
Time kommune sende laurdag ut nabovarsel til sine innbyggjarar i Bryne.
«I dag spelar ein jærbu fotballkamp i USA», startar meldinga med, etterfølgt av ei åtvaring om at det kan kome ekstra lys og støy frå Bryne stadion i kveld.
Der har kommunen invitert til visning av kvartfinalen mellom Noreg og England.
– Dette er ein historisk kveld, og vi måtte uansett sende ut varsel til naboane til Bryne stadion, og då tenkte vi at vi like gjerne kunne gjere det på ein litt humoristisk måte, seier verksemdleiar for kultur, næring og kommunikasjon i Time kommune, Odd Ivar Nese.


