Etter å ha stupt i mål til ein 4.-plass i finalen i Brussel gjekk Jakob Ingebrigtsen i strupen på sine konkurrentar.
– Fy faen, for ein gjeng med taparar eg spring mot. Eg taper, eg er ikkje god nok. Eg gir det eit ærleg forsøk og spring for å vinne, men eg er ikkje sterk nok. Det er litt sånn det er no, men fy faen for ein gjeng med taparar, small det frå 25-åringen etter målgang.
– Kva meiner du?
– Nei, dei sit berre og ventar og er livredde heile gjengen. Eg gler meg så sinnssjukt til eg kjem tilbake om nokon månader. Då skal eg springe fletta av alle.
25-åringen starta offensivt under finalen på fredagens 1500 meter i den belgiske hovudstaden og la seg i ryggen på haren.

I FRONT: Ingebrigtsen leia store delar av 1500-meteren under Diamond League-finalen i Brussel, men klarte ikkje å halde av for konkurrentane dei siste 50 meterane.
Foto: JOHN THYS / AFP,NTB
– Den mest offensive starten vi har sett frå Ingebrigtsen etter comebacket, sa Jann Post på NRK si sending frå finalen i Brussel.
Men mot slutten klarte ikkje nordmannen å halde oppe tempoet og måtte sjå konkurrentane passere han dei siste 50 meter.
25-åringen stupte til slutt i mål til ein 4.-plass bak Phanuel Koech frå Kenya, Ethan Strand frå USA og vinnar Cameron Myers frå Australia.
Ingebrigtsen sitt resultat var sesongbeste på distansen med 3.30,52. Cameron Myers frå Australia vant på tida 3.30,14.
Men måten dei vann på imponerte ikkje Ingebrigtsen.
– Nivået er som det er, men eg synest det er gøy om folk utfordrar meg når eg er i front. At folk gir det eit ærleg forsøk og gønnar på, og det er ikkje eit snev av det.
– No kan eg ikkje snakke meg sjølv opp akkurat i dag, men «Jesus» for ein gjeng. Haren gjer ein dritdårleg jobb føre meg. Dei andre er mykje betre enn meg akkurat no, men herregud. Så kjem dei liksom når det er 50 meter igjen, sukkar ein oppgitt Ingebrigtsen.
Og etter kveldens finale i Brussel kjem nordmannen med ei åtvaring til sine konkurrentar.

NÅDELAUS: Jakob Ingebrigtsen gjekk rett i strupen på sine konkurrentar i NRK-intervjuet etter finalen på 1500 meter i Brussel.
Foto: Ida Nysæter Rasch / NRK
– Det er ikkje noko som motiverer meg meir enn å springe mot denne gjengen her og sjå at; Viss eg berre gjer det eg skal og får gjort det eg skal, skjerpe meg og ta meg saman – så kan eg f*** meg springe i ring rundt dei, smiler Ingebrigtsen.
Overraske over reaksjonen til Ingebrigtsen
Friidrettsekspert i NRK Vebjørn Rodal er lettare sjokkert over utblåsinga Ingebrigtsen serverar mot sin konkurrentar.
– Vanlegvis vant til å sjå løparar i den situasjonen at du er positiv og overvelda, og boblar over av entusiasme etter å ha kome i mål og gjort eit ok resultat.

OVERRASKA: NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal hadde ikkje venta ein så hard utblåsing frå Ingebrigtsen etter Diamond League-finalen.
Foto: NTB
Det var det stikk motsette av det han såg av Ingebrigtsen fredag kveld.
– Han er sint på seg sjølv. Han er sint på alle andre. Karakterisere sine konkurrentar litt nedsettande, syns eg.
Rodal kallar dette for unødvendig og er ikkje samd i utspelet til 25-åringen frå Sandnes.
– Det er fleire der som gjere taktisk gode løp. Dei spring ikkje for ei sluttid. Dei spring for ganske heftige pengepremiar og løyse jobben sin eigentleg godt.
Han siktar spesielt til Phanuel Kipkosgei Koech som gjere eit godt oppløp og ikkje minst ungguten Cameron Myers på 20 år som vinn finalen i Brussel.
– Eg synst kanskje det hadde vore fair å gi dei to litt skryt i staden for å rakke ned på alt og alle etter det løpet her.

VILLE VINNE: I dag handla det om å vinne, seier Timothy Cheruiyot til NRK.
Foto: VALERY HACHE
Kenyanske Timothy Cheruiyot som kom i mål på ein 6.-plass delar ikkje påstandane frå nordmannen.
– I dag handla det om at alle ville springe smart. Alle ville vinne trofeet, så alle venta. Jakob følgde. Eg likar Jakob. Han er ein sterk kar så han kan gå og gå. Han har kome seg bra etter skaden i akillesen, så han vil bli sterk igjen, svarar han til NRK.
Tok gull i comebacket
25-åringen frå Sandnes gjorde comeback på løpebana under EM i Birmingham tidleg i august, der han tok gull på 5000 meter.
Før kveldens finale i Brussel har han konkurrert på 1500 meter berre to gonger i år.
Under Diamond League i Silesia 23. august enda han på ein 4.-plass. Under stemnet i Zürich førre veke sprang han inn til ein 5.-plass.

GULL: Jakob Asserson Ingebrigtsen sprang inn til gull på 5000 meter under EM i Birmingham tidlegare i august.
Foto: AP
– Eg stiller på startstreken fordi eg elskar å konkurrere. Dei siste resultata på 1500 meter syner at det ikkje finst nokon snarveg til suksess med vår treningsfilosofi, men om eg er 100 prosent frisk så vil eg alltid stille opp. Sjølv om eg ikkje er 100 prosent i form (enno), skreiv han sjølv på Instagram før finalehelga i Diamond League.
Ingebrigtsen hadde ein pause frå konkurransar frå VM i september i fjor til EM i august i år. I perioden gjekk han blant anna gjennom ein akillesoperasjon i vinter.
Han har lagt opp til eit tøft haustprogram. Planen til Ingebrigtsen er å springen anten 1500 eller 5000 meter under World Athletics Ultimate Championship i Budapest neste helg.
Planen er også å delta i VM i gateløp i København 19. september.
Publisert
Oppdatert


