– Viss denne dommen blir ståande, så er det jo nesten ikkje ein einaste adopsjon som vil bli godkjent i Noreg, seier Vegard Mong.
– Dei har jo i praksis lagt ned utanlandsadopsjon då dei stramma inn for to år sidan, då dei først gav desse avslaga, held han fram.

Familien frå Bjerkreim er formelt inne i ein ny runde med godkjenning for å adoptere, men etter dommen vurderer dei å gi opp prosessen.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK
I mars i fjor fekk Vegard Mong og kona vite at dei skulle bli foreldre til eit barn frå Colombia. Paret hadde då venta i fire og eit halvt års tid.
Lille julaftan kom motbeskjeden: Bufdir kunne ikkje godkjenne adopsjonen.
Ekteparet frå Bjerkreim i Rogaland, er blant fleire par som har fått stoppa adopsjonane sine av Bufdir dei siste åra.
Tre av sakene blei nyleg prøvd i tingretten, og utfallet blei ikkje det familiane eller adopsjonsorganisasjonen hadde håpa på.
Striden om Colombia-adopsjonane
Saka i tingretten handla om tre spesifikke adopsjonar frå Colombia, men også om krav Bufdir kunne stille ved framtidige adopsjonar frå Colombia til Noreg.
Colombia er i dag det einaste landet Noreg har eit adopsjonssamarbeid med, etter at det blei stramma kraftig inn i 2024 i påvente av ein granskingsrapport om utanlandsadopsjonar.
Rapporten blei lagt fram i juni, og er no sendt på høyring.
Bakgrunnen for rettssaka var ei regelendring som Colombianske myndigheiter gjorde i 2018.
Regelendringa gjorde at det no ikkje lengre var pålagt å gi biologiske foreldre personleg beskjed om den endelege høyringa og vedtaket om adopsjonen.

Saka i tingretten handla om tre spesifikke adopsjonar frå Colombia, men også om krav Bufdir kunne stille ved framtidige adopsjonar frå Colombia til Noreg.
Foto: Malene Laura Solheim / NRK
I staden innførte Colombia ein praksis der foreldre blei varsla om adopsjonen gjennom eit offentleg oppslag på eit statleg kontor.
Bufdir meinte at denne ordninga ikkje oppfylte minstekrava til rettstryggleik.
Gav staten medhald på alle punkt
Regelendringa gjaldt berre i saker der adopsjonen gjekk gjennom det colombianske barnevernet.
Adopsjonsforum argumenterte mellom anna for at barnevernsprosessen varetok foreldra sin rett til innverknad, og at dei fekk varsel ved oppstart prosessen og kunne følge saka.
Organisasjonen meinte at styresmaktene burde gjere ei individuell vurdering av barnets beste i kvar enkelt sak, framfor å stoppe adopsjonsprosessar på generelt grunnlag.
Men Oslo tingrett var ikkje einig med Adopsjonsforum. Tingretten gav staten medhald på alle punkt.
Adopsjonsforum blei også dømd til å betale 189.150 kroner i sakskostnader.
Ventar på ei politisk avgjerd
Adopsjonsforum er i dag den einaste organisasjonen som formidlar utanlandsadopsjon i Noreg. Både InorAdopt og Verdas barn la ned drifta i 2025.
Dagleg leiar Sidsel Elie Aas legg ikkje skjul på at dommen vil gjere det langt vanskelegare for dei å halde fram med adopsjonsverksemd.
– Det er framleis mogleg å adoptere frå Colombia, men det har blitt vanskelegare.
Ho seier at det no er svært få tildelingar som vil bli godkjent.
– Kravet til Bufdir føreset at Colombia må endre lovverket sitt og dei administrative retningslinjene sine, seier Aas.

Dagleg leiar Sidsel Elie Aas seier at dei no ventar på ei politisk avgjerd rundt den framtidige organiseringa av utanlandsadopsjonar.
Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK
Adopsjonsforum fekk nyleg driftstillating i eitt år til. Etter dette må han fornyast for at dei kan halde fram med å formidle adopsjonar.
Ei av tilrådinga til granskingsutvalet for utanlandsadopsjonar var nettopp å sjå nærmare på korleis ein organiserer utanlandsadopsjonar.
Eit av spørsmåla ein no skal ta stilling til, er om utanlandsadopsjonar skal organiserast gjennom organisasjonar, slik ordninga er no.
– Vi meiner at ein må vente på ei politisk avgjerd rundt den framtidige organiseringa før vi eventuelt må legge ned formidlingsverksemda vår, seier Aas.
– Kva skal til for at dei skal kunne drive vidare slik situasjonen er no?
– Dette avheng som sagt av Bufdir og om vi får eit nytt driftsløyve, og sjølvsagt antal tildelingsforslag frå Colombia til norske søkarar som møter det vilkåra Bufdir har sett i formidlingsløyvet vårt.
Har skjedd ei stor endring i feltet
Adopsjonsforum peiker på at det har skjedd ei stor endring i adopsjonsfeltet etter at granskingsutvalet blei sett ned i 2023.
– Det er rundt 300 søkefamiliar som brått har mista si moglegheit til å adoptere, utan at det har skjedd ei endring i norsk adopsjonslov, seier Aas i Adopsjonsforum.
Ho peiker på at Noreg har gått annleis fram enn andre land som har gjennomført liknande granskingar.
– Ingen andre land som har blitt granska har gjort det same. I Sverige så held ein fram med arbeidet medan granskinga gjekk føre seg i påvente av ein konklusjon, seier Aas og held fram:
– I Nederland så valde ein å fase ut i løpet av ein periode på seks år.
Talet på utanlandsadopsjonar har gått kraftig ned i Noreg dei to siste tiåra. I 2025 blei det berre gjennomført 6 adopsjonar til Noreg.
Regjeringsadvokaten: – Omsynet til barnet må komme først
Regjeringsadvokat Lotte Tvedt, som representerer Bufdir, seier ho er fornøgd med avgjerda frå tingretten:
– Det er fullt forståeleg at det kan vere vondt for potensielle adoptivforeldre som ikkje får gjennomført ein påbyrja adopsjonsprosess, seier Tvedt.

Regjeringsadvokat Lotte Tvedt, som representerer Bufdir, seier ho er fornøgd med avgjerda frå tingretten.
Foto: Malene Laura Solheim / NRK
– Colombiansk lovgiving krev i praksis at barnas biologiske familie i fleire månader må oppsøke barnevernskontoret dagleg for å undersøke om det er hengt opp oppslag om at deira barn skal vurderast for adopsjon eller er bestemt adoptert, seier Tvedt.
– Dette vil vere krevjande for alle, og spesielt for biologiske foreldre som sjølve er ressurssvake, seier ho vidare.
Har stansa adopsjonar frå fleire land enn før
Bente Therese Bekkhus, avdelingsdirektør i Bufdir, seier til NRK at dei løpande har gjort dei grepa dei har vurdert at tar ned risiko, og bidreg til å sikre det som er forsvarlegheit og rettstryggleik ved adopsjonar til Noreg.

Bente Therese Bekkhus er avdelingsdirektør i Bufdir.
Foto: Bufdir
– Rapporten frå granskingsutvalet slo fast at det utvilsamt har vore grunn til å skjerpe kontrollen med adopsjonar til Noreg, seier ho vidare.
– Er utanlandsadopsjon no i praksis lagt ned?
– Sidan 2019 har Bufdir stansa adopsjonar frå fleire land enn før, fordi vi i lys av ny kunnskap blant anna har vurdert at risikoen for lovbrot og uregelmessigheiter har vore for høg, seier Bekkhus.
– Det er mogleg å gjennomføre adopsjonar frå Colombia til Noreg i saker der biologiske foreldre har samtykt til adopsjon, og i saker med tvangsadopsjon kor grunnleggjande rettstryggleik for barnet og biologisk familie er ivareteke, held ho fram.
Ho seier vidare at korleis adopsjonssystemet skal vere i framtida, vil vere ei politisk avgjerd.
Barne- og familiedepartementet får i desse dagar høyringsinnspel på rapporten frå granskingsutvalet.
Dommen frå Oslo tingrett er ennå ikkje rettskraftig. Adopsjonsforum har ennå ikkje bestemt om dei skal anke dommen. Ankefrist er 15. oktober.
Publisert


