– Eg hugsar ikkje når eg sprang NM sist. Det må vel vere Sandnes? Det begynner å bli nokre år sidan, men eg gleder meg.
NRK møter Ingebrigtsen i Trondheim, der han deltar i friidrett-NM for første gong sidan 2024.
Den gongen blei det 11.-plass på 1500 meter og DNF på 5000-meteren.
I så måte har NM i Trondheim så langt vore ein opptur, med NM-sølv på 5000 meter torsdag.
– Det kjennest greitt ut, men eg mangla det siste giret. Absolutt godkjent, seier Ingebrigtsen til NRK etter 5000-meteren.

KNYTER LISSENE: Filip Ingebrigtsen har henta fram piggskoa og er klar for NM.
Foto: Terje Haugnes / NRK
Offensiv – medalje som gjeld
Det har blitt få teljande resultat for Sandnes-løparen dei siste åra, og enda færre av dei gode.
Det har nesten vore vanlegare å sjå bokstavar (DNS eller DNF) enn tal bak namnet hans på resultatlistene.
– Eg kjenner eg har trena bra og hatt god kontinuitet, og så har eg vore litt uheldig med tidspunkta på sjukdom, som har gjort at eg ikkje har fått sprunge så mange løp som eg hadde planlagt, seier han.
– Det er alltid kjedeleg. Men det er det som har vore problemet det siste året, å få konkurrert nok eigentleg. Ein treng å trene på det òg, ein treng å få litt kontinuitet i konkurranse og ikkje berre trening.
Når han blir spurd om målsetting, er han likevel tydeleg på at han har klare planar om å hevde seg i toppen under NM.
– Det er jo å kjempe om medaljar. Det er det som gjeld. Og så hadde det vore gøy å springe fort òg, seier Ingebrigtsen.
Fredag ventar forsøk på 1500, før ein eventuell finale og nye medaljemoglegheiter ventar laurdag.

FRAMOVERLENT: Trass i manglande resultat dei siste åra ønskjer Ingebrigtsen å hevde seg i toppen under NM.
Foto: Terje Haugnes / NRK
– Ei form for sjølvbedrag
Om under tre veker er det EM i Birmingham.
Det går høgst sannsynleg utan Ingebrigtsen.
– Eg trur ikkje det er realistisk uansett å kvalifisere seg med dei to førre resultata eg har, seier han om EM-moglegheitene.
– Kor lenge vil vi sjå deg satse på øvste nivå?
– Det kan vel allereie diskuterast om eg satsar på øvste nivå. Når du er skadd, då blir du veldig fort demotivert, då er det ikkje så gøy.

ÆRLEG: Ingebrigtsen opnar seg opp om korleis dei siste sesongane har vore, og om han nokon gong vil vere tilbake på toppnivå.
Foto: Terje Haugnes / NRK
– Så lenge eg ikkje har vondt nokon plass og får trena, utan at det har veldig store hindringar fysisk, så kan det bli nokre år til. Men det er jo ikkje nokon garanti for det.
– Kva gjer det med deg mentalt, mangel på resultat? Er det ikkje irriterande?
– Jo, for så vidt, men det er jo den daglege treninga det er mest av. Det gir eit lite håp og ein gneiste heile vegen, når du har gode økter.
– Toppidrett er jo ei form for sjølvbedrag, eigentleg. Du må ha trua på at du skal få til noko veldig lenge før du faktisk gjer det.
Rodal: – Langt bak det nivået akkurat nå
NRKs friidrettsekspert, Vebjørn Rodal, trur det skal ein del til før vi ser Filip Ingebrigtsen hevde seg heilt i toppen.
– Då må det skje ganske mykje, svarer han på spørsmål om kor sannsynleg det er at vi ser Ingebrigtsen tilbake i godt gammalt slag.
– Han må få tilbake kontinuitet i treningsarbeidet sitt. Han må få mange veker, mange månader, kanskje heilt opp i år med kontinuitet i treninga, før han hentar tilbake eit nivå som tar han inn i nokon global meisterskap, med noko særleg moglegheit til å hevde seg, seier Rodal vidare.
– For han er langt bak det nivået akkurat no.

LANG VEG: Vebjørn Rodal meiner det er ein lang veg tilbake for Filip Ingebrigtsen.
Foto: NTB
– Er du overraska over at han framleis satsar?
– Ja, det går an å ha veldig fine liv utanfor idretten òg, men han har jo ei litt todelt rolle no, seier Rodal.
Ingebrigtsen er nemleg tydeleg på at trenarrolla han har overfor blant anna veslebror Jakob og 800-meterløpar Tobias Grønstad har vore viktig for å behalde motivasjonen.
– Det siste året så har vi hatt ei litt større gruppe med utøvarar som er veldig motiverte, unge og talentfulle. Det er veldig inspirerande, seier Ingebrigtsen.
Rodal vil likevel gi skryt til den tidlegare europameisteren for at han har halde ut i motgangen, og framleis satsar.
– Men det er jo livet hans det her, då. Det ser ut som han har det fint i det miljøet han opererer. Det er jo prisverdig at han orkar å halde på framleis.
Publisert
Oppdatert


