For å løyse floka har tollarutdanninga ved Universitetet i Stavanger sett av eigne studieplassar med forplikting om å ha praksis i nord.
Sigve Tronstad Jacobsen frå Tromsø er ein av dei som søkte og kom inn.
– Eg hadde høyrt at veldig mange vil halde seg i Sør-Noreg og ikkje har lyst til å reise nordover. Og eg tenkte at det kunne vere ein betre moglegheit for å kome inn.
– Det var ei stor lette. Ein vert jo kjempeglad for å kome inn på noko når ein har prøvd på det lenge, seier Jacobsen som har søkt på tollarutdanninga fleire gonger før.
Han trur praksisperioden kan freiste han til å bli verande i nord, etter at studiet i Stavanger er fullført.
– Det kan det fort gjere, dersom eg også får gode jobbtilbod der oppe. Ein får jo sletta studielån, som er ganske bra. Og så er det veldig fin natur i nord.

Sigve Tronstad skal begynne å studere til å bli tollar til hausten.
Foto: Simon Tronstad / Copyright 2021. All rights reserved.
Trur det kan bli nødvendig med hardare grep
Tom Olsen, områdesjef i Tolletatens område nord åtvarar om at rekrutteringsproblemet kan gjere det utfordrande å oppretthalde det lovpålagde vernet av grensene og ha personell til stades i heile opningstida.
– Vi slit veldig med å rekruttere, spesielt i Aust-Finnmark. Vi har ikkje fått nok søkjarar til dei ledige stillingane våre, seier han.
Tollsjefen i nord erfarer at yngre tilsette byter jobb oftare enn før. Mange som flyttar nordover utan å ha lokal tilknyting, endar med å søkje seg tilbake til meir sentrale strøk etter ei tid.
– For folk som ikkje er frå området og er vande til å bu og leve under slike forhold, blir det jo ein stor overgang dersom du kjem frå ein sentral storby.
Han håpar dei øyremerkte studieplassane vil hjelpe på rekrutteringa i nord, men trur også at det kan bli nødvendig med hardare grep.
Han viser til korleis politiet prøver å løyse si rekrutteringsfloke i nord med økonomiske insentiv og eit desentralisert utdanningsalternativ i Alta.
– Det gjer at søkjarar frå Finnmark for eksempel kan søkje seg til utdanninga og ikkje treng å reise ut av landsdelen. Det er ikkje utenkeleg at også vi i Tolletaten må sjå på om det kan vere ein måte å løyse utfordringa på, seier Olsen.

HR- og organisasjonsdirektør i Tolletaten, Gunhild Løkkevol.
Foto: Bård Gudim / Tolletaten
Vil ikkje kalle det ei krise
Kvotering av nordlendingar kan også bli aktuelt, seier HR- og organisasjonsdirektør i Tolletaten, Gunhild Løkkevol.
– Vi får sjå på om ordninga med praksis i nord held, eller om vi må arbeide for å få ei eigna kvote for studentar med bustadadresse i nord.
Løkkevol seier dei har vurdert eiga tollutdanning i nord, men at dei først må sjå an korleis det fungerer med forplikting til praksis i nord.
– Vi har vore i dialog med Universitetet i Stavanger om det er mogleg å ha eit studium også i nord, enten i Alta eller i Tromsø. Men så langt har vi berre sett på moglegheitene, seier ho.
– Er utfordringane med å rekruttere tollarar i Nord-Noreg ei krise?
– Eg vil ikkje seie at det er krise, for vi har også noko som heiter intensiv tollfagleg opplæring. Det er eit seks månaders løp internt som «backup» for det vi ikkje klarer å fylle på med av studentar. Men dette er ei utfordring, ja.
Publisert


