– Det blir ei våt helg, konstaterer meteorolog Halldis Berge.
NVE har derfor sendt ut oransje farevarsel for skred frå laurdag til søndag morgon.
Det gjeld for Vestland og delar av Rogaland. I deler av Møre og Romsdal er farevarselet på gult nivå.
Ifølge varselet kjem opptil 60–80 millimeter regn over store deler av Vestlandet. Enkelte stadar kan det komme opptil 100 millimeter med lokal nedbør.
– Det er venta mest regn i midtre strøk, seier Berge.

Statsmeteorologen melder om ruskete haustvêr. Her frå eit tidlegare høve.
Foto: Sissel Rikheim
Vestlendingane må huske å knyte sydvesten under haka, for vindfullt blir det òg.
Periodevis er det meldt sterk kuling frå vest. Dermed er alle ingrediensar på plass for ei skikkeleg hustrig hausthelg.
Har vegfolk på jobb
Eit oransje farevarsel for skred inneber at NVE ventar fleire skredhendingar, der nokre kan få store konsekvensar.
Stikkrenner, kummar og andre vassvegar bør reinskast for kvist og kvast, ifølge fagfolka.
I trafikken kan vêret by på ymse trøbbel.
– Det vil heilt sikkert bli mykje overflatevatn og ligge stein og greiner i vegbana, seier Eivind Yttri, seksjonsleiar for veg i Vestland fylkeskommune.

På Nordfjordeid plaskar det godt fredag ettermiddag.
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK
Veg stengd i Sunnfjord
Allereie før uveret slår til, har fylkeskommunen stengd ein veg, fylkesveg 609 ved Heilevang i Sunnfjord. Årsaka er fare for steinsprang. Vegen blir stengd fredag klokka 20.
Fylkeskommunen reknar med å opne vegen måndag klokka 8, trass i at vêret skal roe seg på søndag. Då blir farevarselet for skred nedjustert til gult nivå.
– Vi skal ha statusmøte heile helga, og entreprenørane har folk på jobb, seier Yttri.
I aust og sør kan det òg bli vindfullt, men mange stader blir det passeleg ver for å rydde inn hagemøblane. Nord-Norge får ei flott helg.
Publisert
Oppdatert


