Samlinga starta på strålande vis for Ståle Solbakken. Alle spelarane kom seg nokolunde heilskinna frå kampen mot Danmark, der dei stakk av med ein 3–2-siger og tre viktige poeng i Nasjonsligaen.
Mot Portugal blei det likevel eit surt 1–2-tap på eige gras, og i tillegg sleit nokre spelarar med kroppen. Både Martin Ødegaard og Julian Ryerson var i tydelege smerter etter kampen, og det er foreløpig usikkert om dei blir klare til Wales-kampen torsdag.
Haaland verka ikkje å vere skadd, men han har spelt begge kampane i Nasjonsligaen. Nå meiner NRK sin fotballekspert Kristoffer Løkberg at tida kan vere inne for å ta grep.
– Eg trur han er freista til å benke Haaland. Jørgen Strand Larsen er ein god Premier League-spiss som kan gjere ein god jobb mot Wales. Det ville vore «jackpot» å vinne mot Wales og samtidig ha kvilt Haaland til Portugal-kampen. Eg er heilt sikker på at Solbakken leikar med den tanken, seier Løkberg.

ØNSKER BENKING: NRK sin fotballekspert Kristoffer Løkberg trur Ståle Solbakken leikar med tanken om å benke Erling Braut Haaland.
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK
– Ekstremt vanskeleg
Med ei intens kamprekke og tøffe duellar i beina, meiner Løkberg at argumentet for å rullere på spissplassen er sterkt.
– Eg ville sett han på benken, fordi eg trur Strand Larsen har det som skal til. Han har friske bein og gir ny energi. Og da får Haaland kvile og er klar til potensielt den siste halvtimen, eller i beste fall blir han sittande på benken og blir spart heilt til kampen mot Portugal, meiner eksperten.
Samtidig peikar Løkberg på at fråværet av andre nøkkelspelarar gjer avgjerda ekstra vrien for landslagssjefen.
– Det er mange omsyn å ta. Om du vil kvile Haaland – tør du å gjere det om du manglar Martin Ødegaard? Viss Ødegaard er klar, er det kanskje lettare å sette Haaland på benken. Men manglar ein han, korleis kan ein ta av si andre store stjerne og leiar? Det er ekstremt vanskeleg, påpeikar han.
Landslagssjef Ståle Solbakken legg ikkje skjul på at oppgjera har kosta krefter.
– Eg synest han heldt bra. Han var farleg til det siste, men det var ein ekstrem kamp med intensitet og duellar. Nokre av dei duellane med Dias og Veiga var kraftfulle, seier Solbakken.

STJERNE: Erling Braut Haaland og Ståle Solbakken tar ein prat etter kampen mot Portugal.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
– Blir ikkje eit Frankrike-lag
Landslagssjefen avviser likevel at det ligg an til massebyte i startoppstillinga mot Wales.
– Det har eg ikkje tenkt på. No er det press på kampen i Wales. Det blir ikkje eit Frankrike-lag, slår han fast.
– Erling, om nokon, er jo van med eit tøft kampprogram. Han er ein meister i restitusjon og i å skru av og på igjen. Det vil ikkje overraske meg om han kjem med fulle batteri før torsdagen òg, seier spelaransvarleg Brede Hangeland.

Brede Hangeland på ein pressekonferanse tysdag.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Midtbanekrigar Patrick Berg er ein av dei som helst ikkje vil kvile.
– Eg trur spesielt for Erling, som har ein stor kropp og som er mykje i tøffe duellar gjennom 90 minutt, så trur eg han kan kjenne belastninga på ein annan måte enn det eg gjer. Eg er ganske mykje mindre og lettare, og kjem meg sånn sett ganske mykje kjappare, vil eg tru, seier han til NRK.
– Eg skjønar kva han (Løkberg) tenkjer. Men sjølvsagt, viss vi reiser til Wales og tenkjer at det blir ein enkel kamp og vi skal byrje å kvile alle spelarane, så trur eg vi får det tøft. For det er eit veldig godt fotballag som har ein «fight» og ei innstilling som er på eit veldig høgt nivå, legg Berg til.

Bodø/Glimt-spelar Patrick Berg.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Solbakken fornøgd
Sjølv om poengfangsten mot Portugal svikta, meiner Solbakken at laget må fortsette på den måten prestasjonsmessig.
– Totalt sett har vi spelt fotball som vi hadde håpa på før samlinga. Vi må stå i det og fortsette å spele på måten vi slår dei beste laga i verda på. Det er ikkje å barrikadere oss inn på eigen 25-meter, for det er vi ikkje laga for. Vi er laga for å skåre mål og spele eit ambisiøst pasningsspel, seier Solbakken.
Når det gjeld skadesituasjonen til Julian Ryerson, bekreftar Solbakken at det dreier seg om ein smell som slo seg opp igjen under Danmark-kampen.
– Det er ikkje så mykje å behandle, det handlar om ein kan spele med det eller ikkje, seier landslagssjefen.
Noreg møter Wales i Cardiff torsdag. Det er den tredje kampen til mannskapet i denne utgåva av Nasjonsligaen. I same landslagssamling ventar Portugal på bortebane.
- Slit du med å forstå Nasjonsligaen? Her er alt du treng å vite!
Publisert
Oppdatert


