med svimlande summar på den offisielle plattforma til FIFA dersom ein vil ha tak i billettar til sluttspelet.
Foto: AP
Kvar kamp ein deltar på gir eitt poeng.
Jo fleire poeng ein supporter har samla, jo høgare pulje hamnar ein i, og jo større er sjansen for å skaffe seg VM-billettar.
– Å få med seg ein heimekamp på Ullevaal er både tidkrevjande og dyrt for oss som bur utabys, seier Tuen, som presiserer at han er heldig som har anledning til å reise.
– Eg er tilsett på ein flott arbeidsplass der eg får fri når eg ønskjer, men til gjengjeld jobbar eg ekstra når eg er heime.

Tomas har ikkje gått glipp av ein einaste offisiell landskamp sidan 2023, sjølv om han bur langt vekke.
Foto: Privat
– Eg forstår at kampane blir spelte i hovudstaden, men billettsystemet til NFF kunne vore lagt opp med «bonuspoeng» for folk som kjem langvegs frå, seier han.
22.000 søknadar
Søknadsrunden for både gruppespelet og sluttkampar tok slutt i januar. Totalt fekk NFF over 22.000 søknader til ei kvote på i underkant av 12.600 billettar i gruppespelet.
Over 2000 gullmedlemmer sikra seg også billettar til sluttspelet på dette tidspunktet.
– Poengsystemet blei lagt til grunn for den opphavlege tildelinga i februar i år. Då fekk dei med flest poeng som søkte om billettar tildelt i den kategorien de søkte på, seier Anne-Lise Johnsen Robb, leder for marknadsføring og vekst i NFF.
– Vi såg at mange av dei medlemmane med flest poeng søkte på Entry Tier-billettane. Dessverre var det fleire av dei som ikkje fullførte sine kjøp, og billettane blei så returnert til oss. Det er eit fåtal antal billettar som nå er tilgjengeleg for sluttspelkampane, seier ho vidare.
Entry Tier-billettar som blir returnerte, får supporterar moglegheit til å kjøpe frå NFF. Dette skjer gjennom eit tilfeldig lotteri.
Einaste objektive parameter
– Kjøpshistorikk er per dags dato det einaste objektive parameterar NFF har å forhalde seg til, seier Tuen, som forstår ordninga.
Han meiner likevel det er mogleg å legge til rette for eit meir rettferdig system.

Det har vore rift om billettane til meisterskapen. NFF fekk over 22 000 søknader til ein kvote på under 12 600 billettar til kampane.
Foto: Reuters
– Ved å endre litt i billettsystem, kanskje kople opp mot BankID, så kunne dei fått med bustadadresse. Då kunne ein lagt inn eitt nytt system der dei med lang reiseveg kanskje får kompensert, til dømes i poeng, for den ekstra tida og pengane som blir investert for å følge landslaget, seier han.
– Det forslaget er ikkje veldig innovativt, men det bør bli tatt med i ein runde inn mot neste meisterskap på korleis ting kan gjerast betre, seier Tuen vidare.
Johnsen Robb i NFF peiker på at nesten alle med poeng som søkte om billettar fekk tilbodet om å kjøpe billettar.
– Så skal vi alltid evaluere og lære av korleis vi løyser ulike oppgåver. Dette har vore det første billettsalet vårt inn mot ein herremeisterskap på 28 år, og trykket har vore enormt, seier ho.
46.500 kroner
Det er likevel ikkje umogleg å skaffe seg billettar til kvartfinalen, men det vil truleg koste deg dyrt.
Eit kjapt søk onsdag viser at billettar til kvartfinalen gjennom FIFA sin offisielle plattform kostar 4750 dollar. Det svarar til dryge 46.500 norske kroner.
Det er også mogleg å skaffe billettar gjennom FIFAs system for vidaresal, eller andre plattformer som driv med vidaresal av billettar.

Noreg speler kvartfinale mot England på søndag, men for mange supporterar har det vist seg å bli både vanskeleg og ekstremt dyrt å skaffe billettar til kampen.
Foto: Privat
Tuen har så langt ikkje klart å skaffe seg billett til kvartfinalen mot England på laurdag, og har ikkje vunne fram i lotteriet til NFF.
– Når det gjeld sluttspelet, har NFF hatt tilfeldig trekking blant alle som melder si interesse. Det kan då gjelde både Ola Normann som aldri har sett ein landskamp i sitt liv, og den mest ihuga supporteren.
Tuen seier at han har inntrykk av at fleire som har vunne i lotteri sel billettane sine vidare.
– Det har gitt ei sinnssjuk skeiv fordeling viss majoriteten sit heime, kjøper billettar til 600 kroner, og sel vidare til nordmenn som er på tur for 15.-30.000 utan å ha interesse av å reise sjølv.
– Det kjennest litt urettferdig.
Publisert


