
Frå midnatt blei dei vanlege avgiftene på bensin og diesel gjenninnført her til lands.
Auken blir på 4,71 kroner per liter for bensin og 4,51 kroner per liter for diesel, opplyser bransjeforeningen Drivkraft Norge til NTB.
Ved Esso-stasjonen på Jørpeland i Ryfylke var bensiprisen 22,27 kroner og dieselprisen 25,35 då NRK stakk innom litt over klokka 6.
Kort tid etterpå blei prisane skrudd opp til 27,27 for bensin og 28,49 for diesel.
Ifølge innehavarane av Esso-stasjonen skal dieselprisen opp til 30 kroner neste veke.
– Det blir vel høgt. Avgiftene tar jo eigentleg knekken på oss vanlege forbrukarar, seier Arild Børkja som køyrer dieselbil.
I morgontimane møtte bilistane følgjande prisar på Esso Sogn i Oslo.
- Bensin: 27,56 kroner per liter.
- Diesel: 29,25 per liter.
Prisane har også auka kraftig i fleire norske byar, viser drivstoffprisene.no. Tenesta bruker tal som blir sende inn av brukarar.
Vegbruksavgiftapå drivstoff blei kutta 1. april etter at Sp, Høgre, Frp og KrF sikra fleirtal og overstyrte Ap-regjeringa..
Senterpartiet og Frp ønska å forlenga avgiftskuttet, men fekk ikkje fleirtal for dette.
Publisert
Oppdatert


