Etterspurnaden er veldig stor, fortel butikksjef Ann Iren Ravndal ved Ringo Maxi Sandnes.

Ann Iran Ravndal kan ikkje vise fram solformørkingsbriller.
Foto: Sivert Sandvik Eldøen / NRK
– Vi fekk inn nye briller på fredag og var tomme igjen på laurdag. Og i dag ringjer telefonen heile tida. Kvart femte eller tiande minutt, seier ho. Ho tek telefonen om ho kan, men kan ikkje hjelpe.
Då NRK spør om dei kan vise fram eit par, så har dei ikkje ein gong det.
Fleire andre stader seier også at dei er tomme for briller som gjev vern mot sola.
Største solformørkinga sidan 2015
– Det blir superspennande, eg gler meg til å vere med på dette!
Lærar og vitenformidlar Eli Kristin Nordtømme tek innover seg sola medan ho ruslar gjennom Atlanterhavsparken i Ålesund.
Der legg dei opp til fullt hus, for det er nemleg to heilt spesielle ting som skal skje:
- Den største solformørkinga på elleve år.
- Meteorsvermen Perseidene som byr på over hundre stjerneskot i timen.
Lenger ned i saka får du ei oversikt over kva tidspunkt solformørkinga skjer, avhengig av kvar du er.

Eli Kristin Nordtømme har solformørkingsbriller klare.
Foto: Fride Kvamsøe Rekdal / NRK
Opptil 90 prosent av sola forsvinn
Den største av dei to hendingane er solformørkinga, som vil vere synleg i store delar av landet mellom klokka 18:29 og 20:53 onsdag kveld, avhengig av kvar ein er.
Ein kan skilje mellom ei total solformørking, der heile sola blir dekt av månen, og ei partiell (delvis) solformørking, der delar av sola blir dekt av månen.

Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard fortel at ein i Noreg kan sjå ei delvis solformørking, og den vil dekkje mellom 81 og 91 prosent av sola, avhengig av kvar ein er.
Men skyar og dårleg vêr kan prega sikta og du får ei oversikt over vêrforholda lenger ned i saka.
Dette blir det største solformørkinga sidan den totale solformørkinga i 2015.
Meteorsverm same kveld
Det er ikkje berre solformørking som kan imponere i kveld.
Når sola har senka seg, vil nemleg meteorsvermen Perseidene vise seg gjennom kvelden og utover natta.
– Då kjem opptil 100–120 stjerneskot i timen, seier Røed Ødegaard.

Perseidene sett frå Ungarn i 2023.
Foto: Peter Komka / MTI,NTB
Han fortel at meteorsvermen blir lettast å sjå sør for Midt-Noreg fordi det er for lyst i nord.
– Meteorsvermen startar i 23- tida, då er det er mørk nok himmel. Han held fram til det byrjar å lysne.
– To slike himmelfenomen på få timar er ganske spesielt. Det går nok fleire tusen år før ein kan oppleve noko slik igjen.

Knut Jørgen Røed Ødegaard under solformørkinga i 2008.
Foto: NTB scanpix
Ikkje gløym å beskytte auga
Astrofysikaren har sett fleire solformørkingar gjennom livet, og minner om at ein aldri skal sjå direkte på sola.
– Det enklaste for folk flest er nok solformørkingsbriller. Då kan ein sjå rett på sola utan at det er farleg. Under maksimal fase vil sola sjå ut som ein gul banan.
Kristian Dahlø er augelege ved Oslo universitetssjukehus, og forklarer at ein kan få varige skader ved å sjå direkte på sola. Han rår folk til å bruke godkjente solformørkingsbiller.
– Vanlege solbriller eller sveisebriller gir ikkje tilstrekkeleg beskyttelse, seier han.
Viss ein ikkje har solformørkingsbriller, kan ein alternativt lage ein solkikkert, sjå video her:
Norsk Romsenter har laga ein video som viser korleis du kan sjå på solformørkinga utan å skade auga.
Best vêr i sør
Røed Ødegaard har sjølv planlagt å dra til Ålesund for å observere formørkinga, og det er ikkje tilfeldig.
Langs vestkysten skulle det nemleg vore optimale forhold for å så med seg solformørkinga, men no kan det hende at vêret øydelegg den gode stemninga.
– Det kan komme litt nedbør i Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag, seier meteorolog Sigrid Marie Vildskog Auganes.
Ho forklarer at Troms og Finnmark vil få dei dårlegaste forholda, og at vêrvinnarane er i sør.
-
Solformørking sett frå Longyearbyen i 2015. Her var solformørkinga total, det vil seie at 100 prosent av sola blei dekt.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
-
Solformørking sett frå Tromsø i 2022, der var 56 prosent av sola dekt på det meste.
Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB
-
Solformørking sett frå Oslo i 2008. Her var 39 prosent av sola dekt.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
– Det blir nok best å sjå solformørkinga jo lenger sør ein kjem. Det er størst sannsyn lengst sør i Rogaland og i Agder, men det er også nokre stader langs kysten på Austlandet der ein kan få eit gløtt.
Trass i dårleg vêr, skal dei tilsette ved Atlanterhavsparken i Ålesund arrangere ein astronomisk aftan for store og små. Der skal Røed Ødegaard halde foredrag.
– Det er første gongen vi arrangerer noko sånt, og «nørdehjartet» mitt blir sprengd av at Røed Ødegaard skal halde foredrag, seier lærar Eli Kristin Nordtømme smilande.
Har du bilde eller video av solformørkinga? Send dei til oss her!
Alt du må vite om solformørkinga 12. august 2026. I Spania, på Island og Grønland er den total, men også vi kan oppleve det fascinerande fenomenet.
Publisert
Oppdatert


