Austad Diagnostikk driv privatklinikkar 15 stader i landet og hadde i fjor ei omsetning på nesten 75 millionar.
Tusenvis av nordmenn kjøper «helsesjekk» frå selskapet kvart år sjølv om dei ikkje har konkrete plagar.
Men kjeda har tidlegare fått kritikk frå fleire aktørar i det offentlege helsevesenet fordi dei undersøkjer friske folk med ultralyd i stor stil. Legeforeininga har uttalt at selskapet utnyttar folk med helseangst.
No slår Helsetilsynet fast at kjeda bryt lova på sentrale punkt:
- Brot på forsvarlegheitskravet i spesialisthelsetenesten
- Brot på helsepersonellova om ressursbruk, informasjon til pasientar/pårørande og marknadsføring
- Helsetilsynet konkluderer også med at Austad Diagnostikk ikkje har godkjenningar til å drive laboratorie- og røntgenverksemd

Det er tusenvis av nordmenn som går til Austad Diagnostikk kvart år for å bli undersøkte med ultralyd.
Foto: Espen Bierud / NRK
Helsetilsynet har det overordna faglege tilsynet med helse- og omsorgstenesta i landet, og har no gitt selskapet frist til 1. november med å gjere greie for korleis dei vil rette opp i lovbrota og endre marknadsføringa si.
Dagleg leiar Gunnar Austad seier til NRK at han nettopp har fått konklusjonen, og vil lese det nøye før han kommenterer.
Han har tidlegare avvist kritikken, og mellom anna uttalt at behandlinga dei driv er svært viktig for pasientane.

Austad Diagnostikk sel helsesjekkar til tusenvis av nordmenn.
Foto: Espen Bierud / NRK
Hevdar pasientar er påført unødvendige utgifter
Ein sentral del av forretningsmodellen til Austad Diagnostikk er å selje ultralydundersøkingar i form av «helsesjekk», som dei reklamerer for på sosiale medium.
Undersøkingane kostar mellom 2990,- og 4890,- kroner.
Allereie før Helsetilsynet starta formell gransking, uttalte leiinga i tilsynet at dei er svært kritiske til at friske personar blir undersøkte med ultralyd utan at dei har plagar, symptom eller sjukdom.

Statens helsetilsyn meiner Austad Diagnostikk går for langt i å love ei individuell vurdering av kvar enkelt pasient. Dette er frå nettsidene til selskapet.
Faksimile: NRK
Etter å ha granska selskapet og mellom anna studert nesten 200 pasientjournalar, slår Helsetilsynet fast at praksisen ikkje er i tråd med god medisinsk praksis eller gjeldande tilrådingar:
«Når Austad Diagnostikk tilbyr helsesjekk med ultralyd der det gis inntrykk av at undersøkelsen er en helsesjekk med forebyggende effekt, påføres pasienter unødvendig utgift og unødvendig tidsbruk. Vi har videre merket oss at det har blitt gjennomført helsesjekk med ultralyd av flere pasienter, der ultralyd ikke var egnet til å utrede pasientens symptomer og plager, og der pasienten burde blitt informert om dette», heiter det i konklusjonen som direktør Sjur Lehmann i Helsetilsynet har signert.

Direktør Sjur Lehmann i Statens helsetilsyn har signert det 25 siders lange brevet som no har pålagt Austad Diagnostikk å endre praksisen og marknadsføringa si.
Foto: Kari Jeppestøl Arntzen / NRK
Vidare:
«Statens helsetilsyn har kommet til at Austad Diagnostikks praksis ved helsesjekk ultralyd samlet sett innebærer vesentlige avvik fra god medisinsk praksis. Avviket fra god praksis vurderes samlet sett som så stort at det anses som uforsvarlig, jf. spesialisthelsetjenesteloven § 2-2, jf. helsepersonelloven §§ 16 og 4.»
Helsetilsynet har også undersøkt om journalføringa til selskapet er i tråd med lovverket og om dei legg til rette for at epikriser blir sendt til relevante mottakarar. Tilsynet har konkludret med at dette skjer i tråd med lovverket.

Helsetilsynet har granska saka mot Austad Diagnostikk.
Foto: Mathea Hallingstad Laugen / NRK
Har bedt om gransking i lang tid
Kommuneoverlege Cato Innerdal i Molde har i fleire år vore kritisk til selskapet og har fleire gonger bedt om at det blir starta gransking.
Han meiner forretningsmodellen til firmaet fører til eit unødvendig press på det offentlege helsevesenet om å følgje opp mange ufarlege funn.
Han er fornøgd med at Statens helsetilsyn har konkludert.

Kommuneoverlege Cato Innerdal i Molde har kjempa i årevis for at Helsetilsynet skulle sjå på praksisen til selskapet.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRK
– Eg meiner det er bra at vi no har fått ei tydeleg avklaring frå Statens helsetilsyn. Dette er ei omfattande og grundig vurdering som konkluderer med fleire lovbrot. Det viktigaste er ikkje at nokon blir «felt», men at pasientane kan vere trygge på at helsetenester som blir tilbydd i Noreg er fagleg forsvarlege og byggjer på dokumentert nytte, seier Innerdal.
Han trur avgjerda kjem til å få konsevensar også for andre verksemder.
– Avgjerda vil truleg få noko å seie for alle verksemder som tilbyr liknande helsesjekkar. Den sender eit tydeleg signal om at helsetenester må ha eit solid fagleg grunnlag, at pasientane skal få korrekt informasjon, og at marknadsføringa må vere sakleg og balansert.
Publisert
Oppdatert


